Hopp til hovudinnhald

Oversikt: Tilskot til arbeidsutveksling frå Norec

Om ordninga

Norec gir tilskot til arbeidsutveksling mellom samarbeidspartnarar i Norge, og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. Målet er å fremje berekraftig utvikling gjennom arbeidsutveksling, og ordninga gir unge fagpersonar høve til å få internasjonal erfaring. For å kvalifisere til tilskotet må du ha ein samarbeidspartnar i eit av Norecs partnarland.

Har du spørsmål? Send til norec@norec.no.

Utlysningar og søknadsfrist

Sjå opptak av informasjonsmøte om korleis du kan søke på tilskotet (OBS! På engelsk)

 

Søknadsprosessen består av to samankopla faser:

Fase 1: Utvikling av prosjektidé

  • Søkarane må søke ilag i eit partnarskap.
  • Søkarane må sende ei kort skildring av prosjektidéen sin til Norec.
  • Dersom den blir godkjent, får partnarskapet finansiering til å møtast fysisk og vidareutvikle idéen.
  • Norec gir rettleiing og opplæring i korleis ein kan jobbe godt med ein internasjonal partnar og planleggje eit vellykka utvekslingsprosjekt

Fase 2: Gjennomføring av prosjektet

  • Når fase 1 er gjennomført kan partnarskapet søke om arbeidsutveksling.
  • Dersom søknaden blir godkjent vil partnarane få finansiering til å gjennomføre eit utvekslingsprosjekt.
  • Norec gir rettleiing og opplæring i korleis ein kan jobbe godt med ein internasjonal partnar og gjennomføre eit vellykka utvekslingsprosjekt.

Sjekk om du kvalifiserer for dette tilskotet

Dei absolutte krava frå Norec må vere oppfylte for å kunne få støtte til arbeidsutveksling.

Ta testen her