Utvekslingsopphaldet som 20-åring gav Vegard Tjørhom (35) nye perspektiv. Erfaringane kjem godt med når han tek til som NRKs nye Afrika-korrespondent.

– Du startar gjerne ei utveksling med å tenke at du skal bruke engasjementet ditt til å gjere ein forskjell. Så møter du verda, og skjønnar at den einaste som får noko ut av dette, er deg sjølv, seier Tjørhom.

Like før sommarferien vart det kjent at Tjørhom hadde danka ut 12 andre søkarar, og kan titulere seg som ny Afrika-korrespondent i NRK.

– Eg har fått jobbe med mykje forskjellig som har vore kjekt, men det er denne jobben som har vore målet. Og denne jobben finst det berre ein av. Det er heilt klart draumejobben, seier Tjørhom.

Vekte ei interesse

Kunnskapen om og engasjementet for det afrikanske kontinent er eigenskapar som vart trekte fram som viktige då Tjørhom vart tilsett i stillinga som korrespondent. Sjølv meiner han at han tileigna seg noko av det gjennom utvekslingsopphald i Afrika, gjennom ordninga til Norec (dåverande Fredskorpset).

– Utvekslinga gjorde meg nysgjerrig og vekte ei interesse. Menneska du møter, set spor. Samtidig får du sett ditt eige liv i perspektiv. For meg vart det starten på det eg har bygd vidare på seinare, seier Tjørhom.

Som student ved Hald internasjonale skole i Mandal var han på utveksling i slummen i Nairobi i Kenya i eit knapt halvår, før han det neste halvåret jobba i Kamerun med engelskundervisning og studentidrett på ein campus.

Budde eitt år i Mali

Alt då kjende han på lysta til å jobbe med Afrika, på ein eller annan måte. Han skjønte fort at dersom han skulle følgje ein slik plan, måtte han få dreis på franske språket.

– Eg gjorde unna nokre vekttal i fransk på Blindern, men fann til slutt ut at dersom eg skulle lære fransk skikkeleg, måtte eg gjere det i Afrika, fortel Tjørhom.

Han søkte difor som eittåring i Det Norske Misjonsselskap og enda opp i landsbyen Douentza nord i Mali. Eit opphald som gav han mykje på mange felt, berre ikkje i fransk.

– Nei, det var ikkje fransk eg lærte mest av i Mali, for der er fransknivået ganske dårleg. Men det viktigaste var kunnskapen om landet, og menneska eg møtte. Dei har sett varige spor, seier Tjørhom, og legg til at det året opna mange dører for han.

Kan gi meir grunnlag for forståing

Mellom anna har han jobba eitt år som praktikant i FN-delegasjonen i New York, vore praktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter, kommunikasjonsrådgivar i Kirkens Nødhjelp og jobba i NRK i fleire år, både på innanriks og utanriks. Korrespondent-jobben har indirekte vore eit mål langt der framme.

– Det er Afrika eg brenn for journalistisk, og å vere Afrika-korrespondent er ein veldig meiningsfylt jobb. Som korrespondent kan eg vere med på å gi meir grunnlag til å forstå, og til å fjerne ein del fordommar som nordmenn har vakse opp med, seier Tjørhom.

For nordmenn flest er vane til tradisjonell bistandskommunikasjon; gir du 200 kroner, så reddar du liv.

– Det afrikanske kontinent er langt meir komplekst enn som så. I lengda tener ikkje Afrika på at vi framstiller ting så enkelt. Det er komplekst, stort og variert, seier Tjørhom.

Vil syne det verkelege Afrika

Generell mangel på kunnskap blant folk flest fører til at mange trekker korte slutningar om situasjonen på det afrikanske kontinentet.

Tjørhom ønskjer at folk, gjennom journalistikken til NRK, får møte det verkelege Afrika, ikkje berre historier om fattigdom, krig og vald.

– Folk som berre får med seg overskriftene, tenker at Afrika er synonymt med krig og konflikt. Men det er ikkje tilfelle, seier Tjørhom.

Håpar å vere på plass i desember

Han er viss på at bakgrunnen som utvekslingsstudent for 15 år sidan, har gitt han ballast som kjem til å komme vel til nytte i den nye jobben.

– Det er ein verdi å kunne sette ting i perspektiv og få blikket litt opp. Eit utvekslingsopphald bidreg til det. Eg trur også det er sunt å ha kjent litt på å ha vore litt annleis, ikkje kjenne alle kodar, og ikkje forstå alt. For meg var det starten som eg har bygd vidare på seinare. Det gav meg sjølvinnsikt i ein fase i livet som var viktig, seier Tjørhom.

Han dreg til Nairobi i løpet av hausten for å starte på jobben, men også for å finne ut kor flyttelasset omsider skal ta vegen i 2023. For Sør-Afrika er også eit godt alternativ.

– Vi er to menn som bur saman, og det er ei utfordring at Kenya framleis har fengselsstraff for homofili, sjølv om lova blir sett på som ei sovande lov. Det er viktig at skuldrene kan senkast mellom alle slaga som korrespondent, og at både eg og sambuaren min kan kjenne oss trygge utan å kjenne på at vi må passe oss for kva vi seier og gjer heile tida, seier Tjørhom.