Hopp til hovudinnhald
Tilskot

Tilskot

Om tilskotet

Norec er ein del av Noreg sin samla innsats for internasjonal utvikling. Gjennom gjensidig kompetanseutveksling skal Norec støtte globale partnarskap i deira arbeid for å nå berekraftsmåla til FN. Norec bidrar også til at unge menneske får internasjonal arbeidserfaring og kompetanse innan berekraftig utvikling.

Prioriteringar for tilskotet

  • Kjem snart 

Søknadsfristar

Frist for forundersøking: 15.februar og 15.august. 

Samarbeidsprosjekt med planlagt oppstart januar 2024, må søke innan 1. juni 2023.
Samarbeidsprosjekt med oppstart august 2024, må søke innan 1. februar 2024.

NB: Alle prosjekt må ha gjennomfort ei forundersøking, før ein kan søke om samarbeidsavtale.

Kven kan søke?

Norec støttar internasjonale partnarskap i og mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg. 

Vi tar i mot søknader frå:

  • Frivillige organisasjonar
  • Offentleg sektor
  • Privat sektor

Søkarane må halde til i Noreg eller eitt eller fleire av Norec sine samarbeidsland

For å søke tilskot, må søkaren:

  • vere ei juridisk eining 
  • ha nødvendig fagleg og administrativ kompetanse og kapasitet til å gjennomføre prosjektet 
  • ha realistiske og kvantifiserbare mål for prosjektet 
  • ha etablert eit godt samarbeid med organisasjonane som inngår i søknaden
    (Alle må ha vore med på å utarbeide søknaden.) 
  • ha rutinar for å nyttiggjere seg medarbeidarane sin kompetanse både før, under og etter eit utanlandsopphald 

Viktig: Nye partnarar må gjennomføre ei forundersøking før dei kan søke om ein samarbeidsavtale med Norec. 

Tehetena Woldemariam
Seksjonsleiar NoS
Sille Lukowski
Seksjonsleiar NGO