Skip to main content
Impact stories

Halverte spedbarnsdødelegheit ved to sjukehus i India

Mother holding a newborn baby

Eit langvarig samarbeid mellom helsearbeidarar i India og Noreg har endra behandlinga av sjuke og premature nyfødde. Meir morsmjølk, tettare foreldreinvolvering og nye arbeidsmetodar har gitt resultat.

Published: 25.08.2026

Last updated: 25.08.2026

18 kuvøser og varmesenger står tett i tett på nyføddintensiven ved Lady Hardinge Medical College & Kalawati Saran Hospital i New Delhi. Lyset er dempa. Den einaste lyden i rommet er alarm

Ved fotenden av sengene sit mødrene og to fedrar i kvar sin stol med barna på brystet. Dei fleste babyane er kopla til pustestøtte, medan dei ligg hud mot hud med mor.

For få år sidan fekk ikkje mødrene sleppe inn på nyføddavdelinga. I dag er dei ein del av behandlinga.

– Då vi begynte å involvere mødrene og la til rette for amming og hud-til-hud-kontakt, såg vi raskt at fleire barn overlevde, seier prosjektleiar og lege ved Lady Hardinge Medical College, Sushma Nangia.

På tre år vart dødelegheita blant nyfødde ved avdelingane nesten halvert – frå rundt 11,6 prosent til om lag 6 prosent.

Langt samarbeid

Sidan 2012 har Avdeling for global helse ved Oslo Universitetssykehus (OUS) hatt samarbeidsprosjekt med offentlege sjukehus i India. Utvekslinga er finansiert av Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid).

Hovudmålsetjinga for prosjektet er å betre behandlinga for sjuke og prematurt nyfødde i New Delhi, og gi norsk helsepersonell erfaring i diagnosar og behandling dei sjeldan møter i Noreg.

Doctor standing beside mother with newborn baby
Nærleik som ein del av behandlinga. Hud-mot-hud-kontakt har blitt ein viktig del av nyføddomsorga. Dr Sushma Nangia saman med mødre på nyføddavdelinga.

Morsmjølk vart behandling

– Då vi starta samarbeidsprosjektet, amma ikkje mødrene. Borna fekk morsmjølkerstatning. Produsentane av erstatning hadde overtydd folk at dette var det beste for barnet, sjølvsagt heilt feil, seier Kristin Schjølberg, avdelingsleiar for Globalavdelinga ved OUS.

For premature og sjuke nyfødde kan morsmjølk vere avgjerande for om dei overlever eller ikkje.

– Morsmjølka er laga spesielt for barnet som får henne. Barnet får antistoff frå mora og blir mykje betre rusta til å klare infeksjonar og sjukdom, seier Schjølberg.

Det første store målet var difor å etablere morsmjølkbank og ammesenter ved sjukehuset. I 2017 stod mjølkebanken klar.

– Mødrene får rettleiing i korleis dei skal etablere amming, i tillegg til at det vert gitt donormjølk i staden for erstatning til dei minste borna fram til mødrene har etablert eigen mjølkeproduksjon. Slik sikrar vi at alle borna får den viktige råmjølka og antistoffa som er i morsmjølka, seier Schjølberg.

Ved avdelingane auka delen barn som fekk morsmjølk eller donormjølk frå rundt 50 prosent til nær 85 prosent. Rundt 30-40 prosent av dei premature barna får no råmjølk kort tid etter fødselen.

Mjølkebanken er drifta etter nasjonale standardar som sjukehusa saman har vore med å utvikle. Modellen har seinare blitt brukt til å etablere fleire nye mjølkebankar i New Delhi.

Ei mor matar babyen sin med melk.
Mat til dei aller minste. Eit nyfødt barn blir varsamt mata på Lady Hardinge Hospital, der tusenvis av sjuke og premature barn får behandling kvart år.
Ein helsearbeidar hjelper ei mor med å amme det nyfødde barnet sitt.
Ammerettleiing frå første stund. Sjukepleiar Paramjeet Kaur hjelper ei mor med amming. Ammerettleiing har blitt ein viktig del av behandlinga av sjuke og premature barn.
Fleire kvinner pumpar morsmjølk i eit rom saman med ein helsearbeidar.
Kvar drope tel. Mødrer pumpar morsmjølk på ammesenteret ved sjukehuset med rettleiing fra sjukepleiar Pushpamma Sebastian. Delen barn som får morsmjølk eller donormjølk, har auka frå rundt 50 til nær 85 prosent.
Ei mor held ei sprøyte som er kopla til ernæringssonden til eit nyfødt barn.
Foreldre som del av omsorga. Mødrene har sjølv ansvaret for å mate barna sine på nyføddintensiven.
Sjukepleiar gir melk til nyfødd baby.
Tett oppfølging med få tilsette. Éin sjukepleiar kan ha ansvar for opptil ti kritisk sjuke barn samtidig – ein heilt annan bemanningssituasjon enn ved norske nyføddavdelingar.
Ein helsearbeidar hjelper ei sitjande mor med å bruke ei brystpumpe.
Ammehjelp. På ammesenteret får mødrene rettleiing av sjukepleiar Pushpamma Sebastian i å etablere mjølkeproduksjon, slik at flest mogleg av dei nyfødde kan få morsmjølk.
Ei kvinne og ein mann står utanfor inngangen til ein morsmjølkbank og eit ammesenter.
Morsmjølk til dei mest sårbare. Morsmjølkbanken ved Lady Hardinge Medical College blei etablert i 2017 og gir donormjølk til dei minste barna fram til mødrene har fått i gang sin eigen mjølkeproduksjon. Prosjektkoordinator og leiar for morsmjølkbanken, Jitesh Jalthuria, (t.h.) og ansvarleg for morsmjølkbanken, Isha Thapar
Man standing next to a freezer with breast milk containers.
Morsmelk til eigne born og donormelk til andre sine born blir frose ned og nytta i behandlinga, fortel leiar for morsmjølkbanken, Jitesh Jalthuria.
To menn som vasker flasker.
Viktig reinhald. Hygieneansvarlege Naresh Kumar and Anil sikrar at alt pumpeutstyr og flasker er sterile til neste bruk.

Mor som levande kuvøse

I tillegg til ammerettleiing, vart metoden «kangaroo mother care» viktig. I oppstarten av prosjektet stod mødrene utanfor, medan barna fekk behandling.

– Mange var redde for at foreldra skulle kome i vegen eller reagere på det dei såg inne på intensivavdelinga. Det var ein heilt annan måte å tenkje behandling på, seier Nangia.

Gradvis begynte avdelinga å sleppe mødrene inn. Først med dei mest stabile barna. Seinare også med dei sjukaste.

Hud-mot-hud-kontakt vart standard behandling.

– Vi såg ganske raskt at barna vart meir stabile når mor var tett på. Dei gjekk raskare opp i vekt og kunne skrivast ut tidlegare, seier Nangia.

Ho omtalar mora som ein «levande kuvøse».

– Temperaturen til mor tilpassar seg barnet. Når barnet ligg hud mot hud, blir pust, puls og temperatur meir stabile. Samtidig aukar mjølkeproduksjonen hos mora, fortel ho.

Ein far med ansiktsmaske og hårnett held eit nyfødt barn inntil brystet.
Først mor – så far. Dei siste åra har også fedrar og bestemødre blitt involverte. I dag er fedrane ein del av omsorga for barna på avdelinga.
Helsearbeidarar og mødrer tek hand om nyfødde barn på ei travel intensivavdeling.
Ein travel nyføddintensiv. Kvart år blir mellom 2700 og 3000 barn behandla på avdelinga. Rundt 250 nye babyar kjem inn kvar månad.
Ein kvinneleg lege står ved sengekanten til eit prematurt barn på intensivavdelinga.
Kunnskap ved sengekanten. Samarbeidet mellom sjukehusa handlar ikkje først og fremst om dyrt utstyr, men om å omsetje kunnskap til betre behandling i det daglege arbeidet, fortel Dr. Sushma Nangia
Eit prematurt barn ligg under eit rosa teppe omgitt av medisinsk utstyr.
Behandling for dei mest sårbare. På nyføddintensiven kan rundt 30 kritisk sjuke barn få behandling samtidig, og fleire kan ha behov for pustestøtte.
Foreldre sit med nyfødde barn på brystet på ei nyføddavdeling
Frå besøkande til omsorgspersonar. Mødrene får vere tett på barna og ta aktivt del i omsorga medan dei får behandling på nyføddintensiven.
Ei mor held eit sovande nyfødt barn tett inntil brystet under eit teppe.
Mor som «levande kuvøse». Hud-mot-hud-kontakt bidreg til å stabilisere pusten, pulsen og temperaturen til barnet, samtidig som nærleiken kan stimulere mjølkeproduksjonen.
Sju kvinnelege helsearbeidarar står saman på ein nyføddintensiv.
Menneska bak behandlinga. Teamet på nyføddintensiven behandlar opptil 3000 barn i året, samtidig som dei lærer opp nye kollegaer og vidarefører metodane som er utvikla gjennom samarbeidet. F.v Shalini Rawat, Jenet, Manju, Bindu, Dr. Sushma Nangia, Monica and Nikita Rajendra Kadam

Først mor, så far

Dei siste åra er også fedrar og bestemødre involverte. Det var ei stor omvelting – både kulturelt og praktisk. Sjukehuset måtte etablere garderobar og finne plass til fleire på avdelinga.

– I starten var mange skeptiske. Kvar skulle fedrane skifte? Hadde vi nok skiftetøy? Ville fedrane skremme bort andre mødrer frå avdelinga? Alt tok tid. Men no er fedrane ein del av omsorga for barna, og det har vore svært positivt, fortel Nangia.

Ho meiner det viktigaste var at helsepersonellet begynte å sjå foreldra som ein del av behandlinga – ikkje som besøkande.

Omsorga stoppar heller ikkje når barna blir skrivne ut. Over 75 prosent av mødrene får no telefonoppfølging etter at barnet er skrive ut frå nyføddintensiven.

To kvinner står i ein gang.
Sjukepleiar Sine Skiaker Ramsland var på utveksling til India i 2024. I 2026 er sjukepleiar Paramjeet Kaur på utveksling i Oslo.

Kunnskap ved sengekanten

Samarbeidet handlar ikkje først og fremst om dyrt utstyr eller avansert teknologi. Det handlar om å endre måten ein arbeider på.

– Dei norske sjukepleiarane var «bedside» heile tida. Dei hjelpte oss med å omsetje teori til praksis. Det gjorde ein enorm forskjell, seier Nangia.

– Vi kjem ikkje inn ein dag og forsvinn igjen. Vi er til stades ved sengekanten kvar dag over tid. Det er då endring skjer, seier Schjølberg.

Den indiske sjukepleiaren Shalini Rawat var på utveksling i Oslo frå oktober 2019 til mars 2020. Ho fortel at opphaldet endra måten ho jobba på.

– Den største endringa var tankesettet. Vi såg korleis ein kan jobbe systematisk med kvalitet, sjølv om ressursane er heilt ulike, fortel Rawat.

– Vi lærte å prioritere betre og organisere arbeidet rundt dei sjukaste barna, legg ho til.

Éin sjukepleiar – ti babyar

Kvart år behandlar nyføddintensiven i New Delhi mellom 2700 og 3000 barn. Rundt 250 nye babyar kjem inn kvar månad.

På morgonskiftet er fem sjukepleiarar på jobb. På kveldsskiftet fire. Om natta er dei tre.

Samtidig kan avdelinga ha rundt 30 kritisk sjuke barn inne på ein gong. Ti av barna kan trenge pustestøtte eller CPAP-behandling samtidig.

– Éin sjukepleiar i India kan ha ansvar for ti kritisk sjuke babyar samtidig. Det er svært krevjande når fleire av barna treng pustestøtte eller intensiv oppfølging. Det er ei anna verd enn i Noreg, der det stort sett er ein sjukepleiar per barn, seier Nangia.

Ei kvinne på eit kontor framfor eit bilete.
Eit samarbeid på tvers av landegrenser. Oslo universitetssjukehus og offentlege sjukehus i New Delhi har samarbeidd sidan 2012. Gjennom Norec-utvekslinga lærer helsepersonell i India og Noreg av erfaringane til kvarandre, fortel avdelingsleiar for Globalavdelinga ved OUS, Kristin Schjølberg

Betre sjukepleiar

Ein av dei norske sjukepleiarane som har vore på utveksling i India, er Sine Skiaker Ramsland. Ho var ved Lady Hardinge og Kalawati Saran Children’s Hospital frå september 2024 til februar 2025.

Ho meiner opphaldet endra henne som sjukepleiar.

– Det har definitivt gjort meg til ein betre sjukepleiar. Både i møte med menneske og i behandlinga av pasientar, seier ho.

Ramsland fortel at ho lærte å tenkje annleis om ressursbruk og prioriteringar.

– Eg har lært korleis ein handterer mange barn samtidig med svært få ressursar. Eg har blitt flinkare til å prioritere og finne alternative løysingar når det er mykje som skjer.

Gjensidig læring

For Schjølberg er nettopp denne gjensidige læringa noko av det viktigaste i prosjektet.

– Vi kjem ikkje til India berre for å lære bort. Vi lærer også ekstremt mykje. Når norske sjukepleiarar kjem til India, blir dei mykje meir avhengige av det kliniske blikket sitt. Dei har ikkje den same monitoreringa og teknologien rundt pasientane som vi har i Noreg, seier ho.

Ho meiner opphalda gjer norske helsearbeidarar tryggare på eigne vurderingar og prioriteringar.

– Du lærer å sjå barnet først, ikkje berre maskinene rundt. Samtidig lærer du å handtere og prioritere mange pasientar med få ressursar, seier Schjølberg.
Ho legg til at samarbeidet også har gjort OUS meir bevisst på kultur og kommunikasjon i møte med pasientar og kollegaer med ulike bakgrunnar.

– Vi har eigentleg blitt mykje betre kjende med vår eigen kultur og måten vi jobbar på i norske sjukehus. Norske sjukehus blir stadig meir internasjonale. Då er det viktig å forstå korleis kultur påverkar både behandling og samarbeid rundt pasientane, seier Schjølberg.

Health personell outside the hospital
Frå éin morsmjølkbank til mange. Modellen frå Lady Hardinge har seinare blitt brukt til å etablere 42 nye morsmjølkbankar i New Delhi. Isha Thapar, Pushpamma Sebastian, Paramjeet Kaur, Dr Sushma Nangia og Jitesh Jalthuria saman med andre tilsette på mjølkebanken.
Health personell outside the hospital
Lady Hardinge Hospital in New Dehli
Lady Harding Hospital i New Dehli

Frå mottakar til ressurs

I dag ser sjukehusa at samarbeidet har kome inn i ein ny fase.
Mange av rutinane og metodane er no etablerte på avdelingane. Sjukepleiarane lærer opp nye kollegaer. Mjølkebanken er integrert i sjukehusdrifta.

Dei fleste sjukepleiarane som har vore på utveksling i Noreg, fungerer no som mentorar og lærer opp nye kollegaer ved sjukehuset. Sjukehuset i Delhi bidreg også i opplæring og rådgiving andre stader i India.

No ønskjer sjukehusa å bruke erfaringane vidare overfor andre sjukehus og andre land.

– Vi veit kor mykje støtte vi sjølve trong då vi starta dette arbeidet. No ønskjer vi å hjelpe andre sjukehus som er der vi var for ti eller tjue år sidan, seier Nangia.

Did you find what you were looking for?

Sign up for news and updates from Norec

Enter your name and email address to receive the latest updates.