Skip to main content
Profiles

Søkte FN-jobb midt i babybobla

Kathrine Olsen Flåte i Unicef-t-skjorte

Draumejobben i FN dukka opp då Kathrine Olsen Flåte sat med den nyfødde dottera på armen.

Published: 19.08.2026

Last updated: 20.10.2026

– Eg hadde lenge hatt ein draum om å jobbe i FN og lyst til å bli juniorekspert (JPO). Så dukka utlysinga opp medan eg var i mammapermisjon, fortel Flåte (37).

UNICEF lyste etter juniorekspert i Zambia med arbeidsoppgåver innan kommunikasjon, ungdomsmedverknad og engasjement. For Flåte var moglegheita for god til å la gå frå seg. Sjølv om dottera var knapt eitt år gamal.

– Heilt sidan eg var ganske ung har eg hatt eit ønske om å bidra positivt i verda. Då eg såg utlysinga, tenkte eg at «no er sjansen her, dette vil eg prøve», seier Flåte.

Trivst med mange ballar i lufta

For ho har ikkje lege på latsida sidan ho tråkka barneskoa sine i Skodje på Sunnmøre. Etter vidaregåande drog ho til USA og tok ein bachelor i sosiologi, antropologi og kommunikasjon ved Truman State University i Missouri. I tillegg til studia var ho aktiv ved kvinnesenter, som peacefellow og som TV-reporter for universitetskanalen.

Etter USA drog ho som Princeton-in-Asia (PiA) fellow til New Delhi i India. PiA er eit prestisjefylt stipendprogram drive av den uavhengige ideelle organisasjonen Princeton in Asia. Programmet sender nyutdanna og akademikarar til Asia for å jobbe i ulike vertsnasjonar med mål om å fremje tverrkulturell forståing og gjensidig respekt.

– Deretter var eg praktikant og konsulent ved den norske ambassaden i New Delhi, der eg mellom anna jobba med kommunikasjon og visumarbeid, seier Flåte.

Vidare gjekk turen heim til Noreg for masterstudium. Ved sidan av studia var ho politisk nestleiar i Røde Kors ungdom, før ho tok permisjon frå masteren og drog som ungdomsdelegat til Nepal.

Etterpå gjorde ho research, skreiv master og trefte han som skulle bli ektemannen hennar i Nepal. Mens ho skreiv mastergraden starta ho saman med søstera den digitale medieplatforma Flyt Frem. Då ho returnerte til Oslo, byrja ho å jobbe i Press, som er Redd Barnas ungdomsorganisasjon, før vegen gjekk vidare til Forandringsfabrikken.

Kathrine Olsen Flåte på jobb som JPO for Unicef.
Kathrine Olsen Flåte i FN.
Kathrine Olsen Flåte
Kathrine Olsen Flåte framfor FN-bygningen i New York.

Barn er inga hindring

– Eg har gjort mykje forskjellig, drive av eit ønskje om å bidra positivt. Det var nok summen av dette som gjorde at eg trekte det lengste strået og fekk juniorekspertjobben i UNICEF i Zambia, seier Flåte.

Med på flyttelasset til Lusaka var ektemannen og ei knapt eitt år gamal jente.

– Barn er ikkje noko hindring for å vere juniorekspert. UNICEF har gode ordningar for ammande mødrer og er opptekne av at ein skal kunne jobbe sjølv om ein har vorte mor, seier Flåte.

Til dømes vart det lagt til rette for at både dotter og mann fekk vere med då Flåte var på sitt første feltoppdrag i Zambia.

– Vi drog på tvers av landet for å snakke med born om skule og utdanning. Vi sanka inn kva dei såg som utfordringar, og kva råd dei hadde til FN. Å ha med familien på reisa gjekk heilt fint, seier Flåte.

Alt stort startar i det små. Det er det viktig å hugse på. Spesielt der vi prøver å jobbe for positive endringar.

Kathrine Olsen Flåte

Variert erfaring frå fleire felt

Eit juniorekspertprogram varer stort sett i to til tre år, med moglegheit for eit fjerde år. Ein vert oppmoda om å få erfaring frå ulike deler av ein organisasjon. Til dømes frå eit landkontor og eit regionkontor, eller eit hovudkontor, dersom moglegheita er der.

– Dei to første åra som JPO jobba eg i Zambia med kommunikasjon og påverknadsarbeid. Kort sagt var jobben å styrke og løfte opp stemmene til born og unge for å styrke rettane deira i Zambia, men også globalt, fortel Flåte.

På tredje året som JPO jobba ho på regionkontoret til UNICEF i Sør-Asia i Katmandu.

– Der jobba eg også med kommunikasjon og påverknadsarbeid. I tillegg hadde eg eit såkalla «stretch assignment» som spesialist på ungdomsengasjement ved hovudkontoret i New York City, fortel Flåte.

Dette lurer folk på

Fekk bruk for all erfaringa si

Eit «stretch assignment» blir ofte omsett med ei «utviklande oppgåve» på norsk. Det betyr å ha moglegheit til å prøve noko nytt eller få erfaring frå eit anna kontor, gjerne med tanke på å vidare karriere.

– Eg fekk moglegheit til å vere medleiar for Youth Advocates Mobilisation Lab for ungdomsaktivistar frå heile verda under FNs generalforsamling. Ungdommane fekk konkrete verktøy til å drive påverknadsarbeid, og også moglegheit til å snakke på «advocacy moments» under generalforsamlingsveka, seier Flåte.

Dette var nyttig erfaring då ho på fjerde året som juniorekspert byrja å jobbe ved hovudkontoret til UNICEF i New York for å jobbe med globalt påverknadsarbeid for å styrke barn og unges psykiske helse.

– Der fekk eg brukt absolutt all erfaringa mi. Det passa inn i den raude tråden i livet mitt, fortel Flåte.

Sjølv om tida som juniorekspert er over, har ho halde fram i UNICEF.

– Eg har på mange måtar same jobben som før, berre at eg no er tilsett som konsulent med base i Oslo, seier Flåte.

Ho er klar på at ho neppe hadde hatt jobben ho har i dag utan karrieren som juniorekspert.

– Som juniorekspert har eg fått gjere ting eg har hatt kompetanse på, men også fått lære heilt nye ting. Det er ei fantastisk moglegheit som fleire burde gripe, seier Flåte.

Var med og gav unge ei stemme

Fire år som juniorekspert har gitt henne mykje, både personleg og fagleg. Langt meir enn kva ein kan få med i ein artikkel. Likevel er det nokre einskildepisodar som har sett djupare spor, enn andre.

Som tida i Zambia der ho jobba mykje med å styrke og få fram born og unge sine stemmer for å styrke rettane deira.

Saman med kollegaer tok ho initiativ til å starte opp the UNICEF Zambia Changemaker Initiative. Dette er ei ordning der born og unge får styrka kunnskap om korleis dei kan drive lokalt og nasjonalt påverknadsarbeid og digital historieforteljing. I tillegg får dei moglegheit til å melde inn både utfordringar og potensielle løysingar til personar som kan gjere noko med det.

– Ein av dei første ungdommane som deltok på dette fekk seinare vere i dialog med presidenten i Zambia om kva som er utfordringane for unge i landet, og kva løysingar dei kunne sjå for seg. Slikt er det stort og rørande å få vere vitne til. Ekstra rørande var det å sjå kor oppteken denne endringsagenten var av at ho gjerne ville vidareføre dei moglegheitene ho sjølv hadde fått, til andre, seier Flåte.

Katrine Olsen Flåte sit på ein benk i parken.

Alt stort startar i det små

Og er det éin ting som sit att etter åra som JPO, så er det at små ting kan bety mykje.

– Everything big starts small. Det er det viktig å hugse på. Spesielt der vi prøver å jobbe for positive endringar. Eitt steg om gongen tel. Det har eg lært frå dei borna og ungdommane eg har møtt, og har eg med meg djupt i hjarterota, seier Flåte.

Å vere juniorekspert er ei fantastisk moglegheit som fleire burde gripe!

Kathrine Olsen Flåte

Lurer du på å søkje? Her er Kathrines tips:

  • Søk!
  • Har du lyst til å bidra positivt i verda, og lære om korleis vi skal møte utfordringar med løysingar, då må du søkje.
  • Ikkje tenk at du ikkje har nok erfaring. Søk på det du er mest interessert i og det du kan tenkje deg å gjere.
  • Vis i søknaden at du er interessert i å lære og at du vil bidra.
  • Ver tolmodig. Ting tek tid i ein juniorekspertprosess. Du får ikkje nødvendigvis svar i løpet av ein månad eller to.
  • Får du avslag? Søk ein gong til! Det er ei øving å skrive slike søknadar. Vis kva du konkret har bidrege til, og knyt motivasjonen din til utlysingsteksten.
  • Og mens du held på, hugs på kvifor du vil vere juniorekspert. Viss du er driven av eit ønskje om å bidra positivt i verda, er det mange andre måtar å gjere dette på. Så bruk engasjementet ditt i ideelle organisasjonar, ver frivillig, og ver snill og grei med deg sjølv og andre.

Did you find what you were looking for?

Sign up for news and updates from Norec

Enter your name and email address to receive the latest updates.