Skip to main content
Impact stories

Når ein kjøkkenhage kan stoppe eit barneekteskap

Woman sitting in a field

I Barwani i India blei jenter født med ei forventning: å bli ei brud.

Published: 25.08.2026

Last updated: 25.08.2026

Elati Bai står utanfor huset sitt i Barwani med 1500 rupiar i handa. Ho har tent dei sjølv. Bak henne står sonen, nyleg komen heim frå skulen.

For få år sidan fanst verken pengane eller skuledagen. Familien levde frå dag til dag. Borna måtte jobbe, ikkje lære.

No kjem pengane frå ein liten kjøkkenhage på 12 kvadratmeter. Der dyrkar Elati 15 ulike typar frukt og grønsaker, tre gonger i året. Det gir familien næringsrik mat og eit overskot som kan seljast. Det gir rom for å velje annleis.

– No kan eg sende borna mine på skulen i staden for at dei må jobbe, seier Elati.

Ei kvinne står med pengesetlar i handa utanfor heimen sin.
Når eiga inntekt gir nye val. Elati Bai tener pengar på overskotet frå kjøkkenhagen. Inntekta gjer det mogleg å sende barna på skulen i staden for at dei må arbeide.

Eit liv bestemt frå starten

I fjellsidene i Barwani i sentral-India ligg 747 landsbyar. Her bur det hovudsakleg stammefolk, Scheduled Tribes. Dei står utanfor det tradisjonelle kastesystemet i India, og er blant dei mest marginaliserte gruppene i landet.

Anupa Madharia og ektemannen Praveen Gokhale starta organisasjonen Pahal Jan Sahayog Vikas Sansthan i 2003, og har jobba i samtlige landsbuar sidan. Dei innsåg raskt at barneekteskap ikkje handla om eitt problem, men ein sirkel av utfordringar som heldt fram frå generasjon til generasjon.

– Jentene blir oppdratt til å bli ei brud. Det er det dei lærer. Deira eigne draumar og ambisjonar kjem i andre rekke, fortel Anupa.

Ho utdjupar:

– Frå jenta er fem år gammal, lærer ho å lage mat, ta vare på søsken, ordne hus og førebu seg på ekteskap. Ho lærer at gutar kjem først, at utdanning er for dei, og at jenter skal vere heime. Det er kjønnsdiskriminering som har gått i arv gjennom generasjonar, fortel ho.

I dette systemet vart jenter gifta bort medan dei sjølve framleis var born. Nokre var berre åtte år gamle. Jentene vart gravide før kroppen var ferdig utvikla, og fekk barn som starta livet med dei same føresetnadene. Ein fellesnemnar for borna og kvinnene var at dei var under- og feilernærte.

– Underernæring går frå generasjon til generasjon. Det stoppar ikkje av seg sjølv, seier Anupa.

Ei kvinne står mellom grøne plantar og bananplantar i ein kjøkkenhage.
15 sortar på 12 kvadratmeter. Elati Bai haustar frukt og grønsaker tre gonger i året. Det gir familien både næringsrik mat og eit overskot som kan seljast.
Tre vaksne står saman utanfor eit hus omgitt av grøne plantar.
Frå erfaring til lokal løysing. Anupa Madharia frå Pahal og Sourn Chan frå KrY i Kambodsja møter Elati Bai heime i Barwani. Utvekslinga gjer det mogleg å bruke jordbruksmetodar frå Bangladesh i India.
Kvinner sit samla i ei gruppe utandørs i ein landsby i Barwani.
Lokale løysingar: Stammefolket i Barwani identifiserer sjølve utfordringane og lagar løysingar saman med Pahal.
Kvinner og barn i tradisjonelle drakter
Lokale løysingar: Stammefolket i Barwani identifiserer sjølve utfordringane og lagar løysingar saman med Pahal.
To kvinner som sit på bakken og pratar
Harsha Parmar er ein tidlegare utvekslingsdeltakar som no jobbar i Pahal.
Ei kvinner rører i tønner med naturleg gjødsel.
Meir mat med færre ressursar. Erfaringar frå ASPADA i Bangladesh har bidrege til dyrkingsmetodar som gir større variasjon på små område, med lite vatn og utan sprøytemiddel.
Ein mann snakkar med ei gruppe kvinner som sit samla utandørs.
Kunnskap på tvers av landegrenser. Sourn Chan frå Kambodsja er på utveksling hos Pahal i India. Her møter han ei kvinnegruppe i Barwani.
To menn står og snakkar ved sidan av eit gjerde
Anupa Madharia
Meir enn 20 år i Barwani. Anupa Madharia grunnla Pahal saman med ektemannen Praveen Gokhale i 2003. Organisasjonen har sidan arbeidd i alle dei 747 landsbyane i distriktet.

Fakta om prosjektet

Frå erfaring til metode

Arbeidet i Barwani er del av eit samarbeid mellom Pahal i India, ASPADA i Bangladesh og Krousar Yoeung Association (KrY) i Kambodsja. Dei arbeider i ulike land, men med dei same utfordringane: underernæring, fattigdom og låg bruk av helsetenester. Gjennom støtte frå Norec har organisasjonane utveksla tilsette, kunnskap og erfaringar sidan 2021.

Målet med samarbeidet er å finne løysingar som faktisk fungerer i kvardagen, og som kan bryte samanhengen mellom underernæring, barneekteskap og barnearbeid.

– Vi lærer av kvarandre og tilpassar metodane til vårt eige lokalsamfunn, seier Praveen.

Ein viktig del av tilnærminga til Pahal er at arbeidet ikkje startar med ferdigeløysingar.

– Vi fortel dei ikkje kva problemet er. Vi legg til rette for ein prosess der lokalsamfunna sjølve set ord på utfordringane sine, legg han til.

– Dei må sjølv identifisere problemet og vere ein del av løysinga. Elles blir det ikkje berekraftig i lengda. Elles blir det ikkje deira, fortel Anupa.

Ein kjøkkenhage stoppar ikkje eit barneekteskap åleine. Men han endrar kva som er mogleg. Og når du først veit at du har eit val, då er det vanskeleg å gå tilbake.

Anupa Madharia

Anupa Madharia

På denne måten identifiserte Pahal at feilernæring og manglande helseopplysning er rota til mange av problema. Pahal samarbei

– Alt heng saman: utdanning, barneekteskap, barnearbeid, kjønnsdiskriminering, tidleg graviditet, fattigdom og ikkje minst manglande kunnskap og feilinformasjon, fortel Anupa.

Ho trekkjer fram eit eksempel. I stammesamfunna trudde ein at kvinner døydde i fødsel fordi barnet var for stort. Gravide åt derfor mindre for å få mindre barn. Resultatet var det motsette. Jenter som sjølve var barn, gjekk inn i svangerskap med for lite næring, og både mor og barn vart svakare. Når barnet i tillegg blir fødd inn i ein familie med svak økonomi, må barnet jobbe i staden for å gå på skule.

– Dette er ikkje berre fattigdom. Det handlar også om mangel på kunnskap, og det kan ikkje løysast med eitt tiltak, seier ho.

To jenter som står bak eit gjerde
Retten til eigne draumar. Utdanning og høvet til å ta eigne val står sentralt i Pahals arbeid med barn og unge – ikkje minst jenter.
Ein gut går saman med ein flokk kuer langs vegen
Stammesamfunn. Arbeidet til Pahal skjer i 40 landsbyar i Barwani-distriktet, der tilsette og frivillige følgjer opp "Scheduled Tribes," står utanfor det tradisjonelle kastesystemet i India.
Fleire personar køyrer motorsyklar og skuterar langs ein landeveg.
Stammesamfunn. Arbeidet til Pahal skjer i 40 landsbyar i Barwani-distriktet, der tilsette og frivillige følgjer opp "Scheduled Tribes," står utanfor det tradisjonelle kastesystemet i India.
Fire kvinner i sari går langs ein åker
Meir enn 20 år i Barwani. Anupa Madharia grunnla Pahal saman med ektemannen Praveen Gokhale i 2003. Organisasjonen har sidan arbeidd i alle dei 747 landsbyane i distriktet.
Ein mann haustar chili på eit jordbruksområde
Meir mat med færre ressursar. Erfaringar frå ASPADA i Bangladesh har bidrege til dyrkingsmetodar som gir større variasjon på små område, med lite vatn og utan sprøytemiddel.
Ein liten gut lener seg mot ein motorsykkel
Stammesamfunn. Arbeidet til Pahal skjer i 40 landsbyar i Barwani-distriktet, der tilsette og frivillige følgjer opp "Scheduled Tribes," står utanfor det tradisjonelle kastesystemet i India.
Ei ku står ved eit enkelt hus i ein landsby omgitt av tre.
Stammesamfunn. Arbeidet til Pahal skjer i 40 landsbyar i Barwani-distriktet, der tilsette og frivillige følgjer opp "Scheduled Tribes," står utanfor det tradisjonelle kastesystemet i India.
To menn med turban på hovudet sit på ein benk
Stammesamfunn. Arbeidet til Pahal skjer i 40 landsbyar i Barwani-distriktet, der tilsette og frivillige følgjer opp "Scheduled Tribes," står utanfor det tradisjonelle kastesystemet i India.

Kvinner først

Denne måten å arbeide på har ikkje berre påverka lokalsamfunna, men også organisasjonane sjølve. Rundt 150 nøkkelpersonar i organisasjonane er opplært i metoden, og kunnskapen er vidareført til om lag 1000 tilsette og over 5000 i sine lokalsamfunn.

Med utradisjonelle metodar klarar dei å få bodskapen ut – også til dei som ikkje kan verken lese eller skrive. Dei brukar illustrasjonar, dokketeater, gateteater, kursing, og særskilde grupper for menn, kvinner og ungdommar.

I Barwani har metoden fått konkrete utslag.

– Vi måtte finne løysingar som folk faktisk kan bruke. Noko som ikkje krev pengar, seier Anupa.

Dei organiske kjøkkenhagane vart eitt av svara. Erfaringar frå ASPADA i Bangladesh har gjort det mogleg å dyrke meir variert mat på små område med lite vatn, utan sprøytemiddel, tilpassa eit klima som blir stadig meir uforutsigbart.

Der familiane før dyrka to eller tre typar grønsaker, dyrkar dei no opptil 15 ulike typar frukt og grønsaker, fleire gonger i året. Det gir meir mat. Betre mat. Og eit lite overskot.

For Elati betyr det 1500 rupiar i handa, som ho kan bruke på å sende borna på skulen. Men det er ikkje kjøkkenhagen åleine som forklarer endringa.

– Kvinnene er nøkkelen. Det er dei som kan bryte sirkelen, seier Anupa.

Ein person bruker handdokker framfor ei gruppe barn og vaksne.
Dokketeater som kunnskapsdeling. Pahal bruker mellom anna dokketeater, gateteater og illustrasjonar for å formidle kunnskap om helse, ernæring og rettar.
Ei forsamling av menneske
Arbeidet skjer ute i landsbyane. Pahal arbeider i 747 landsbyar i Barwani i det sentrale India, der det hovudsakleg bur marginaliserte stammefolk.
Ein person bruker handdokker framfor ei gruppe barn og vaksne.
Dokketeater som kunnskapsdeling. Pahal bruker mellom anna dokketeater, gateteater og illustrasjonar for å formidle kunnskap om helse, ernæring og rettar.
Små jenter som ser på eit dukketeater
Dokketeater som kunnskapsdeling. Pahal bruker mellom anna dokketeater, gateteater og illustrasjonar for å formidle kunnskap om helse, ernæring og rettar.
Ei kvinne snakkar framfor ei gruppe menneske som sit samla utandørs.
Dokketeater som kunnskapsdeling. Pahal bruker mellom anna dokketeater, gateteater og illustrasjonar for å formidle kunnskap om helse, ernæring og rettar.

Fleire born på skulen

Gjennom samarbeidet med ASPADA har kvinnebaserte spare- og lånegrupper blitt ein sentral del av arbeidet. I Bangladesh er over 12 000 kvinner organiserte i 30 slike grupper, og erfaringane derfrå er tekne vidare til Barwani.

Det som starta som små sparegrupper, har utvikla seg til å bli ein viktig struktur i landsbyane. Kvinnene møtest jamleg, sparer pengar, gir kvarandre lån og snakkar om kvardagen og eiga helse. Over tid har gruppene også blitt ein arena for kunnskap om ernæring, økonomi, helse og rettar.

– Når kvinner kjem saman, byrjar dei å stille spørsmål. Det er der endringa startar. Gjennom gruppene får kvinnene både økonomisk handlingsrom og eit fellesskap. Dei står ikkje lenger åleine i vala dei tek, fortel Anupa.

Ungdomsgruppene er også eit satsingsområde for organisasjonane.
Sourn Chan er ein av deltakarane på utveksling frå Kambodsja. Det siste året har han jobba med ungdomsgrupper og å få fleire born på skulen. Saman med frivillige i Pahal har han gått frå dør til dør for å snakke med foreldre om kvifor utdanning er viktig.

– I starten av året identifiserte vi 275 born som ikkje gjekk på skulen. Etter seks månader hadde 233 av dei starta, fortel han.

Ein mann står saman med ei gruppe gutar.
Utdanning opnar dører. Sourn Chan arbeider med ungdomsgrupper og går saman med frivillige frå dør til dør for å snakke med foreldre om kvifor utdanning er viktig.
Ein mann snakkar med ei gruppe kvinner.
Kunnskap på tvers av landegrenser. Sourn Chan frå Kambodsja er på utveksling hos Pahal i India. Her møter han ei kvinnegruppe i Barwani.
Sourn Chen framfor illustrasjonar som Pahal brukar i informasjonsarbeidet.
Kunnskap på tvers av landegrenser. Sourn Chan frå Kambodsja er på utveksling hos Pahal i India. Her møter han ei kvinnegruppe i Barwani.
Ein gut står oppreist i ei forsamling utandørs og pratar
Fleire barn tilbake på skulen. På seks månader byrja 233 av 275 barn som Pahal og utvekslingsdeltakarane hadde identifisert utanfor skulen, på skulen igjen.

Når sirkelen brytast

Metodane har gitt resultat. Tidlegare fødte 70 prosent av kvinnene heime, no er andelen nede i 40 prosent. Jenter som før vart gifta bort i alderen 8 til 9 år, blir no gifta bort seinare – ofte mellom 14 og 16. Fleire born går på skule i staden for å jobbe.

– Den lovlege alderen for ekteskap er 18 år, så vi har framleis ein lang veg å gå. Vi lærer jentene at dei har rett til å ha eigne draumar, og og ikkje minst evnene til å oppfylle dei, seier Anupa.

Pahal samarbeider med myndigheitene og informerer om tilbod om helsestasjon, vaksinering og lokale klinikkar. Og stadig fleire gravide kvinner brukar desse tilboda framfor tradisjonelle behandlarar for å få helsehjelp.

Men for Anupa er det ikkje tala som er det viktigaste. Det er at sirkelen er i ferd med å brytast.

– Når familien har nok mat, blir dei mindre sårbare. Når dei har inntekt, blir det mindre nødvendig å sende barna ut i arbeid. Då kan fleire gå på skule. Og når jenter går på skule, aukar sjansen for at dei ventar med å gifte seg og får barn. Med utdanning kjem kunnskap og mogelegheiter.

Ho stoppar opp.

– Ein kjøkkenhage stoppar ikkje eit barneekteskap åleine. Men han endrar kva som er mogleg. Og når du først veit at du har eit val, då er det vanskeleg å gå tilbake.

Ei kvinne snakkar med born og unge på ein helsestasjon
Helsestasjon og barnehage: Santoshi Malaya Anganbadi er leiar for helsestasjonen Pahal driv saman med lokale myndigheiter.
Helsepersonell måler høgda på ein gut
Santoshi Malaya Anganbadi måler og veg borna i Barwani og fører vekstkurvene inn i en helseapp som innbyggarane kan følge med på.
Helsepersonell måler vekta på ein gut
Santoshi Malaya Anganbadi måler og veg borna i Barwani og fører vekstkurvene inn i en helseapp som innbyggarane kan følge med på.
Born som leiker på ein leikeplass.
Leiketid: Utanfor helsestasjonen er det leikeapparat til borna.
Ein mann og eit barn sit på ei leikesklie
Praveen Gokhale grunnla saman med kona Anupa Madharia organisasjonen Pahal Jan Sahayog Vikas Sansthan i 2003.

Did you find what you were looking for?

Sign up for news and updates from Norec

Enter your name and email address to receive the latest updates.