I mai 2023 starta Norec opp eit nettverk av tidlegare Norec-deltakarar. Det har gått over all forventning.

– 1400 personar har meldt seg inn i Norec Network til no. I løpet av 2024 skal alle dei 12 000 tidlegare Norec-deltakarane få invitasjon til nettverket, seier rådgivar i Norec, Tonje Polden Steinsland.

Personar som har vore på utveksling gjennom Norec sit på mykje kunnskap som dei har tileigna seg gjennom utvekslinga. Norec har hatt eit ønske om å lage ein arena der denne kunnskapen kan utvikle seg og vekse. Slik vart ideen om Norec Network til.

– Vi vil at dei skal vidareføre kunnskapen for å byggje berekraftige lokalsamfunn og halde fram med å lage nye nettverk på tvers av landegrenser med andre deltakarar. Slik held vi fram med å dele kunnskap også lenge etter at dei har vore på utveksling gjennom Norec, seier Steinsland.

Hadde første fysiske samling i Kenya

Startskotet til Norec Network gjekk i slutten av mai 2023. Då møttest 30 personar, som tidlegare har vore på ei Norec-utveksling, fysisk i Nairobi i Kenya.

– Denne gruppa fekk vere med å forme kva Norec Network skal vere. Vi veit at folk som har vore på utveksling gjennom Norec sit på mykje kunnskap. Men vi har mangla ein arena der ein kan dele kunnskapen og danne nye nettverk av folk som har nytte av det andre kan, seier Steinsland.

Norec har til no sendt ut 4000 invitasjonar, og laga ei LinkedIn-gruppe der medlemmene kan kommunisere digitalt.

– Vi har ikkje moglegheit til å ha fysiske nettverksmøte for alle. Det let seg rett og slett ikkje gjere. Men gjennom eit digitalt nettverk på Linkedin kan vi setje dei i kontakt med kvarandre, informere om kurs og webinar, og dei kan knyte kontakt på tvers av fag og landegrenser, seier Steinsland.

Stor variasjon i aktivitetar

I 2024 har vi mål om minst ein aktivitet og eitt nyheitsbrev i månaden.,

– Aktivitet kan vere så mangt. Det spenner frå fysiske samlingar, digitale samlingar, e-læringa og webinar til andre former for kunnskapsdeling, seier Steinsland.

Ho ser fram til å få invitert alle dei 12 000 tidlegare Norec-deltakarane i løpet av 2024.

– Grunnen til at vi ikkje har invitert fleire enno, er rett og slett at vi har fått kjemperespons. Vi har prioritert å få på plass rammer for nettverket og svare folk på dei spørsmåla dei har, framfor å invitere alle på same tid. Det ville ført til at vi ikkje hadde hatt kapasitet til å svare alle, og det trur vi ville vore uheldig, seier Steinsland.

Norec network i Nairobi 2023
Norec network i Nairobi 2023
Norec network in Nairobi 2023
Norec network in Nairobi 2023
Norec network in Nairobi 2023
Norec network in Nairobi 2023
Norec network in Nairobi 2023
Norec network in Nairobi 2023

Har gitt effekt også for Norec

I haust hadde nettverket si andre fysiske samling med deltakarar som held til i Nepal. Også her var mottakinga overveldande.

– Det er tydeleg at dette er eit tilbod som dei har sakna. Vi ser umiddelbare resultat frå dei to samlingane vi har hatt. Folk finn saman, ser moglegheiter og løysingar, og dreg vekslar på kvarandre i profesjonelle samanhengar, seier Steinsland.

Også for Norec som organisasjon har det nye nettverket opna for nye moglegheiter.

– Vi har komme i kontakt med folk som vi knyter til oss som til dømes førelesarar på kursa våre, tolkar, eller som ressurspersonar på andre felt, seier Steinsland.

Ho gler seg stort over å sjå kor ivrige medlemmene i nettverket er.

– Det kjem til syne eit vell av kompetanse, det veks fram nye idear på rad og rekkje når folk får innblikk i kva andre sit på av kunnskap. Det er verkeleg kjekt og meiningsfylt å sjå, seier Steinsland.

Vidareutviklar arbeidet til Norec

Kvart år støttar Norec utveksling av personell mellom norske etatar, bedrifter og organisasjonar og 25 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Med eit Norec-tilskot sender arbeidsplassen tilsette på utveksling til eit anna land.

Når medarbeidaren kjem tilbake, får heile organisasjonen nytte av det hen har lært. Den tilsette får internasjonal arbeidserfaring, nye impulsar og nye ferdigheiter. Sidan Norec starta opp i 1963 har meir enn 12 000 menneske vore på utveksling. For mange av desse har kunnskapen dei opparbeidde seg gjennom utvekslinga hatt stor påverknad for deira vidare liv.

– Dette er ein super måte å vidareutvikle det Norec har vore fram til i dag – 60 år med delt kunnskap. Delinga held fram, men på ein heilt ny måte og eit nytt forum. Vi ser med forventning på kva dette kan utvikle seg til, seier Steinsland.

Viss nokon skulle ønskje å bli med i nettverket, men enno ikkje har fått invitasjon, har Steinsland ein beskjed:

– Vi inviterer tidlegare deltakarar land for land. Men vi veit av erfaring at vi ikkje har korrekt e-postadresse på alle som har vore på utveksling gjennom Norec. Dersom du veit at andre frå heimlandet ditt har fått invitasjon, men ikkje du, så sender du meg ein e-post, slik at vi får din rette e-post, seier Steinsland.

E-posten sender du til tonje@norec.no