Hopp til hovedinnhold
Historier

Endrar livet til unge kvinner i slummen i Kibera

Day africa 5 scaled

Day Africa har hjelpt over 5000 kvinner med å starte si eiga bedrift i Afrikas største slum.

Publisert: 02.03.2023

Sist oppdatert: 12.05.2026

Det oransje støvet ligg som eit teppe over bølgeblekktaka, medan geiter, høner, kattar og kyr ruslar rundt for å finne seg ein matbit. Elvar av søppel og avføring følger dei tørre vegane uansett kvar du går. Kloakksystem finst ikkje i Kibera. Ein reknar med at ca. 500 000-800 000 menneske bur her, og dei aller fleste er unge.

Av ti unge menneske i Kibera, står åtte utan jobb. 80 prosent. Mange kvinner må ty til å selje eigen kropp for så lite som 100 shilling (10 NOK) - for å få pengar til mat. Utfallet blir enten eit barn eller HIV. Det er ein vond sirkel, som det er vanskeleg å komme ut av.

Dette fortel Norec-deltakar Vena Atieno Nyabala. Ho jobbar for DAY Africa, ein organisasjon som kjempar for å gi kvinner i Kibera ein veg ut av fattigdommen. Gjennom eit intensivt program får kvinnene yrkesopplæring i entreprenørskap, digitale ferdigheiter og forretningsutvikling.

Video

Mindre kriminalitet

Vena og Evans Nyariki er Norec-deltakarar i år og to av fleire fasilitatorar hos DAY Africa. I tre år har organisasjonen drive programmet på Kibera Soweto East Resource Centre. Senteret er blitt ein stabiliserande faktor i området.

Det er mindre kriminalitet, fordi dei unge ser at finst mogelegheiter utanfor slumlivet.

– Vi har hjelpt 5000 kvinner med å starte si eiga verksemd gjennom støtte frå Norec og utvekslingsprogrammet. Vi har sett opp ei rekke ulike kurs for å gjere kvinnene i stand til å forsørge seg sjølv og familiane sine. Og vi utvidar stadig, fortel Evans.

Day africa 1 scaled

Nå reg lærer opp dei unge, går dei tilbake og lærer opp foreldra sine. Så både ungdommen og foreldra dreg nytte av kunnskapen vi gir dei. Vi ser at vi bidreg til å endre livet til folk, og det gjer meg utruleg stolt.

Barnepass kombinert med yrkesopplæring

I klasserommet på senteret sit rundt 30 kvinner og ei handfull menn. I dag får dei diplomet som viser at dei har gjennomført yrkesopplæringa. No ventar arbeidskvardagen som dei sjølve skal skape.

– Unge vil helst vere tilsett ein stad. Dei trur ikkje det er pengar i å drive eiga forretning. Men eg seier alltid; eg vil aldri oppmode deg til å bli tilsett. Eg vil at du skal skape din eigen arbeidsplass, seier Vena.

I det neste lokalet sit ni kvinner og syr. Nokre reparerer klede, andre lagar vesker og kjolar, som dei kan selge. Borna deira er i barnehagen på senteret, som er avgjerande for å få kvinnene til å ta programmet.

– Kvinnene startar eigne bedrifter ved hjelp av ei enkel symaskin, og tener pengar ved å selje produkta dei lagar. Dersom dei helst vil ha ein jobb, koplar vi dei til andre organisasjonar. Det viktigaste er tett oppfølging, så dei held fast på ideen sin og ikkje returnerer til sitt tidlegare liv, seier Evans.

Day africa 3 scaled
Day africa 2 scaled
Day africa 9 scaled
Day africa 4 scaled

Nytt liv

Sidan 2020 har DAY Africa utveksla kunnskap med partnarorganisasjonen sin Inkululelo i Sør-Afrika. Grunna pandemien har kunnskapsdelinga vore digital.

– Vår hovudfokus er alltid å styrke dei unge, i hovudsak dei unge kvinnene. I Afrika vert jenter helst sett på som ei inntektskjelde i form av ekteskap. Gjennom programmet får jentene ei praktisk verktøykasse. Ikkje minst lærer dei korleis dei sjølve kan endre livet sitt. At ein liten idé kan vere vegen ut av fattigdomen, fortel Evans.

Langs dei oransje grusvegane i Kibera ligg småbutikkar tett i tett. Nokre sel bananar, nokre steiker brød, andre grillar maiskolbar, medan andre sel sement. Tenester folk har bruk for. Emily har funne si nisje i å selje ulike grønsaker.

– Før eg gjekk gjennom programmet til DAY Afrika, vurderte eg å stenge butikken min. Eg såg verken framtid i han eller viktigheita av han. Men etter programmet, har eg lært å bygge varelager, skilje privat- og forretningsøkonomi, og eg klarar å legge av nok pengar til å forsørge både meg sjølv og familien min, seier Emily.

Litt lenger nede i gata har Vivian opna ein sementbutikk. Ho lagar og sel murstein.

– Eg har fått så mykje hjelp frå DAY Africa. Eg har lært korleis eg kan kommunisere betre med kundane mine og korleis eg kan utvide butikken min, seier Vivian.

Day africa 13 scaled

Verda utanfor Kibera

Vena og Evans meiner yrkesopplæring er vegen å gå for å endre Kibera til det betre.

– Når eg lærer opp dei unge, gå rdei tilbake og lærer opp foreldra sine. Så både ungdommen og foreldra dreg nytte av kunnskapen vi gir dei. Vi ser at vi bidreg til å endre livet til folk, og det gjer meg utruleg stolt, seier Vena.

– Alle har potensial til å endre livet sitt. Alle kan komme seg ut av slummen og starte på nytt, dersom ein tek ansvar for eigen skjebne. For det er ei anna verd – utanfor Kibera. Men denne verda kjem ikkje automatisk til dei – dei må oppsøke den sjølv, seier Vena.

Day africa 16 scaled
Day africa 12 scaled
Day africa 11 scaled
Day africa 9 scaled
Day africa 15 scaled
Day africa 8 scaled
Day africa 10 scaled
Day africa 7 scaled

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.