Søk om ny runde
Rundedokument
Ei arbeidsutveksling er delt inn i utvekslingsrundar. Ei runde er ein periode der deltakarane er på arbeidsopphald i utlandet.
Partnarskapet må levere ei rundeskildring og eit rundebudsjett til Norec for kvar utvekslingsrunde.
Følgjande dokument inngår i søknaden:
Rundeskildring
Bruk malen nedanfor
Budsjett
Partnarskapet må også levere eit rundebudsjett. Bruk den siste versjonen av budsjettmalen.
Dokument frå alle partnarar i prosjektet
- Nyaste årsrapport
- Årsrekneskap som er maksimalt tre månader gammal (treng ikkje vere revidert)
- Nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
Vi oppmodar koordinerande partnar om å samle inn alle naudsynte dokument på vegner av partnarskapet, og sende desse samla i ein e-post til programrådgivar.