VinterPulse Oslo 2017

Dette gjer Norec

Slik fungerer utvekslinga

Utvekslingen skjer mellom partnarar

Utvekslinga skjer mellom norske og utenlandske verksemder/organisasjoner.

De må sjølv finne ein partnar de vil utveksle med før de søker stønad frå oss. 

Vi kan også gi stønad til utveksling der begge partnarar held til i utlandet, eller der ein norsk partnar ønsker samarbeid med to partnarar i utlandet. 

Deltakarane reiser for å jobbe

Dei som reiser på utveksling er som hovudregel mellom 22 og 35 år. 

De kan rekruttere deltakarar blant eigne tilsette eller medlemmer, eller lyse ut utvekslinga eksternt. Alle som reiser på utveksling må delta på ei førebuingskurs i regi av Norec. 

Utveksling er til for å lære av kvarandre

Under utvekslinga reiser deltakarane frå Norge for å jobbe i utlandet, samtidig som dei utanlandske deltakarane kjem til Norge. 

Kostnadar og ressursbruk

Norec dekker ei moderat løn/lommepengar for deltakarane. Vi dekker også reise, opphald, forsikring og språkkurs. 

Ein av dykkar tilsette må ta seg av kontakten med Norec, følge opp deltakarane og administrere utvekslinga. Kontaktpersonen får delta på kurs og møter gjennom Norec. 

Vi gir eit lite administrasjonstilskot til alle partnarar. De må likevel rekne med å legge ned ressurser i form av arbeidstid i prosjektet.

Kurs og opplæring

Norec tilbyr kurs for våre partnarar og deltakarar. Målet med opplæringa er å sørge for at alle involverte har best mogleg forutsetningar for å skape fruktbare utvekslingsopphald og vellukka partnarskap. 

Partnarar får opplæring i relevante prosjektstyringsverktøy og rettleiing i oppfølging av deltakarar, og vi sørger for at deltakarane er godt førebudd til utveksling og får oppfølging på veg heim igjen til kvardagen. Det er også viktig for kursa til Norec at deltakerne får moglegheiten til å lære frå kvarandre, dele erfaringar og bygge nettverk på tvers av landegrenser. Læring skal delast, ikkje haldast for seg sjølv. 

Søk om stønad til utveksling

Your browser does not support SVG

Bangladesh

12 prosjekt

23 deltakarar

Bhutan

1 prosjekt

Brazil

8 prosjekt

70 deltakarar

Burundi

3 prosjekt

8 deltakarar

Cambodia

3 prosjekt

7 deltakarar

China

3 prosjekt

Colombia

4 prosjekt

38 deltakarar

Ethiopia

5 prosjekt

15 deltakarar

Guatemala

2 prosjekt

8 deltakarar

India

17 prosjekt

34 deltakarar

Kenya

24 prosjekt

83 deltakarar

Madagascar

12 prosjekt

44 deltakarar

Malawi

16 prosjekt

94 deltakarar

Mozambique

3 prosjekt

42 deltakarar

Myanmar (Burma)

3 prosjekt

Namibia

1 prosjekt

Nepal

21 prosjekt

53 deltakarar

Nicaragua

2 prosjekt

8 deltakarar

Norge

31 prosjekt

147 deltakarar

Rwanda

8 prosjekt

14 deltakarar

South Africa

11 prosjekt

20 deltakarar

Sudan

1 prosjekt

Tanzania

17 prosjekt

24 deltakarar

Thailand

1 prosjekt

Uganda

20 prosjekt

59 deltakarar

Vietnam

5 prosjekt

11 deltakarar

Zambia

10 prosjekt

8 deltakarar

Zimbabwe

8 prosjekt

4 deltakarar

Kvifor drive med utveksling?

Utveksling gir utvikling og vekst. Det utvidar perspektiv og endrer haldningar og gjer verksemder, institusjoner og organisasjoner betre rusta til å nå måla sine. Utveksling er også et reiskap for gjensidig læring mellom Norge og utviklingsland.

  • 9 av 10 verksemder seier de har fått betre teknisk kompetanse gjennom utveksling
  • Få kunnskap om interkulturell kommunikasjon
  • Styrk samarbeidet med din partnar i Asia, Afrika eller Latin-Amerika
  • Mer motiverte tilsette/frivillige
  • Personalutvikling og kunnskapsløft
  • Bidra til utvikling og tilbakeføring av kunnskap i Norge og utviklingsland
  • Leiartrening

Sidan 2001 har over 1234 prosjekt og 9524 deltakarar delteke på utveksling i regi av Norec.