Hopp til hovudinnhald

Å vere Norec-deltakar

Norec finansierer utvekslinga, men det er ikkje vi som står for rekruttering av deltakarar. Det er det partnarorganisasjonane sjølve som tek seg av. Viss du er interessert i å vere deltakar, kan du lese om prosjekta på prosjektsidene våre, og ta direkte kontakt med våre partnarar når dei har eksterne utlysingar.

Les meir
  • Korleis bli deltakar?

    Norec finansierer utvekslinga, men vi står ikkje for rekruttering av deltakrar. Det er det partnarorganisasjonane sjølve som tek seg av. Dersom du er interessert i å vere deltakar, kan du lese om prosjekta på våre prosjektsider, og ta direkte kontakt med våre partnarar når dei har eksterne utlysingar.

  • Rettar og plikter

    Følgande vert dekt av Norec, gjennom organisasjonen din:

    • leige av bustad, inkludert gass, straum, vatn osv.
    • reise- og helseforsikring for heile perioden, inkludert kursa.
    • månadleg honorar. Summen vert rekna ut basert på levekostnadane i heim- og vertslandet ditt. Merk at honoraret kan vere skattepliktig, enten i heimlandet eller vertslandet.
    • reisekostnadar til og frå heimlandet ditt, og til og frå kursa.
    • deltakaraktivitetar, avhengig av behova til organisasjonen din.
    • avreise/oppstartstilskot til å dekke ting som pass, visum, vaksinar, arbeidsløyve, naudsynte klesplagg, utstyr og liknande.

    Kontrakten din

    Kontrakten din vert kalla participant agreement, og skal som eit minimum innehalde:

    • varigheit på tilsetjinga di
    • ei skildring av aktivitetar, plikter og ansvar både før og etter utvekslinga
    • kor mykje honoraret ditt er, korleis det vert utbetalt og i kva valuta
    • skattefrådrag bør vere spesifisert, dersom det er mogleg
    • arbeidsforhold under utvekslinga, inkludert arbeidstid, offentlege fridagar, avtalefesta ferie osv.
  • Roller og ansvar

    Her finn du eit raskt oversyn over kven som har ansvar for kva, før, under og etter utvekslinga.

    Du som deltakar har ansvaret for å:

    • avklare forventingar – både frå heimorganisasjon og vertsorganisasjon – før og under utvekslinga.
    • klargjere rapporteringsrutinar
    • delta aktivt i dei obligatoriske kursa
    • hugse at du representerer både heim/vertsorganisasjon og Norec under utvekslinga
    • følge Norecs etiske retningslinjer.

    Vertspartnar sitt ansvar:

    • førebu og rettleie deltakaren undervegs i utvekslinga
    • sørge for trygg og rimeleg bustad
    • gje sikkerheitsbrifing til deltakaren
    • sørge for at deltakaren har ein emergency plan som inkluderer all naudsynt kontaktinformasjon
    • betale avtalt honorar til deltakaren

    Heimpartnar sitt ansvar:

    • rekruttere deltakarar
    • lage ein participant agreement
    • sikre at deltakaren er førebudd før dei reiser
    • for nokre: organisere heimkomstkurs
    • sikre at deltakarane får gjort oppfølgingsarbeidet sitt

    Norec sitt ansvar

    • finansiering
    • rettleie heim- og vertspartnar
    • kursing av både partnar og deltakar
    • sikre at rapporteringsrutinar vert halde.
  • Etiske retningslinjer

    Arbeidet i Norec er tufta på likeverd, solidaritet og gjensidigheit. Våre etiske prinsipp står i sentrum av desse verdiane. Deltakarar, partnarar og medarbeidarar er alle saman ambassadørar for Norec, og skal opptre i samsvar med disse etiske retningslinjene i arbeidet vårt og i våre relasjonar til andre.

    Vi er kulturbevisste

    Vi set oss inn i lokale lover og reglar, kultur og tradisjonar, og oppfører oss på ein måte som viser respekt for dette.

    Vi respekterer menneske si verdigheit

    Gjennom måten vi opptrer på, viser vi respekt overfor alle enkeltpersonar, uansett rase, kjønn, religion, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, språk, seksuell legning, alder, sosioøkonomisk status, politisk overtyding eller eventuelle andre særtrekk. Vi aksepterer ikkje noko form for trakassering, misbruk eller diskriminering.

    Vi er ansvarlege

    Vi vurderer miljøkonsekvensane av aktivitetane våre. Vi utnyttar ikkje vår posisjon for å oppnå fordelar for oss sjølve eller andre. Vi har nulltoleranse overfor korrupsjon og andre finansielle avvik, og vi rapporterer uakseptable forhold eller uakseptabel åtferd.

  • Helse og sikkerheit

    Det er viktig å vere klar over helse- og sikkerheitssituasjonen når du er på utveksling. Når du er langt heimanfrå er det vanskelegare å skilje ein trygg situasjon frå ein utrygg.

    Når du kjem fram skal vertsorganisasjonen sørge for:

    • sikkerheitsbrifing
    • emergency plan med all naudsynt kontaktinformasjon

    Under sikkerheitsbriefingen, pass på at de:

    • går gjennom moglege risikofaktorar
    • diskuterer kva de skal gjere i ein krisesituasjon
    • hugsar å lagre naudnummera på telefonen

    Registrer opphaldet ditt hos heimlandets ambassade

    • norske borgarar kan lett registrere seg på reiseregistrering.no. Du vil då få informasjon og råd frå Utanriksdepartementet dersom det skjer ei krise.

Kommande kurs

Komande kurs

Norec held både fysiske og digitale kurs for alle som skal reise på utveksling. Her finn du informasjon om komande kurs.