Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Kunnskapsbanken og Norec samarbeider om kurs

SeminarKB Norec 1 scaled

Kunnskapsbanken i Norad og Norec samla måndag 50 fagekspertar som jobbar med styrking av institusjonar i sør til seminar. Etter eit vellukka arrangement, ser begge moglegheiter for samarbeid om fleire kurs.

Publisert: 17.03.2023

Sist oppdatert: 22.05.2026

Korleis går vi fram for å skape gode partnarskap med institusjonar i sør? Dette spørsmålet danna bakteppet då Norec og Kunnskapsbanken i Norad inviterte til seminaret "Partnerskap og institusjonssamarbeid".

I salen var 50 av Kunnskapsbanken sine partnarar frå norske offentlege institusjonar, og inviterte frå Norhed. Deltakarane var både nye i norske institusjonssamarbeid og tungvektarar med mange års erfaring.

– Vi trur at alle som jobbar med samarbeid mellom institusjonar har nytte av å bli betre kjende med kvarandre. Forhåpentlegvis kan dette føre til at vi snakkar meir saman i framtida, særleg når vi jobbar i dei same landa, seier leiar i Kunnskapsbanken i Norad, Øyvind Eggen.

Bruke erfaringa frå samarbeid mellom institusjonar

Som to etatar under Utanriksdepartementet, jobbar Norad og Norec begge med å utøve norsk utviklingspolitikk.

– Både Norec og Norad jobbar for å nå FNs berekraftsmål gjennom våre partnarar. Så i institusjonssamarbeidets ånd er det ekstra kjekt at vi kan bruke erfaringane vi har opparbeidd oss i dag, seier leiar for kunnskap og læring i Norec, Øystein Garfors.

På agendaen stod utfordringar, forsking på institusjonssamarbeid, kapasitetsutvikling som utviklingsmål, interkulturell kompetanse, og korleis ein kan skape gode partnarskap i praksis.


Kunnskapsbanken Nett 24 1

– I framtida kan det tenkast at vi vil ha meir spissa seminar med ulik tematikk. Men akkurat no trur vi det vil vere nyttig med erfaringsutveksling på tvers, poengterte Eggen.

Den vanskelegaste oppgåva

Sjølv om samarbeidspartnarane og prosjekta ein jobbar med kan vere svært ulike, var det eitt tydeleg fellestrekk.

– Til felles har vi eit mål om å styrke kapasiteten i uhyre viktige institusjonar i lav- og mellominntektsland, understrekar leiar av Kunnskapsbanken, Øyvind Eggen.

– I mine auge er det ei av dei aller viktigaste oppgåvene i utviklingspolitikken. Men det er også ei av dei vanskelegaste, seier han.

Kunnskapsbanken Nett 2 2
Kunnskapsbanken Nett 18
Kunnskapsbanken Nett 20
Kunnskapsbanken Nett 23
Kunnskapsbanken Nett 22
Kunnskapsbanken Nett 21
Kunnskapsbanken Nett 5 2
Kunnskapsbanken Nett 25
Kunnskapsbanken Nett 26
Kunnskapsbanken Nett 31
Kunnskapsbanken Nett 50 e1678869530485
Kunnskapsbanken Nett 1

Må få med partnar i sør

Eit poeng som gjekk att i gruppediskusjonane var behovet for tettare samarbeid, forbetra dialog og kommunikasjon, og eit ønske om å skape likeverdige samarbeid.

– Vi må ha fokus på samhandling, og stille oss spørsmålet: Kven er vi i det store landskapet? Kva kompetanse sit vi på, og korleis kan vi lære av samarbeidspartnarane våre i sør? seier Norecs programdirektør Margunn Indrebø-Alshaikh.

Kunnskapsbanken Nett 1

Norec-partnar Robert Mbaya frå organisasjonen Youth Code var med på seminaret digitalt frå Malawi. Youth Code har hatt eit institusjonssamarbeid med Flora vidaregåande skule i Norge i ei årrekke.

Han nytta taletida til å understreke kor viktig det er å forankre prosjekta hos sør-partnar:

– Donorar og partnarar i nord må jobbe med å skape ein felles visjon med samarbeidspartnar. Ein må vere samde om problema ein skal løyse. Ein må ha tillit og tru på at samarbeidspartnar i sør har kunnskap og kompetanse til å identifisere problem, og legge frå seg tanken om at sør-partnar berre er mottakar av ressursar. Om ein ikkje klarer dette, er samarbeida dømde til feile, sa Mbaya.

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.