Norec

Norec - eit kompetansesenter

Norec er eit kompetansesenter for internasjonale samarbeid. Gjennom utveksling styrkar vi globale partnarskap og gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring.

Les meir

Norec jobbar med internasjonale samarbeid

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er Norges einaste kompetansesenter for internasjonale utvekslingssamarbeid. Som ein etat under Utanriksdepartementet er vi ein del av Norges samla innsats for å nå FNs berekraftsmål.

Metoden vår har menneske i fokus. I over 20 år har organisasjonar, institusjonar og bedrifter får utvikle seg gjennom Norec ved å bruke det viktigaste dei har: Folk.

Med eit Norec-tilskot sender arbeidsplassen tilsette på utveksling til eit anna land. Når medarbeidaren kjem tilbake, får heile organisasjonen nytte av det ho har lært. Den tilsette får internasjonal arbeidserfaring, nye impulsar og nye ferdigheiter.

Sentralt i metoden vår står kurs. Norec kursar og rettleier deltakarar og leiarar før, under og etter opphaldet i utlandet. Alle partar får også bli ein del av eit internasjonalt nettverk med andre som også jobbar internasjonalt.

Norec rekrutterer nordmenn til FN og Verdsbanken

I dag går størsteparten av norske bistandsmidlar til multilaterale organisasjonar. Å få fleire nordmenn inn i FN- og Verdsbanken er viktig for at Norge skal nå sine utviklingspolitiske mål.

I 2020 overtok Norec ansvaret for å rekruttere nordmenn til multilaterale organisasjonar frå Utanriksdepartementet.

  • Slik fungerer ei Norec-utveksling

    Eit sjukehus i Norge har ei samarbeidsavtale med eit sjukehus i India – dette kallar vi eit partnarskap. Ein ung indisk sjukepleiar og ein ung norsk sjukepleiar plass for eitt år – dette kallar vi utveksling.

    Medan dei er på utveksling opplev sjukepleiarane både utfordringar, meistring, oppturar og nedturar. Dei får nye ferdigheiter, lærer eit nytt språk og opplev ein annan kultur. Kort fortalt lærer dei mykje om både yrket sitt og seg sjølv.

    Vel heime brukar dei alt dei har lært til å gjere sjukehuset dei jobbar på betre til å levere helsetenester i lokalsamfunnet.

    Før, undervegs og etter utvekslinga tilbyr Norec kurs og rettleiing for både sjukepleiarane som reiser på utveksling og leiarane deira. Slik får alle partar maksimal læring ut av utvekslinga.

  • Kjerneverdi - gjensidigheit

    Gjensidigheit er ein overordna verdi og ei rettesnor for Norec. At eit partnarskap er gjensidig betyr at alle både bidreg og får noko ut av det.

    Alle partar er likeverdige i eit gjensidig partnarskap. Kvar aktør har myndigheit i prosessar og avgjerder som gjeld dei. Partnarane skal samarbeide om å utforme prosjekt, mål, rekruttere og følgje opp deltakarar, samt openheit om ressursbruk og budsjett. Dei set seg eigne mål, men som partnarar forpliktar dei seg til å hjelpe kvarandre med å oppnå desse måla.

    Tillit er tidskrevjande å bygge. Vi veit at gjensidigheit i eit partnarskap utviklast over tid. Denne tilliten som oppstår fører til deling av ansvar, eigarskap til kvarandre sine resultat og ei felles forståing av utfordringar. Gjensidigheit tydeleggjer bidrag, respekt og eigarskap til eigne målsettingar, og gir rom til å delta i utviklinga av eige samfunn.

  • Åtferdsverdiar

    I tillegg til gjensidigheit har Norec nokre åtferdsverdiar som skal kjenneteikne både tilsette og deltakarar. Dei er forma som verdipar, og viser korleis vi skal takle fleire dimensjonar samstundes:

    Utfordre og vise respekt.

    Vere engasjert og profesjonell.