Arbeidet med å skaffe fleire samarbeidspartnarar i Latin-Amerika ber allereie frukter.

– Det er fleire som har synt konkret interesse, og desse følgjer vi opp fortløpande. Og så håpar vi sjølvsagt at det kjem inn søknadar om Norec-samarbeid på sikt, seier programrådgivar i Norec, Ane Rosnes.

Saman med eit knippe kollegaer frå Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) besøkte ho i vinter Latin-Amerika. Målet var å fortelje om Norec-modellen og rekruttere fleire partnarar til Norec-samarbeid.

Lodda stemninga digitalt

I forkant av reisa vart det halde eit digitalt interessentmøte der ein fekk ein peikepinn på kor interessant Norec-tilbodet er for marknaden. Her var 265 påmelde, og reisa til Latin-Amerika kom i stand for å følgje opp både potensielle partnarar og ambassadar.

Norec har utvekslingssamarbeid i Afrika, Asia og Latin-Amerika, og det er eit uttalt ønske at vi vil ha fleire samarbeid i Latin-Amerika enn kva vi har i dag.

– Vi fekk møte veldig mykje folk frå bedrifter og organisasjonar innanfor våre prioriterte område. Eg vil seie at vi fekk svært mykje ut av turen til Latin-Amerika, seier seksjonsleiar for kurs, Øystein Garfors.

Personleg møte er viktig

Han peikar på at det å kunne snakke med folk ansikt til ansikt er viktig når ein skal formidle kva Norec jobbar med, og kva moglegheiter som ligg for bedrifter og organisasjonar i eit Norec-samarbeid.

– Turen har gitt oss eit godt utgangspunkt for å få inn søknadar om tilskot frå bedrifter og organisasjonar i Latin-Amerika. I tillegg har vi fått utvida nettverket vårt, seier Garfors.

På turen til Latin-Amerika var også Norec på møte i det norsk-colombianske handelskammeret i Bogota. Der fekk dei møte eit tjuetals bedrifter og organisasjonar som alle er relevante for eit Norec-samarbeid.

– Det var stor interesse for utvekslingsmodellen vår. For fleire vart det ein augeopnar at ei Norec-utveksling kan vere eit ei moglegheit til å komplettere støtte som dei allereie har, fortel Garfors.