Hopp til hovedinnhold

Utreisekurs del 1: Etiske og kulturelle dilemma i internasjonalt samarbeid

DEL 1. Norec og Norad inviterer til eit utreisekurs i tre delar for etatar og organisasjonar som arbeider med bistand. Kurset gir eit godt grunnlag for å jobbe meir systematisk og trygt med etikk, tryggleik, beredskap og førstehjelp i utviklingsarbeid.

Mange norske organisasjonar deltek i globale partnarskap der samarbeid, reiser og fysiske møte er viktige for å lukkast. Slike samarbeid inneber møte med ulike kulturelle normer, maktforhold, lovverk og forventningar. Dette kan føre til etiske dilemma og krevjande vurderingar.

Reiser til land med svakare infrastruktur, avgrensa helsetenester, politisk uro eller høgare kriminalitet kan òg gi auka risiko. Fleire tilsette opplever at dei ikkje er godt nok førebudde på å handtere slike situasjonar, særleg når etiske retningslinjer og krav blir utfordra i praksis.

Når ein arbeider utanfor sitt vante miljø, er det ekstra viktig med gode førebuingar, tydelege rutinar og rett kompetanse – både for arbeidsgivar og arbeidstakar.

Arrangørar: Norec, Norad og Flyktninghjelpen

Påmelding innan 20. juni: Etter dette stadfestar vi plass til andre enn partnarar i Kunnskapsbanken og Norad.

Språk: Kurset blir halde på norsk.

Mål og målgrupp

Målet med kurset er å styrkje kompetansen til tilsette som reiser i samband med globale samarbeidsprosjekt innan bistand. Kurset gir eit heilskapleg grunnlag for å arbeide meir systematisk og trygt med etikk, tryggleik, beredskap og førstehjelp i bistands- og utviklingsarbeid. Kurset er òg relevant for arbeidsgivarar som har ansvar for tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø for tilsette på reise.

Kurset passar særleg godt for deg som er ny, men også meir erfarne deltakarar vil få nyttig oppdatering og fagleg påfyll.

Kurset skal bidra til at du og organisasjonen din får:

  • betre føresetnader for å handtere etiske og kulturelle dilemma
  • auka medvit om ansvar, roller og plikter knytte til tryggleik og beredskap
  • meir praktisk kompetanse til å førebyggje og handtere uønskte hendingar på reise
  • Norad, Bygdøy Allé 2, Oslo
Meld deg på