Tilskot til arbeidsutveksling frå Norec

Tilskot til arbeidsutveksling frå Norec
Norec gir tilskot til arbeidsutveksling mellom samarbeidspartnarar i Norge, og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.
Kort om ordninga
Målet med tilskotet er å fremje berekraftig utvikling gjennom arbeidsutveksling. Ordninga gir unge fagpersonar høve til å få internasjonal erfaring.
For å kvalifisere til tilskotet må du ha ein samarbeidspartnar i eit av Norecs partnarland.
Søknaden består av to samankopla faser
Fase 1: Utvikling av prosjektidé
- Søkarane må søke ilag i eit partnarskap.
- Søkarane må sende ei kort skildring av prosjektidéen sin til Norec.
- Dersom den blir godkjent, får partnarskapet finansiering til å møtast fysisk og vidareutvikle idéen.
- Norec gir rettleiing og opplæring i korleis ein kan jobbe godt med ein internasjonal partnar og planleggje eit vellukka utvekslingsprosjekt
Fase 2: Gjennomføring av prosjektet
- Når fase 1 er gjennomført, kan partnarskapet søke om arbeidsutveksling.
- Dersom søknaden blir godkjent vil partnarane få finansiering til å gjennomføre ei arbeidsutveksling.
- Norec gir meir rettleiing og opplæring, og alle involvert i prosjektet får delta på kurs for å sikre god gjennomføring.
Formelle krav for finansiering
Alle krav og vilkår vil bli oppdatert i ein utlysningstekst i god tid før søknadsfristen.
For å kunne få støtte til arbeidsutveksling må ein oppfylle nokre absolutte krav. Du kan enkelt sjekke om bedrifta eller organisasjonen din er kvalifisert ved å svare på desse spørsmåla:
Ein-til-ein samtale med Norec
Vi tilbyr ein 15-minutts samtale der du kan stille oss spørsmål om arbeidsutveksling.
Datoar: 18. juni – 20. august 2026
Tid: Kvar torsdag kl. 14.00–16.00 (CEST)
Kvar organisasjon kan bestille éin samtale. Vi anbefaler at de førebur spørsmåla på førehand, slik at de får mest mogleg ut av samtalen.
Dette tilbodet er for søkjarar som har spørsmål om tilskotet. Dersom du har generelle spørsmål, ber vi deg bruke kontaktskjemaet nedst på denne sida.
Retningslinjer
Når du fyller ut søknaden din vil det vere nyttig å sjå på retningslinjene våre. Dei finn du her:
Søk her (kun engelsk)
Kontakt oss
Har du spørsmål om arbeidsutveksling som du ikkje finn svar på her på sida? Då kan du spørre i chatboten vår, eller kontakte oss via kontaktskjemaet.



















