Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Åtte prosjekt får støtte frå EtterUtveksling

Two people standing on a bridge, winter landscape

71 søkarar kiva om støtte frå EtterUtveksling-ordninga. Åtte prosjekt er plukka ut i årets søknadsrunde.

Publisert: 14.01.2026

Sist oppdatert: 01.06.2026

– Årets budsjett er dobbelt så stort som i fjor. Vi er veldig glade for at vi kan støtte åtte prosjekt som har klare mål og god kvalitet, seier sakshandsamar Dilanka Fernando i Norec.

Ho har behandla søknadane saman med nettverksrådgivar Tasle Torrissen Knapstad.

EtterUtveksling er ei tilskotsordning for små prosjekt. Berre personar som har vore på arbeidsutveksling gjennom Norec kan søkje. Ordninga skal gi tidlegare Norec-deltakarar moglegheit til å gjennomføre prosjekt som dei fekk ideen til under eller etter utveksling.

– I denne runden ønskte vi særleg prosjekt som handlar om digitalisering og likestilling, men det var ikkje eit absolutt krav. Det viktigaste er at ideen er god, og at planen for gjennomføring er realistisk, seier Fernando.

Svært god kvalitet på søkjarane

Støtteordninga vart lansert i 2024. I førre søknadsrunde kom det inn 145 søknadar.

– Vi håpa på endå fleire søkarar i år, sidan potten var dobla. Samstundes heldt dei 71 søknadane vi fekk svært god kvalitet. Difor var det krevjande å velje ut dei åtte prosjekta som får støtte, seier Knapstad.

Alle dei åtte prosjekta har ein tydeleg plan og ei nær kopling til Norec. Alle prosjekta har kvinner og jenter som hovudmålgruppe og tek opp tema innan digitalisering eller rettane til kvinner.

– Prosjekta vi har valt ut har god kostnadskontroll, og mest mogleg av midlane går til aktivitetar ute i lokalsamfunna. Dei har også sett realistiske mål og gjennomført gode risikovurderingar, seier Knapstad.

Her kan du lese om dei åtte prosjekta som får støtte:


Betre helse, jobbmoglegheiter og rettar for kvinner og jenter

Kvinner og jenter på teplantasjar og i slumområde i Bangladesh manglar helsehjelp og kunnskap om reproduktiv helse. Mange blir òg utsette for skadelege praksisar knytt til menstruasjon.

Prosjektet skal styrkje kunnskapen om seksuell og reproduktiv helse, og gi jenter og kvinner større moglegheit til å delta i samfunnet.

På seks månader skal 300 kvinner og jenter få:

  • kurs og kampanjar om helse og rettar
  • opplæring i livsmeistring og aktivitetar som gir inntekt
  • hygienepakkar og menstruasjonsprodukt som kan gjenbrukast
  • møteplassar for å dele erfaringar

Dignity First: Menstrual health and empowerment

Land: Bangladesh

Sum: 4,650 USD

Mål: Betre helse og styrkt deltaking i samfunnet for kvinner og jenter

Gi ungdom kunnskap om gjenvinning og moglegheit til arbeid

Unge på Madagaskar manglar opplæring i praktiske ferdigheiter som gi arbeid. Samstundes er plastavfall og avskoging eit stort miljøproblem.

Prosjektet skal gi 60 unge personar opplæring i:

  • gjenvinning av plast
  • økointeriør og kreative gjenbruksprodukt
  • produksjon av miljøvenleg kol laga av landbruksavfall

Målet er å gi ungdom moglegheit til å starte små verksemder, redusere arbeidsløyse og fattigdom i samfunnet, i tillegg til å skape grøne verksemder.

Green prosperity skills

Land: Madagaskar

Sum: 1,750 USD

Mål: Gi ungdom kunnskap til å starte eigne verksemder, redusere avfall og byggje ein grønare lokaløkonomi.

Gi kvinner høve til komme seg varig ut av ekstrem fattigdom

Market Circles jobbar med kvinner som lever i ekstrem fattigdom i slumområda Nsambya, Nakawa og Kamwokya. Prosjektet gir støtte og opplæring slik at kvinnene kan skape ei stabil inntekt.

Prosjektet tilbyr:

  • produksjonsutstyr
  • opplæring og mentorstøtte
  • tilgang til sparing, lån og sosial tryggleik

Market circles: Economic empowerment

Land: Uganda

Sum: 5,150 USD

Mål: Gi kvinner stabil inntekt og større økonomisk tryggleik.

Inntekt for einslege mødrer gjennom økologisk landbruk

Einslege mødrer og unge i Domboshava driv med økologisk jordbruk, men tener lite på arbeidet.

Prosjektet skal gi 20 deltakarar opplæring som agroøkologiske entreprenørar og trenarar. Minst 70 prosent skal vere kvinner.

Dei skal lære om:

  • berekraftig dyrking og produktutvikling
  • pakking og merking med klimavenlege material
  • digital marknadsføring og samarbeid om sal

Sustainable agriculture and enterprise

Land: Zimbabwe

Sum: 5,150 USD

Mål: Gi inntekt og styrkje lokal klimatilpassing.

Motverke vald og betre kvardagen for kvinner

Vald, utnytting av kvinner og dårlege sanitærforhold skalar store problem i fire landsbyar i Madhya Pradesh.

Mange kvinner seier ikkje ifrå når dei blir utsette for vald. Dette kan vere fordi dei lever i eit miljø der vald er normalisert, fordi dei ikkje kjenner rettane sine, eller fordi det manglar eit støtteapparat.

Mangel på toalett på skulane gjer òg til at jenter ofte blir heime når dei har menstruasjon.

Prosjektet skal:

  • bygge to trygge jentetoalett på lokale skular
  • etablere to trygge senter for rådgiving, læring og støtte
  • halde kampanjar om rettar, lover og varslingssystem for over 1200 deltakarar
  • gi rådgiving til minst 20 overlevande
  • lære opp 44 lokale leiarar og endringsagentar

Project BRAVE

Land: India

Sum: 4,850 USD

Mål: Skape tryggleik, betre helse og auke skulegangen til jenter.

Bruke organisk avfall til matproduksjon

I Mbarara er det store utfordringar med dårleg avfallshandtering, matmangel og få inntektsmoglegheiter.

Etter arbeidsutveksling gjennom Norec, starta søkjar ein liten byhage som viste at organisk avfall kan brukast til matproduksjon.

No skal prosjektet utviklast vidare.

Prosjektet skal gi opplæring i:

  • sortering, kompostering og oppdrett av svart soldatfluge
  • dyrking i sekkar og i vatn (hydroponisk dyrking)
  • berekraftig forbruk og klimatilpassing

Sustainable smart-farming and waste solutions

Land: Uganda

Sum: 5,035 USD

Mål: Redusere avfall, betre matsikkerheit og skape inntekter.

Ein arena for læring, produksjon og marknadstilgang for unge

Ungdom i Kibera manglar arbeid, økonomisk kunnskap og moglegheit til grøne jobbar. Samstundes hopar avfall seg opp i området.

Prosjektet skal etablere eit innovasjonslaboratorium der ungdom kan utvikle miljøvenlege løysingar.

Dei får opplæring i:

  • gjenvinning av glas
  • produksjon av miljøvenlege brikettar
  • kreative kunstprosjekt
  • sparing og personleg økonomi

Jitegemee youth innovation lab

Land: Kenya

Sum: 5,150 USD

Mål: Gi unge ferdigheiter, arbeid og nye, grøne moglegheiter.

Gi kvinner betre rettsvern

Kvinner i Epworth har svake eigedomsrettar og lite juridisk kunnskap. Mange lever med risiko for å bli utsette for vald.

Prosjektet vil styrke kvinnene juridisk gjennom:

  • folkeopplysning og mobile rettshjelpsverkstadar for 400 kvinner
  • opplæring av 30 juridiske assistentar og 10 frivillige som kan hjelpe i konfliktar og valdssaker
  • støtte til minst 100 juridiske saker

Epworth equality initiative: property rights & GBV

Land: Zimbabwe

Sum: 5,050 USD

Mål: Styrke rettstryggleiken og gi kvinner meir sjølvstende.

Alle summane er inkludert eit administrasjonsgebyr på 150 USD.

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.