Hopp til hovedinnhold

Resultatrapport

Sluttrapportering

Partnarskapet er ansvarleg for å rapportere på resultat og økonomi etter siste runde av utvekslinga.

Resultatrapporten skal skildre korleis ein har oppnådd forventa resultat, jamfør resultatrammeverket.

Bruk dokumentet under, C05-Results report.

Rapporten skal skildre kva aktivitetar som er gjennomført, og korleis desse har bidratt til å nå målsetjingane for prosjektet.

Budsjett og økonomisk rapport

Rapporten skal baserast på tilskotsbudsjettet frå prosjektsøknaden. Her skal du dokumentere faktiske kostnader opp mot budsjetterte utgifter. I tillegg skal du levere ein ekstern revisjon for avtaleperioden.