ID-kortet viser kvinne, medan Rishi ser ut som ein mann. Dette gjer at han ikkje får leige bustad, studere eller søke jobb. I Bangladesh har transmenn ingen rettar.

– Då eg kom ut som transmann, endra alt seg. Familien min skammar seg over kven eg er, og dei meiner eg øydelegg omdømmet deira i lokalsamfunnet. Brødrene mine presenterer meg framleis som søskenbarnet deira, fortel Rishi.

Rishi fortalte familien at han var transmann for fire år sidan, då han begynte med hormonbehandling og den fysiske forandringa frå kvinne til mann. I lang tid var dette hans innerste og såraste hemmelegheit – som for mange andre unge transmenn.

– Unge transpersonar slit med kjønnsidentiteten sin. Dei vert trakassert av vener og lærarar, og familien opplever det som ei skam. Gradvis blir dei meir og meir frusterte og mange ønsker ikkje leve meir, fortel Rishi.

Førebiletet India
I oktober 2019 reiste Rishi til Mumbai i India for å arbeide for The Humsafar Trust, som deltakar i det Norec-støtta prosjektet Saksham.

Prosjektet er eit sør-sør- samarbeid mellom Bandhu Social Welfare Society i Bangladesh, Blue Diamond Society i Nepal og The Humsafar Trust i India. Organisasjonane jobbar for å å betre rettane til marginaliserte grupper innan seksuell og reproduktiv helse (SRHR).

– Det var fantastisk å komme til India. Situasjonen for transmenn der er heilt annleis enn i Bangladesh. Dersom nokon reagerer på at ID-kortet viser ulikt kjønn, er det nok å fortelle vedkommande at ein er transmann. Dei vil seie «Sorry, Sir» og gå vidare, fortel Rishi.

Blokkert på Facebook
Etter seks månader på utveksling, kom pandemien og Rishi måtte reise heim. Men han var fast bestemt på å halde fram det viktige arbeidet i Bangladesh, og starta difor eit lukka nettverk for transmenn frå kjellaren i foreldra sitt hus i Bangladesh.

Ein etter ein har han rekruttert nye medlemmar, som i dag tel 35 transmenn.

– Vi snakkar saman kvar dag. Mange er letta over å endeleg ha nokon å dele utfordringane med, fortel Rishi.

Rishi oppretta grupper på både Facebook og Whatsapp. Facebook-gruppa er allereie blokkert.

– Poenget med gruppa er å dele nyttig informasjon om kjønn og seksualitet, medisinske retningslinjer om kjønnsskifte og ikkje minst personlege historier og utfordringar. Det skal vere eit trygt nettverk, der ein får støtte og hjelp til å takle kvardagen. Samtidig håpar eg at vi kan bygge opp eit nettverk av talspersonar for transkjønna. Vi treng meir informasjon ut i samfunnet, for å slå ned på stigmatisering og diskriminering, fortel Rishi.

Diskriminering og hat
I Bangladesh har transmenn ingen lovfesta rettar, og dei vert verken anerkjent eller sosialt akseptert for kven dei er. Homoseksualitet er forbode og vert straffa med livsttid i fengsel. Human Rights Watch skildrar ei gjennomgripande diskriminering av LHBT-personar, der det er farleg å komme ut i fare for sosial utfrysing, hat, overfall og drap.

– Eg har gått gjennom den fysiske forvandlinga frå kvinne til mann, så eg liknar ikkje lenger personen på ID-kortet mitt. Eg får ikkje leige min eigen bustad, studere, søke jobb, eller få om sosialhjelp, fordi ID-kortet mitt og vitnemåla mine ikkje stemmer overens med mitt noverande kjønn og namn. Eg er ikkje lenger personen på ID-kortet, og står att med ingenting. Livet er hardt, fortel Rishi.

Draumen om anerkjennelse
Det er så mykje stigma knytta til det å vere transmann. Dette håpar Rishi å gjere noko med.

– Eg ønsker å hjelpe andre. Å gjere overgangen frå kvinne til mann litt lettare for dei enn det var for meg. Dette gjeld også praktiske ting. Det er til dømes ikkje mogeleg å få ein kjønnsskifteoperasjon eller hormonbehandling i Bangladesh. Då må vi reise til India. Men mest av alt ønsker eg å støtte dei i den mentale overgangen og alle utfordringane dei vil møte på vegen

Det overordna målet med gruppa er å få aksept for transpersonar er i offisielle papir. Det er det mest avgjerande for å kunne leve eit tilnærna normalt liv. India og Thailand er komt langt på veg, og Rishi har trua på at det også vil skje i Bangladesh.

– Sjølv om utfordringane er massive, er eg så glad for den eg er no, Eg er ikkje lenger fanga i feil kropp, og det betyr meir enn noko anna, seier Rishi.