Rundesøknad og runderapport
Rundedokument
Ein samarbeidsavtale er delt inn i rundar. Ei rundebeskriving viser mellom anna kva aktivitetar, arbeidsoppgåver og oppdrag deltakarar utfører for nå måla i prosjektet. Partnarskapet sender inn rundebeskriving og budsjett for kvar runde til Norec. Ei runde kan vare mellom 3 og 18 månadar.
Følgjande dokument inngår i søknaden:
Dokument frå alle partnarar i prosjektet:
- nyaste årsrapport
- rsrekneskap som er maksimalt tre månader gammal (treng ikkje vere revidert)
- nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap
Vi oppmodar koordinerande partnar om å samle inn alle naudsynte dokument på vegner av partnarskapet, og sende desse samla i ein e-post til programrådgivar.
Rapportering - runde
Partnarskapet er ansvarleg for å rapportere på resultat og økonomi undervegs i prosjektperioden.
Koordinerande partnar må rapportere aktivitetar, kostnader og resultat i prosjektet etter kvar utvekslingsrunde. På vegner av partnarskapet må dei også levere inn ein samla revisjonsrapport av Norec-midlane for kvar runde.
Slik rapporterer du:
Fire månader etter at deltakarane si oppfølgingsperiode er avslutta, må partnarskapet levere den samla rekneskapsrapporten, revisjonsrapporten og resultat-/runde-rapporten.
Skal leggast ved den økonomiske rapporten for runden:
Lenkje til revisor sin statsautorisasjon eller eit gyldig registreringsdokument for revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane. Norec krev at revisjonsfirmaet som skal revidere Norec-midlane, har fått løyve til å operere som revisor frå den relevante nasjonale myndigheita.