Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Norec-nettverket i Malawi vil påverke

Test crop scaled

Norec Network Malawi er etablert. Dei har klare ambisjonar om å sette spor etter seg.

Publisert: 04.03.2025

Sist oppdatert: 12.05.2026

— Dette er noko vi verkeleg treng. Å samle all kunnskapen vi har fått på utveksling gjennom Norec er eit springbrett til uante ting, seier komiteleiar Francic Mtambalika.

Saman med Esmy Chimanda, Mkondo Temwani Harawa, Neo Chitsulo Beaulah, Tionge Angella Banda, Brave Vinjeru, Mazgo Khonje utgjer han styringsgruppa i Norec Network Malawi.

Knirkefri start

Malawi-nettverket vart etablert i midten av februar, og er dermed det andre land-nettverket Norec lanserer. Norec-nettverket i Uganda var først ut veka før.

— Etableringa av desse to landnettverka har gått knirkefritt. Målet har vore å få på plass landnettverk med fungerande komitear, slik at dei sjølve skal stå for vidare aktivitet for nettverket. Engasjementet er stort og vi har stor tru på at desse landnettverka vil bere frukter, seier leiar for Norec-nettverket, Tonje Polden Steinsland.

Det globale Norec-nettverket vart etablert i Nairobi i Kenya i juni 2023, og per i dag har nettverket rund 2300 medlemmer. Ved å danne landnettverk i dei landa som har flest medlemmer, kan ein lettare få til aktivitetar som monnar.

Gruppe 3 scaled
Gruppebilete scaled
Gruppe2 scaled
Gruppe 10 scaled
Gruppe7 scaled
Gruppe 6 scaled
Gruppe 5 scaled
Gruppe 4 scaled
Gruppe 1 scaled
Komite rett scaled

Vil gjere nettverket kjent

Francis Mtambalika seier det er ei ære å bli valt til komiteleiar for Norec Network Malawi.

— Med eit slikt nettverk har vi store moglegheiter. Vi kan komme saman og dele kunnskap, samtidig som vi kan finne ut korleis kunnskapen vi sit på kan komme andre til nytte, seier Mtambalika.

Han peikar på at noko av det dei må prioritere først er å gjere nettverket kjent, slik at flest mogleg tidlegare Norec-deltakarar blir med i landnettverket.

— Vi bør klare å få med ganske mange. Nettverket fungerer to-vegs; kva kan nettverksmedlemmer gjere for nettverket, og kva kan nettverket gi til dei. Her er det berre fantasien som set grenser, seier Mtambalika.

Er som å ha fått ein utvida familie

Tionge Angella Banda (27) er glad for at ho vart valt inn i komiteen, og rosar initiativet til landnettverket.

— Vi bur alle her i Malawi, mange av oss utan å kjenne til kvarandre. Ved å bli del av nettverket får du ein utvida familie. Berre på desse to dagane vi har hatt i lag har vi inspirert og motivert kvarandre på så mange måtar, seier Banda.

Ho trur landnettverket kan få ringverknadar som vil merkast i Malawi.

— Eg trur Norec Network Malawi vil påverke positivt i mange retningar. Ved at vi utviklar forskjellige aktivitetar, vil vi ha ein påverknad forskjellige stadar i samfunnet, trur Banda.

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.