Hopp til hovedinnhold
Historier

Norec-partner Techbridge styrker unge entreprenørar

Bilde av fire menn som samarbeidar ved ein laptop. Dei er ein del av prosjektet til Techbridge Invest, som er eit døme på korleis næringslivet bidrar til utvikling og berekraftsmåla.

Sidan 2017 har Techbridge Invest lært opp over 600 unge entreprenørar i Kenya og fremja berekraftig forretningsutvikling. Med støtte frå Norec, bidreg dei til å minske ulikskapar og fremje økonomisk vekst i Aust-Afrika.

Publisert: 26.06.2024

Sist oppdatert: 12.05.2026

– I Techbridge møter vi folk med ei praktisk tilnærming, slik at dei lærer medan dei jobbar. Det har gitt oss moglegheit til å bygge vellukka oppstartsselskap og hjelpe unge entreprenørar å lukkast, forklarar Milton Onyiro, som er finanskontrollør i Techbridge Kenya.

Techbridge Invest tilbyr opplæring, rettleiing og praktisk støtte til unge entreprenørar i Kenya for å skape lønnsame og berekraftige selskap. Mellom 2021 og 2024 var selskapet del av ei Norec-utveksling mellom Techbridge Invest i Noreg, Techbridge Invest Africa i Kenya og SUNami Solar i Kenya og Uganda. Prosjektet er eit godt døme på korleis næringslivet kan bidra til utvikling og berekraftsmåla.

Nysgjerrig på ordninga? Klikk her for å lære meir om tilskotet og korleis det kan hjelpe bedrifta di

Store moglegheiter i den afrikanske marknaden

Techbridge Invest har utvikla intensive opplærings- og inkubasjonsprogram som varer i sju til ni månadar.

– Desse programma har vore avgjerande for å etablere selskap innan solenergi, tryggingsløysingar og landbruk, seier tidlegare finansdirektør i Techbridge og tidlegare Norec-deltakar, Nermina Ljevakovic.


Nermina Ljevakovic Techbridge Invest 3

Ljevakovic var første deltakar på utveksling i det Norec-støtta prosjektet. Ho var med og bygde opp Techbridge Invest Africa frå kontoret i Mombasa i Kenya.

F692D906 15D7 4664 8A96 2799F42401E4 scaled

Techbridge Invest i Noreg, Techbridge Invest Africa og SUNami Solar jobbar med å bruke teknologi og innovasjon for å nå berekraftsmåla og skape ei betre framtid.

Styrker kvinner og unge menneske

Techbridge Invest vil hjelpe fleire kvinner inn i teknologibransjen. Ved å gi kvinner moglegheiter til å lære seg teknologi, og sikre seg jobbar innan feltet, bidreg dei til å løfte kvinner inn i næringslivet. For Techbridge har samarbeid med internasjonale partnarar vore ein nøkkelfaktor, noko dei har kunne gjort ved hjelp av støtta frå Norec.

– Utveksling av tilsette mellom Noreg, Kenya og Uganda har vore viktig for å sikre kunnskapsdeling og oppbygging av Techbridge Invest Africa i Kenya, seier Ljevakovic.

På åtte år har Techbridge Invest skapt over 500 arbeidsplassar i Aust-Afrika.

Brukar teknologi for å nå berekraftsmåla

Techbridge Invest hjelper gründerar frå idéfase til nyoppstarta bedrifter. I tillegg har Techbridge eit fond som investerer i desse selskapa, og hjelper dei til å bli sjølvstendige.

Selskapa som får støtte frå Techbridge Invest utviklar teknologiske og innovative løysingar på utfordringar i den afrikanske marknaden.

Eit døme på dette er SUNami Solar Kenya, som jobbar med å elektrifisere landsbygda i Kenya og Uganda. Selskapet vart etablert som eit resultat av opplæring i entreprenørskap, og var del av eit Norec-støtta partnarskap.

– Tilgang til straum er det viktigaste for forbrukarane i Kenya, uavhengig av kjelda. SUNami tilbyr rimelege solcellepanel som gir folk moglegheit til å starte små bedrifter, til dømes frisørar eller kinoar, noko som skapar jobbar og aukar velstanden, seier Ljevakovic.

Ho peikar på at dersom vi skal nå berekraftsmåla og få slutt på fattigdom, er det viktig at veksten i Afrika er grøn.


Bilde av fire menn som samarbeidar ved ein laptop. Dei er ein del av prosjektet til Techbridge Invest, som er eit døme på korleis næringslivet bidrar til utvikling og berekraftsmåla.

Den grunnleggjande tanken til Techbridge Invest er å tene pengar, samtidig som dei bidreg til berekraftig utvikling i Afrika.

SUNami Solar Kenya NRC 00531 Foto Maiken Solbakken

– Innsatsen til Techbridge Invest er ein vinn-vinn situasjon for bedrifter, entreprenørar og verda. Vi byggjer og investerer i selskap med klimasmart teknologi som løyser utfordringar, seier Ljevakovic.

Verdiane til Norec er viktige

Innsatsen Techbridge Invest legg ned for å styrke unge entreprenørar i Aust-Afrika syner korleis strategiske investeringar og internasjonalt samarbeid kan skape monaleg sosial og økonomisk påverknad.

– Verdiane til Norec er viktige. Dei samlar oss som eit globalt samfunn, får oss til å jobbe saman og sjå framover. Det er kjernen av utvikling, seier Onyiro frå Techbridge Invest Africa.

For bedrifter kan eit Norec-samarbeid med forretningspartnarar i sør bidra til tettare samarbeid og redusert risiko. Har du eit samarbeid innan næringslivet som kan bidra til utvikling, og samstundes bidra til at vi kan nå berekraftsmåla?

Nysgjerrig på ordninga? Klikk her for å lære meir om tilskotet og korleis det kan hjelpe bedrifta di


Norec-partner Techbridge Invest i Øst-Afrika og deres samarbeidspartnere

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.