– Nær 20 år med utveksling har bidrege til mange gode trenarar, lagleiarar, klubbadministratorar og frivillige på grasrota i Norge. Det seier Julie Karima Berg, koordinator i NIF.

Norges Idrettsforbund og Olympiske komite (NIF) er ein av organisasjonane som har hatt lengst utveksling med partnarar i sør gjennom utvekslingsprogrammet sitt som er finansiert av Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid).

– Målsetjinga for samarbeidet har vore likt, men kva land vi har samarbeidd med i desse 20 åra, har endra seg, seier Julie Karima Berg.

Visjonen til NIF er idrettsglede for alle. Gjennom utvekslinga får idrettsfrivillige bruke idretten som eit verktøy for å nå ut til born og unge på forskjellige plan.

Knyter band mellom Norge, Zambia og Malawi

Idrettsforbundet er del av både nord-sør-utveksling og sør-sør-utveksling, såkalla triangulær utveksling.

– Årleg dreg mellom 10 og 15 norske deltakarar på utveksling frå Norge, og like mange frå partnarlanda våre Zambia og Malawi, fortel Julie Karima Berg.

Alle deltakarane er på utveksling i ti månadar, med start i august.

– Vi trur det er noko av nøkkelen til suksess. Sidan utvekslinga følgjer studieåret, er det praktisk å delta på. Samtidig er opphaldet av ei viss lengde, seier Julie Karima Berg.

Den lange tradisjonen med utveksling har bore frukter på fleire måtar. Mellom anna har utvekslinga i stor grad vore med på å forme det internasjonale utviklingssamarbeidet NIF har.

 

 

– Det er deltakarane som er nærast arbeidet som vert gjort på bakkenivå, og dei har gjort bandet til partnarane våre sterkare. Saman har prosjekta nådd mange målsetjingar. Arbeidet som har vorte gjort med blant anna trygg idrett og trenarutvikling, har påverka desse områda også i Norge, seier Julie Karima Berg.

Forståing av kva rolle idretten spelar

Når deltakarar frå Norge dreg til anten Zambia eller Malawi, bur dei hjå vertsfamiliar. Det fører til at ein raskt blir integrert.

– Eg var sjølv på utveksling i Zambia i 2017 og 2018. Det gav meg nye perspektiv på mykje. Eg fekk ei større forståing for utvikling og utviklingsarbeid, og forståing for kva rolle idretten spelar i samfunnet, seier Julie Karima Berg.

I tillegg har NIF tilsett mange tidlegare deltakarar, som med erfaringane sine frå tida ute, er med på å påverke organisasjonen i ulike avdelingar.

– Den formelle kompetansehevinga deltakarane får gjennom årsstudiet idrett, kultur og utviklingssamarbeid gjennom Norges idrettshøgskole, og praksiserfaringa frå sør, har gitt oss tilbake gode trenarar, lagleiarar, klubbadministratorar og frivillige på grasrota i Norge, seier Julie Karima Berg.

Eg har sjølv vore på utveksling. Det gav meg nye perspektiv på mykje.

Julie Karima Berg Koordinator i Norges Idrettsforbund
Julie Karima Berg

Erfaring i kvardagen

I Groruddalen i Oslo står Eirin Berg på sidelinja i Linderudhallen og gir instruksar til Jenter13-laget i handball som ho har vore assistenttrenar for sidan i hausten 2021.

Eirin har solid handballbakgrunn, og har vore på idrettsutveksling gjennom Norges Idrettsforbund, både som deltakar i Lusaka i Zambia og som teamleiar i Blantyre i Malawi. Mellom anna var ho med som trenar både for det zambiske landslaget i handball, og for skulelag og klubblag.

– Eg fekk erfaring som eg har med meg i kvardagen. Ein får ei større forståing for korleis ting heng i hop, seier Eirin Berg.

Medan vi i Norge stiller krav om utstyr, oppmøte på trening og oppmøte på kamp, kan ein ikkje gjere det på same måten i til dømes Zambia.

– Jenter i Zambia har andre plikter. Dei skal passe søsken, lage middag og prioritere skule. Alt dette kjem framfor idretten. Då hjelper det ikkje å bli sint fordi dei ikkje kjem på trening, seier Eirin Berg.

– Eg har lært at ting ikkje treng å vere heilt perfekt. Ein kjem langt med å vere meir fleksibel, seier Eirin Berg.

Eirin Berg og Linje5

Tek ting meir på sparket

Ho peikar på at dette er viktig kunnskap å ha med seg, også som trenar i Norge. Spesielt dersom ein trenar fleirkulturelle lag.

– Ein må ha forståing for at det er kulturelle skilnadar. Det er lettare å forstå når ein har budd i eit anna land og lært ein annan kultur å kjenne, seier Eirin Berg.

Utvekslingsopphalda har også gjort henne til ein meir tilpassingsdyktig trenar som i større grad tek ting meir på sparket enn før.

– Tidlegare planla eg alt i minste detalj. Men når du har opplevd at du står på landslagstrening der ingen møter tidsnok, der ballane er ein annan stad, eller bana er full av høy, så gjer det noko med deg.

Norges idrettsforbund har fått meir kompetente trenarar

Jenter i Zambia og Malawi har fått styrka rettar gjennom idretten

Viser jentene moglegheiter gjennom fotballen

Då Annet Sonko spelte fotball med gutane i den vesle zambiske landsbyen i Nyawa, tykte jentene ho var rar. Men litt etter litt fekk ho lokka dei med. No håpar jentelaget Nyawa United å delta i Norway Cup 2022.

– Dei såg rart på meg i starten då eg spelte fotball med gutane. Det var nesten litt uhøyrt at jenter skulle kunne gjere det, fortel Sonko, som kjem frå Kampala i Uganda.

I 2015 var ho deltakar i ei utveksling der ho som idrettsfrivillig var ti månadar i ein liten landsby i Zambia. Dette er ei ordning som er del av utvekslinga Norges Idrettsforbund har med organisasjonar i Malawi og Zambia, finansiert av Norec.

Målsetjinga er å bruke idretten som ein innfallsport til å mellom anna auke jenter sin medverknad i samfunnet, tilgang på utdanning og likeverd.

Såg ulikheitene klarare på utveksling

Ein skulle kanskje tru at skilnadane ikkje var så store mellom to land som ligg ganske nær kvarandre i Afrika. Men for Sonko vart det ei aha-oppleving.

– Vi er alle afrikanarar. Men vi har forskjellige normer og kultur i dei forskjellige landa, ikkje minst når det kjem til skilnadar mellom by og land, seier Sonko.

Sjølv kjem ho frå Kampala, hovudstaden i Uganda med nær 1,7 millionar innbyggjarar.

– Når eg var heime i Uganda, var eg på ein måte for nær. Eg såg ikkje forskjellane. Men då eg kom til den vesle landsbyen i Zambia, lærte eg at vi har så mykje som er forskjellig, sjølv om vi har mykje som er likt, seier Sonko.

Nyawa United

Viste dei videoar av jenter på fotballbana

Og det merka Sonko ekstra godt, der ho spelte fotball med gutane – noko som for henne var heilt naturleg. På sidelinja stod jentene og rista litt på hovudet.

– Dei var tvilande i starten, og meinte at jenter ikkje kunne spele fotball. Reint praktisk kunne jentene til dømes heller ikkje gå i shorts. Men eg gav meg ikkje. Eg synte dei videoar av jenter som spelte fotball, og litt etter litt vart dei med, fortel Sonko.

Interessa vart så stor at det etter kvart vart starta opp fleire fotballklubbar for jentene i alderen 1. til 7. klasse.

I fotballen fekk jentene oppleve meistring, ei fritid utan arbeid, gleda ved å bruke kroppen og eit fellesskap.

– Vi jobba også for å få med born og unge med funksjonshemmingar på aktivitetar. Alle kan vere med på noko, seier Sonko.

Opplever meistring på ein annan måte

Ho tok også initiativ til ein klubb for å lære kvinner å lese og skrive.

– I byrjinga var vi 35 kvinner, men etter kvart kom det menn til også. For å utvikle samfunnet må også kvinner vere del av det og både få lov til, men også ville bidra, seier Sonko.

Gjennom utvekslinga var ho også med som hjelpelærar i gym på fleire skular. Og då skjønte ho at gym ofte er eit fag som lærarane droppar, fordi dei kanskje ikkje har tid eller kan nok om faget.

– Ofte har ikkje lærarane på skulane tid til å gjennomføre gymtimar. Men som utvekslingsdeltakar blir ein ein ekstra ressurs. På fleire av skulane der eg var då eg var utveksla, har dei halde fram med å prioritere gym, fordi dei ser fordelane av det, seier Sonko.

Ho peikar på at for mange er gym eit fag der ein får synt andre sider av seg sjølv, får oppleve meistring på ein annan måte og at det er noko som er gøy.

Vi kombinerer kjærleiken for fotball med hovudmålet vårt, å styrke rettane og moglegheitene for jenter og kvinner.

Annet Sonko Youth Sports Exchange Programkoordinator i Response Network
Annet Sonko

Ville halde fram

Etter at ho var ferdig med utvekslinga, ønskte ho å halde fram med liknande arbeid, gjerne i provinsen Nyawa. Ho fekk jobb som Youth Sports Exchange Programkoordinator i den frivillige og norskregistrerte organisasjonen Response Network. Dei jobbar for å fremje menneskerettar og utvikling gjennom sjølvhjelpsgrupper i landsbyar i Zambia.

Slik har organisasjonen fått nytte av erfaringane som Sonko fekk frå det ti månadar lange utvekslingsopphaldet sitt.

– Då eg kom tilbake til landsbyen etter opphaldet, gjorde eg ting annleis enn første gongen. Eg hadde fått eit tydelegare syn på kva jenter går gjennom. Dei vert ofte gifte svært unge, og er kanskje gravide alt som 15-åringar. Dei går ikkje på skulen når dei har menstruasjon, og mange droppar ut av skulen tidleg av fleire årsaker, fortel Sonko.

Ser at fleire jenter går på skule

Zambia er eitt av dei landa som har flest barneekteskap i verda, mykje grunna tradisjonell praksis og det faktum at kvinner og jenter har låg status.

Response Network trur på utvikling som mobiliserer dei ressursane folk sjølve sit på, både menneskelege og naturbaserte. Dei bidreg ved å ta initiativ til at den einskilde landsby startar sjølvhjelpsgrupper eller sportsaktivitetar.

Sonko peikar på at dei no ser at fleire jenter går på skule og har tru på at dei kan tilføre noko i lokalsamfunnet.

– Berre det at dei møter ein frivillig som er kvinne, som snakkar flytande språket deira og oppmodar dei til å bruke evnene sine, syner dei at det går an. Når ho kan, så kan vi, seier Sonko.

Må engasjere deg for å skape endring

Gjennom Response Network har ho vore med på kampanjar der ein ser på kva ein kan gjere for at jenter skal få like moglegheiter som gutar.

– Vi er ute på skular og snakkar om menstruasjon, held leiarkurs, og syner at engasjement i sport og idrett kan gjere at dei unngår å hamne i situasjonar der dei må droppe ut av skulen. Gjennom idretten lærer dei om engasjement, og du at du må engasjere deg i lokalsamfunnet både for å skape endring  og få noko til å skje, fortel Sonko.

Engasjementet hennar for kva deltaking i idrett betyr på mange plan i livet, er stort. Spesielt for fotballen.

– Eg hadde ein draum om å syne verda at unge jenter frå Zambia kan spele fotball, samtidig å syne dei verda utanfor, seier Sonko.

Nyawa united, Annet Sonko

Etablerte fotballklubb – vil til Norway Cup

I 2019 fann Sonko og andre kollegaer i Response Network ut at dei skulle sende eit jentelag frå Nyawa til Norway Cup, verdas største fotballturnering for born og unge. Det vart starten på fotballklubben Nyawa United, ein fotballklubb som jobbar for styrking av jenter og kvinners rettar i Zambia gjennom helse, utdanning og sport.

– No jobbar vi fram mot at jentelaget skal kunne delta i Norway Cup 2022, seier Sonko og smiler.

I mellomtida held arbeidet med Nyawa United fram for fullt.

– Vi har jamleg samlingar med jentene og foreldra der vi snakkar om menneskerettar og kor viktig det er at jenter og kvinner engasjerer seg på alle plan. Vi kombinerer kjærleiken for fotball med hovudmålet vårt, å styrke rettane og moglegheitene for jenter og kvinner, seier Sonko.