Hopp til hovedinnhold

Tilskot til arbeidsutveksling frå Norec

To personar som klipper håret på ei treningsdokke

Tilskot til arbeidsutveksling frå Norec

Norec gir tilskot til arbeidsutveksling mellom samarbeidspartnarar i Noreg, og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Eg vil lære meir om tilskotet

Eg er allereie partner

Eg vil sjå andre prosjekt de støttar

Søknaden består av to samankopla faser

Fase 1: Utvikling av prosjektidé

  • Søkarane må søke ilag i eit partnarskap.
  • Søkarane må sende ei kort skildring av prosjektidéen sin til Norec.
  • Dersom den blir godkjent, får partnarskapet finansiering til å møtast fysisk og vidareutvikle idéen.
  • Norec gir rettleiing og opplæring i korleis ein kan jobbe godt med ein internasjonal partnar og planleggje eit vellukka utvekslingsprosjekt

Fase 2: Gjennomføring av prosjektet

  • Når fase 1 er gjennomført, kan partnarskapet søke om arbeidsutveksling.
  • Dersom søknaden blir godkjent vil partnarane få finansiering til å gjennomføre ei arbeidsutveksling.
  • Norec gir meir rettleiing og opplæring, og alle involvert i prosjektet får delta på kurs for å sikre god gjennomføring.

Formelle krav for finansiering

For å kunne få støtte til arbeidsutveksling må ein oppfylle nokre absolutte krav.

Alle krav og vilkår vil bli oppdatert i utlysningsteksten i god tid før søknadsfristen.

Du kan enkelt sjekke om bedrifta eller organisasjonen din er kvalifisert ved å svare på desse spørsmåla:

Retningslinjer

Når du fyller ut søknaden din vil det vere nyttig å sjå på retningslinjene våre. Dei finn du her:

Kort om ordninga

Målet med tilskotet er å fremje berekraftig utvikling gjennom arbeidsutveksling. Ordninga gir unge fagpersonar høve til å få internasjonal erfaring.

For å kvalifisere til tilskotet må du ha ein samarbeidspartnar i eit av Norecs partnarland.

Kontakt oss

Har du spørsmål om arbeidsutveksling som du ikkje finn svar på her på sida? Då kan du spørre i chatboten vår, eller kontakte oss via kontaktskjemaet.

Historier frå prosjekt vi støttar