Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Juniorekspert i FN: –Ein fordel for heile karrieren mi

Siril e1628585068683

Erfaringa som juniorekspert i FN ga Siril ein pangstart på ei karriere innan internasjonalt arbeid.

Publisert: 01.04.2022

Sist oppdatert: 12.05.2026

Siril K. Herseth starta som juniorekspert i sekretariatet for FNs avdeling for politikk i New York i 2014. Mellom anna koordinerte ho talepunkt til mellom anna FNs generalsekretær og hans undersekretær i samband med alle møter, telefonsamtaler og reiser dei hadde.


–Det var intenst, krevjande og lærerikt! Eg fekk eit unikt innsyn i storpolitikk og konfliktløysing, seier Herseth.


Etter to år i New York bar det vidare til sambandskontoret til FN hos den afrikanske union i Addis Abeba. Der hadde ho ansvar for rapporteringa på Sør-Sudan og Somalia.


–Eg deltok på mange møter, mellom anna i AU sitt sikkerheitsråd. Ein periode fekk eg vere spesialassistent for sjefen for kontoret, nokon som betydde mykje meir ansvar og eit steg opp i rang.


Då ho var ferdig som juniorekspert, vart ho tilsett hos FN i Sør-Sudan. Etter ei tid i den flytta ho heim til Norge og fekk jobb i Redd Barna.


–Den fekk eg grunna erfaringa mi frå FN-systemet, seier Herseth.


I dag tar ho doktograd på Cristian Michelsens institutt, der ho ser på Sør-Sudan og fredsmekling. Det er direkte knytt til det ho arbeidde med i FN.


–Erfaringa mi som juniorekspert har difor vore ein klar fordel for heile karrieren mi.


Er du norsk statsborgar og interessert i å jobbe i FN systemet? Vi har fleire ledige stillingar ute både som juniorekspert og UNV under ledig stilling på norec.no

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.