Hopp til hovedinnhold

Søk om ny runde

Rundedokument

Ei arbeidsutveksling er delt inn i utvekslingsrundar. Ei runde er ein periode der deltakarane er på arbeidsopphald i utlandet.

Partnarskapet må levere ei rundeskildring og eit rundebudsjett til Norec for kvar utvekslingsrunde.

Følgjande dokument inngår i søknaden:

Rundeskildring

Bruk malen nedanfor

Budsjett

Partnarskapet må også levere eit rundebudsjett. Bruk den siste versjonen av budsjettmalen.

Dokument frå alle partnarar i prosjektet

  • Nyaste årsrapport
  • Årsrekneskap som er maksimalt tre månader gammal (treng ikkje vere revidert)
  • Nyaste reviderte og konsoliderte årsrekneskap

Vi oppmodar koordinerande partnar om å samle inn alle naudsynte dokument på vegner av partnarskapet, og sende desse samla i ein e-post til programrådgivar.