Solcellepanel gav sjubarnsmora Dhahabu nok inntekt til å sende borna på skulen

Published: 18.06.2024
Last updated: 22.06.2026
I landsbyen Chakama, fem timar frå kystbyen Mombasa, kan vi tydeleg sjå kva kraft som ligg i tilgang på straum. Her har solenergi endra livet til sjubarnsmora Dhahabu Matata Chengo og fleire andre i landsbyen.
I Norge ser ein heile takflater dekt av solcellepanel, som elektrifiserer store einebustader, og til og med næringsbygg. Men i Kenya kan ei enkel solcelleplate endre liv.
Slik det gjorde for Dhahabu.
Selskapet SUNami Solar spesialiserer seg på å gje elektrisitet til landsbyar som ligg utanfor straumnettet, og dei har sidan 2021 samarbeida med investeringsverksemda Techbridge gjennom ei Norec-utveksling.
Med deira solcellepanel, kan Dhahabu no sende borna sine på skulen, takka vere inntektene straumen har gitt bedrifta hennar.
Frå mørke til lys med solenergi

Chakama er ein av mange landsbyar i Kenya som ligg utanfor straumnettet.
Utan elektrisitet blir landsbyen heilt mørk når sola går ned, noko som skaper utrygge forhold for innbyggarane.

Her har energien frå sola vist seg å vere revolusjonerande for landsbyen.
– Ein ser ingenting i mørket utan straum. Ein ser ikkje kven som kjem og ein blir sårbar i mørket. Straum derimot betyr tryggleik, fortel Dhahabu.
Kva rolle spelar solenergi for berekraftig utvikling i Kenya?
Solcellepanel har ikkje berre betra levekåra i Chakama, men også auka lønsemda for lokale bedrifter. Dhahabu, eigar av 3 Season Club, har opplevd ei stor endring etter at fekk dei innstallert.
– Etter at mannen min forlét oss, måtte eg sikre inntekt for meg sjølv og dei sju borna mine. Eg investerte i eitt panel, og kjøpte kjøleskap og TV. No har eg over 100 kundar på puben min og økonomien held meg ikkje lenger vaken om natta, fortel Dhahabu.
– Eg er takksam, for det har endra livet mitt. Tidlegare hadde eg ikkje råd til å sende borna mine på skulen. No går alle på skulen, alle har nok å ete og betre klede.
Solenergi som nøkkel til berekraftig utvikling
Solenergi har inntatt stadig fleire område i utviklingsland, og det kan spele ei nøkkelrolle i å nå FNs mål om straumtilgang til alle innan 2030.
Sidan 2012 har 493 millionar menneske fått tilgang til energi frå solcelleprodukt utanfor straumnettet.
Likevel mangla framleis 675 millionar menneske tilgang til elektrisitet i 2021, og over 80 prosent av desse bur i Afrika sør for Sahara.. I tillegg har nærmare to milliardar menneske dårleg fungerande straumforsyning.
Frå mørke til lys med tilskot frå Norec

Den første som kjøpte panel var Abel Kihindi Chalo. Før han fekk kontakt med SUNami Solar, var Chakama knapt ein landsby.

Det var eit par hus i ei klynge.
Med tilgang til elektrisitet byrja fleire å busette seg her.
– Folk såg kjapt fordelane med straum, og ville ha sitt eige. Tilgang til elektrisitet har gjort at eg kan tilby kalde varer og halde butikken open lenge. Eg tener meir pengar, som gjer at eg kan brødfø familien min, stadfestar Abel.
Tilgang til straum er avgjerande for utvikling og tryggleik
Med tilskot frå Norec, vert fleire landsbyar som Chakama opplyst, bokstaveleg talt. Tilgang til straum er avgjerande for utvikling og tryggleik.
– Å ha solcellepanel og opplyste gater gjer landsbyen ein tryggare stad å vere, seier Dhahabu.
SUNami Solar sitt arbeid i Chakama er eit godt døme på korleis tilgang til straum er heilt essensielt for utviklinga av landsbyar som ligg utanfor straumnettet. Dette fører til auka tryggleik og betre levekår for innbyggarane.
Gjennom innovasjon og samarbeid bidrar Norec og SUNami Solar til å skape berekraftige samfunn.
Historier som Dhahabu si viser korleis tilgang til solenergi kan endre liv, auke økonomisk stabilitet og bidra til å oppnå globale berekraftsmål.
SUNami Solar og Norec sitt bidrag
Norec-partner SUNami Solar har sidan 2020 vore ein del av eit utvekslingssamarbeid mellom Norge, Kenya og Uganda.

Frå og med 2024 har SUNami Solar Kenya inngått eit nytt utvekslingsprosjekt gjennom Norec med solenergiaktørar i Uganda og Kamerun.








