UN Trainee

Norec gir stipend til praktikantar i FN og andre internasjonale organisasjonar som samarbeider med FN.

Stipend for FN-praktikantar

Norec gir stipend til praktikantar i FN og andre internasjonale organisasjonar som samarbeider med FN. Stipendet skal dekke nokre av utgiftene knytta til reise og opphald.

Krav for å søke stipend:

  • Du har fått tilbod om praktikantplass i ein FN-organisasjon utanfor Norge, eller i en organisasjon som FN samarbeider med.
  • Praksisen er ulønna og varer i minst to månader. Dette må dokumenterast.
  • Du er norsk statsborgar og under 32 år (kopi av pass skal leggast ved søknad)
  • Praktikantopphaldet ikkje finn stad i land eller område med gjeldande reiseråd.
  • Tilbod om stipend gjeld ikkje heimekontor og andre typar avstandsopphald.
  • Tilbodet om stipend gjeld ikkje for praktikantopphald som allereie er avslutta. Søkaren må enten ha starta eller skal starte.

Stipendet kan delast ut ein gong per person, og er avgrensa til 50.000 kroner. Dette er basert på kostnadsnivå i landet du skal jobbe i, lengde på opphald og forventa reelle utgifter. Du skal legge ved eit budsjett over forventa utgifter i praktikantperioden.

Du kan søke om å få dekka følgande utgifter:

  • reiseutgifter til tenestestad
  • kost og losji
  • forsikring
  • månadskort til offentleg transport
  • vaksinasjon
  • andre nødvendige utgifter knytt til tenesta

Slik søker du:

Skriv ein kortfatta søknad om bakgrunnen din, motivasjonen for å vere praktikant og dine framtidsplanar. Legg ved budsjett, stadfesting frå organisasjonen og kopi av pass . Dette sender du samla pr. e-post til: fn_stillingar@norec.no

Rapportering

Personar som får innvilga stipend, må etter heimkomsten levere ein kort rapport til Norec om opphaldet. Denne rapporten skal være ca. to sider og innehalde ei oppsummering av arbeidsoppgåver og erfaringar.

Du må også legge ved ei stadfesting på opphaldet frå  organisasjonen du har jobba i. Norec kan ikkje bistå med å skaffe praktikantplass.

Har du spørsmål om ordninga, ta kontakt via fn_stillinger@norec.no