Hopp til hovedinnhold

Søk arbeidsutveksling fase 2: Gjennomføring av prosjekt

Fase 2 er for partnarskap som har gjennomført fase 1.

Søknadsfrist: 15. august 2026.

Kort om fase 2

Fase 2 er det andre steget i ei arbeidsutveksling gjennom Norec.

For å få søke på fase 2 må ein ha fullført fase 1. Partnarar som nyleg har hatt eit prosjekt hos Norec kan også søke rett på fase 2 dersom dei ønsker å halde fram med prosjektet.

Dersom søknaden for fase 2 blir godkjend, får de støtte til å gjennomføre ei arbeidsutveksling.

Norec gir rettleiing og opplæring. I tillegg vil alle som er involvert i utvekslinga få kursing for å sikre god gjennomføring.

Tilskotsordninga er konkurransebasert. Søknader må vere fullstendige, sendast inn innan fristen og oppfylle alle formelle krav.

Tidslinje om du søker 15.08.2026

Partnarskap som har fullført fase 1 kan søke om fase 2. Dersom ein søker fase 2 med frist 15. august 2026, er dette tidslinja for prosjektet:

År

  • august

    • 15. august 2026: Søknadsfrist fase 2
  • november

    • Godkjenning eller avslag på fase 2-søknadenDet seinaste tidspunktet du vil få eit svar på søknaden din