Visjon

Norec har over 50 års erfaring med utveksling av menneske mellom arbeidsplassar i ulike land og kulturar. Vi veit at gjennom utveksling av personell blir kunnskap utfordra, endra og skapt. Forståing og toleranse aukar. Gjennom å kurse både deltakarane og koordinatorane deira grundig før og etter utveksling, sikrar vi at kompetansen blir overført til resten av arbeidsplassen. Slik vert organisasjonen sterkare og kan levere betre tenester i sine lokalsamfunn.  Difor er dette visjonen vår:

Verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Gjennom gjensidig utveksling lærer vi kvarandre å tenke større, leve berekraftig og bygge ansvarlege lokalsamfunn.

Strategien til Norec – kort oppsummert

For strategiperioden 2019 – 2022 har Norec tre mål:

  • Stimulere til bruk av utveksling i internasjonale samarbeid.
  • Konsolidere Norec som kompetansesenter.
  • Vere ein pådrivar innan moderne arbeidsmetodar.

Under kan du laste ned heile strategien.