Varsling om kritikkverdige forhold
Har du mistanke om kritikkverdige forhold? Då oppmodar vi deg om å seie frå.
Du bør varsle dersom du har mistanke om brot på lover og reglar, interne retningslinjer eller etiske normer.
Kritikkverdige forhold kan vere:
• trakassering eller anna utilbørleg åtferd
• diskriminering
• økonomiske misleghald
• rusmisbruk, speleavhengigheit eller nettbasert avhengigheit
• forhold som kan utgjere ein fare for liv og helse
• utlevering av teiepliktige opplysningar
• uforsvarleg oppbevaring av sensitive dokument eller opplysningar
Norec sitt varslingsteam handterer saker som gjeld mistanke om økonomiske misleghald knytte til Norec-midlar og varsel om trakassering hos Norec sine partnarar.
Tilsette i Norec kan òg bruke den eksterne varslingskanalen for å varsle om kritikkverdige forhold.
Varsle først internt dersom det er mogleg
Norec har ikkje arbeidsgivaransvar for prosjektdeltakarar. Dersom det er mogleg og forsvarleg, tilrår vi at du først varslar internt i organisasjonen. Partnarane til Norec er forplikta til å varsle Norec om kritikkverdige forhold i prosjekta.
Varsle Norec direkte
Du kan varsle Norec direkte ved å sende e-post til:
Norec tek alle varsel på alvor. Vi behandlar alle varsel konfidensielt.
Varsle anonymt
Dersom du ønskjer å vere anonym, eller det er andre grunnar til at du ikkje ønskjer å varsle Norec direkte, kan du bruke den eksterne varslingskanalen.
Du kan varsle via skjemaet på denne sida eller sende brev til:
Ernst & Young AS
Att: Granskingseininga (Forensics), Oslo Atrium
Postboks 1156 Sentrum
NO-0107 Oslo
Noreg
Merk e-post eller konvolutt med «Konfidensielt varsel».
Du kan òg varsle på telefon: +47 24 00 20 14 (kvardagar kl. 08.00–16.00).
Du vel sjølv om du vil varsle anonymt. Du kan òg velje å vere anonym overfor Norec, slik at berre Ernst & Young kjenner identiteten din.
Ver merksam på at anonym varsling i mange tilfelle kan gjere det vanskelegare å undersøkje og følgje opp saka.