Utveksling mellom Guatemala og Colombia hjelper barn å knekke lesekoden

Elevar i Colombia som tidlegare ikkje kunne lese, les no opptil 60 ord i minuttet. Gjennom ei arbeidsutveksling med støtte frå Norec har lærarar frå Colombia og Guatemala vidareutvikla ein metode for leseopplæring til skular på landsbygda.
F.v. Diana Clemencia Aristizabal og María Alejandra Cardona er lærarar på skulen La Cabana.
Published: 26.11.2026
Last updated: 26.11.2026
Frå den friske fjellufta i storbyen Manizales 2150 meter over havet, følgjer vi ein smal, svingete veg ned mot kaffiplantasjar og jungel. Dess lenger ned vi kjem, dess varmare blir det og lufta er så fuktig at ein kan skjere henne med kniv. Den colombianske landsbygda er frodig, og mange av landsbyane er vanskelege å nå. Caldasregionen har ei trøblete historie prega av narkobaronar, væpna konflikt og paramilitære grupper, men no er det dyrking av kaffi og kakao som står i fokus.
Vi kjem fram til ein frodig dal der det ligg ein barneskule.
Her tyt det elevar ut av alle klasserom. Eit nyleg jordskjelv har råka andre skular i området, og mange elevar er flytta hit midlertidig.
Skulen ligg midt i ein kaffiplantasje og har sitt eige gardsbruk. Elevane lærer å dyrke vekstar frå regionen og å stelle husdyr. Slik får borna praktisk kunnskap om jordbruk medan dei går på skulen.
Men først må dei meistre det grunnleggjande.
– Ingen kan lære dei tekniske faga utan først å kunne lese og rekne, fortel Santiago Cardona frå Fundación Luker.
Frå by til bygd med ny kunnskap
Den ideelle stiftinga Fundación Luker vart oppretta av sjokoladeprodusenten Casa Luker i 1994. Sidan 2014 har stiftinga arbeidd med leseprogrammet Rural Education Alliance Development, forkorta READ i heimbyen Manizales, ein by med 450 000 innbyggarar og tretti mil frå hovudstaden Bogota.
READ-programmet byggjer på lydmetoden, systematisk undervisning og jamleg vurdering av elevane. Lærarane følgjer utviklinga til kvart barn og finn ut kvar det treng meir støtte.
Ifølgje Karen Cristina Jiménez Ramírez, som er prosjektkoordinator i Fundación Luker, har delen elevar som når venta lesenivå i Manizales auka frå 36 til 80 prosent sidan 2018. Tala gjeld det langsiktige arbeidet med leseprogrammet i byen.
Men så ville Fundación Luker nå ut til skular på landsbygda. Dette hadde dei lite erfaring med, for dei hadde nesten utelukkande arbeidd med skular i urbane strøk.
På bygda er det ein heilt annan skulekvardag. Mange lærarar underviser fleire klassesteg i same rom. Skulane har mindre utstyr, avstandane er større og lærarane og familiane har andre føresetnader enn i byen.
Mangla kompetanse på utveksling
Difor byrja Fundación Luker å sjå seg om etter ein partnar i Latin-Amerika som hadde kompetanse på nettopp dette. Og dei fann organisasjonen Seeds for Progress i Guatemala som er ekspertar på leseopplæring i små skular i avsidesliggande plassar i jungelen.
Men framleis mangla dei ein bit av puslespelet, og det var at dei ikkje hadde kompetanse på utveksling. Korleis kunne ein sikre at menneska dei sende til Guatemala, og dei som kom i retur til Colombia fekk god nok oppfølging?
Det var her Norec kom inn med sin kompetanse på gode utvekslingsprosessar. Norec kursar dei som blir sende ut både før og etter utvekslingsopphaldet, og dei følgjer opp at dei involverte organisasjonane held det dei lovar med tanke på bustadforhold og fagleg innhald.
Eit viktig mål for prosjektet, i tillegg til å styrke leseferdigheitene til barn, var å tilpasse lese- og skriveopplæringa til skular på landsbygda.
– Utvekslinga med støtte frå Norec byrja nett då stiftinga hadde bestemt seg for å utvide programmet, fortel Santiago Cardona.
I 2025 byrja utvekslinga mellom Fundación Luker og Seeds for Progress i Guatemala, med støtte frå Norec.







Fleire klassesteg i same rom
Deltakarane frå Colombia reiste til Guatemala med fleire års erfaring med READ-metoden. Dei skulle bidra til å ta programmet i bruk hos samarbeidspartnaren, men oppdaga at dei òg hadde mykje å lære.
– Då vi kom til Guatemala, trudde vi at vi kunne ta i bruk READ i den opphavlege forma. Men vi måtte tilpasse oss tilhøva der, framfor å vente at dei skulle tilpasse seg oss, seier Elizabeth Cristina Bernal, frå Fundación Luker.
I Guatemala fekk deltakarane frå Colombia erfaring med undervisning i fådelte skular og små bygder med spreidd busetnad og mangelfull infrastruktur. Dette var kunnskap Luker trong i arbeidet med å nå nye område heime.
Samtidig har lærarar frå Guatemala arbeidd i Colombia. På skulen utanfor Manizales har fagfolk frå Guatemala undervist i lag med kollegaene sine frå Colombia. Og dei har lært seg READ-metoden som dei no nyttar i Guatemala med god effekt.
Eit samarbeid som har vakse fram over tid
Rektor ved skulen, Angela Patino, fortel at kontakten med Luker byrja under pandemien, då stiftinga hjelpte skulen med å halde kontakten med skuleborn og familiar. Sidan har samarbeidet vakse til å omfatte leseopplæring, matematikk og støtte til lærarane.
– Lærarane får jamleg opplæring, arbeidet blir følgt opp, og skuleleiinga får støtte. Det er ei heilskapleg oppfølging, seier rektoren.
Rektoren verdset særleg at kollegaene frå Guatemala reiste til dei mest aude skulane der tilkomsten er vanskeleg.
READ-metoden går ut på å bruke kort og bøker i stort format. Gjennom språklydar og aktivitetar med dyr og andre figurar frå jungelen, øver borna på å lese og skrive. Patino fortel at metoden hjelper elevane med å utvikle leseflyt og forstå samanhengen mellom lesing og skriving.
I samarbeid har utvekslingsdeltakarane frå Colombia og Guatemala vidareutvikla READ-metoden og resultata er gode, fortel Bernal.
– Vi har hatt elevar i andre og tredje klasse som ikkje kunne lese eitt einaste ord, og som har kome opp i 50–60 ord i minuttet. Det betyr svært mykje for dei å kome på nivå med medelevane sine igjen, fortel Bernal.
Kunnskapen blir delt vidare
Luker brukar no erfaringane frå Guatemala til å støtte andre organisasjonar som driv lese- og skriveopplæring på landsbygda. Deltakarane som har vore på utveksling kjem heim med kunnskap om å tilpasse undervisninga til lokale behov. Fleire får òg større ansvar.
– Mange av dei som kjem tilbake, får nye roller i organisasjonen. Dei byrjar å samordne prosjekt i andre område og løyse utfordringar, fortel Santiago.
Slik får utvekslinga med støtte frå Norec verknad utover dei som reiser. Erfaringane blir tekne i bruk i nye prosjekt og delte med andre organisasjonar. Det som byrja som læring mellom kollegaer i to land, kan dermed hjelpe fleire barn med å knekke lesekoden.








