Norske Iselin sikrar skuleborn i Kenya måltid for ei betre framtid

Gjennom Verdas matvareprogram i Nairobi, jobbar den norske junioreksperten Iselin Paris for å sikre at barn over heile Kenya får næringsrik skulemat. Dette er ikkje berre viktig for borna, men for utviklinga av landet som heilskap, seier ho.
Publisert: 24.10.2024
Sist oppdatert: 22.05.2026
Iselin Paris er ein av dei norske juniorekspertane rekruttert av Norec til FN-organisasjonar verda over. Gjennom sitt arbeid i Verdas matvareprogram (WFP) sitt kontor i Nairobi, jobbar ho for å betre tilgangen til sunn skulemat for born over heile Kenya.
– Gjennom skulematprogrammet jobbar eg for at dei yngste borna skal få den næringa dei treng. Dette er ikkje berre avgjerande for barna sitt daglege liv, men også for den langsiktige utviklinga av Kenya som nasjon. Næringsrik mat bidreg til å forme framtidige generasjonar til produktive borgarar, seier Iselin.
Skulematprogrammet, i samarbeid med utdanningsdepartementet, sørger for måltid til 2,6 millionar born, og ambisjonane er store. Målet er å utvide til å nå heile 10 millionar born innan 2030, noko som vil påverke Kenyas framtid.
Sjå video
Men kvifor er skulemat viktig?
For mange av barna i Kenya er måltidet dei får på skulen, det einaste dei et i løpet av dagen. Skulematprogrammet fungerer derfor som eit avgjerande sikkerheitsnett for lokalsamfunna, som sikrar at dei mest utsette borna får nødvendig ernæring, spesielt i vanskelege tider.
Lærarane merkar tydeleg forskjellen – når det ikkje er mat på skulen, uteblir mange barn frå undervisninga.
– Når skulen serverer lunsj, er klasseromma fulle. Difor er det så viktig at måltidet er næringsrikt og godt for kroppen, slik at det ikkje berre mettar borna, men også gir dei den næringa dei treng for å vekse og lære, understrekar Iselin.
Skal gjere skulematen berekraftig
Mange skular i Kenya brukar framleis kol til å lage mat, noko som ikkje berre er ineffektivt når det kjem til tid og energi, men som også bidrar til forureining både på skulen og i lokalsamfunna rundt.
– Som juniorekspert jobbar eg ikkje berre med å sikre at skulelunsjane er ernæringsmessig rike, men òg med å gjere matproduksjonen betre for miljøet, seier Iselin.
Eit godt eksempel er Olympic High School i Kibera, Nairobi, der både lærarar og elevar har blitt opplært i hydroponisk dyrking – ein innovativ metode der ein dyrkar plantar utan jord. Ved å bruke vatn og næringsstoff i eit lukka system, kan dei produsere grønsaker på kort tid.
Dette kan verke motstridande i eit land der vatn er ein mangelvare, men sidan hydroponisk dyrking sirkulerer og gjenbruker vatnet, brukar ein mindre vatn enn tradisjonell dyrking.

Dei dyrebare dropane
Vatn er ein knapp ressurs i store delar av Kenya, spesielt i dei såkalla ASAL-områda (arid og semi-arid lands).Dette famnar om 80 % av Kenya.
– ASAL-områda er tørre og får lite nedbør. Her regnar det sjeldan, og difor er desse områda særleg sårbare for både tørke og flaum. Eit stort problem er at når regnet endeleg kjem, er bakken ofte så hard og tørr at han ikkje klarar å ta til seg vatnet, noko som fører til flaum og gjer matproduksjon endå meir utfordrande, forklarar Iselin.
Dette er eit alvorleg problem for dei 16 millionane som bur i desse områda, der dei fleste er avhengige av småskalajordbruk som hovudinntektskjelde. For desse lokalsamfunna er tilgang til vatn og effektive jordbruksmetodar heilt avgjerande for overleving.
Karrieremoglegheiter
Iselin jobbar på FN sitt hovudkvarter i Nairobi, der ho er omringa av rundt 9000 andre FN-tilsette som alle bidreg til ulike program på tvers av Afrika. Denne internasjonale plattforma gir ho eit unikt innblikk i globale utfordringar og løysingar.
Framtida er framleis open for Iselin, men ho har eit klart mål: å halde fram karrieren i FN.
– Som juniorekspert har eg fått ein jobb med meining. Å vite at arbeidet mitt på kontoret i Nairobi bidreg til at kvart tredje barn i Kenya får mat kvar dag, gir meg ei enorm drivkraft. Det gir meg både motivasjon og håp for framtida, fortel Iselin.
Ho oppfordrar andre til å søke seg til liknande stillingar i FN-systemet:
– Om du vil ha ei karriere der du verkeleg kan gjere ein forskjell, er dette plassen å vere. Du får ikkje berre verdifull arbeidserfaring, men også moglegheita til å bidra til noko større enn deg sjølv.














