Ti prosjekt får støtte frå Norec til utveksling i 2026. Prosjekta involverer samarbeid på tvers av 13 land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge. Saman skal dei styrke kompetanse og bidra til berekraftige løysingar innan klima, helse, migrasjon og rettstryggleik.

Interessa for årets utlysing var stor. Norec mottok 24 søknader med eit samla søknadsbeløp på 35 millionar kroner. No er ti prosjekt tildelt støtte innanfor ei ramme på 20 millionar kroner. 44 deltakarar skal på utveksling med oppstart i august 2026.

Vurdering av kvalitet, samarbeid og gjennomføring

Søknadene er vurderte ut frå fleire kriterium, mellom anna at partnarskapet har ein tydeleg prosjektidé, kva kompetanse partnarane skal utveksle, og korleis prosjekta svarer på behov hos begge partar. Det er også lagt vekt på at partnarane har relevant fagkompetanse, god administrativ kapasitet og realistiske planar for gjennomføring.

– Vi fekk mange gode søknader, og det var tøff konkurranse om midlane. Prosjekta som har kome gjennom nålauget held høg kvalitet, seier Sille Lukowski, seksjonsleiar for sivilsamfunn i Norec.

Ho peikar særleg på betydninga av godt samarbeid mellom partnarane:

– Prosjekta vi har valt ut viser tydeleg kva partnarane skal lære av kvarandre, og korleis dei kan bruke denne kunnskapen vidare i arbeidet sitt. Det gir eit godt grunnlag for å skape varige resultat, seier Lukowski.

Alle prosjekta som har fått støtte er nye, med unntak av eitt som blir vidareført frå ein tidlegare fase.

Samarbeid som gir læring og utvikling

Prosjekta spenner over eit breitt spekter av tema, med særleg vekt på klima og klimatilpassing og seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR). Samtidig omfattar dei tema som berekraftig landbruk, migrasjon, digital utdanning, helse og rettstryggleik.

Sju av dei elleve prosjekta er frå næringsliv og offentlege sektor (NOS).

– Det er særs kjekt å sjå at så mange nye prosjekt frå næringsliv og offentlege institusjonar kjem inn i porteføljen. Det gir breidde og nye perspektiv i arbeidet, seier seksjonsleiar NOS, Therese Lothe.

Felles for alle prosjekta er at dei byggjer på gjensidig samarbeid. Partnarane utviklar prosjekta saman og utvekslar kompetanse gjennom praktisk arbeid. Målet er å styrke både organisasjonane og arbeidet dei gjer i eigne lokalsamfunn.

– I tillegg bidreg denne typen partnarskap til å styrke tillit og samarbeid på tvers av land. Det er særs viktig i ei tid prega av aukande polarisering og konfliktnivå globalt, seier Lukowski.

Desse prosjekta får støtte:

Betre tilgang til rettshjelp for marginaliserte grupper

Forum for Nation Building (FNB), Nepal og National University of Study and Research in Law (NUSRL), India

Prosjektet skal betre tilgangen til rettshjelp for marginaliserte grupper i Nepal og India. Gjennom utvekslinga vil partnarane utvikle enkle rettsverktøy, styrke kunnskapen om arbeidsmigrasjon og betre samarbeidet mellom institusjonar på tvers av landegrenser.

Samarbeidet koplar erfaring frå lokalt rettshjelpsarbeid med juridisk forsking og utdanning. Målet er både meir tilgjengelege rettssystem og ei meir praksisnær juridisk opplæring.

Teknologi for klimasmart landbruk

University of Ghana, Ghana og Huazhong Agricultural University, College of Horticulture and Forestry Sciences, Kina

Prosjektet skal utvikle og tilpasse teknologi for klimasmart landbruk til tropiske forhold. Partnarane skal samarbeide om mellom anna kunstig intelligens i landbruket, presisjonslandbruk, drivhusproduksjon og teknologi for lagring og vidareforedling av avlingar.

Samarbeidet kombinerer lokal kunnskap om tropiske vekstar med avansert teknologi og forsking, og skal bidra til betre avlingar og meir robuste produksjonssystem.

Digital tilgang til utdanning

Research and Education Network for Uganda (RENU), Uganda og Rede Nacional de Ensino e Pesquisa (RNP), Brasil

Prosjektet skal styrke digital infrastruktur for utdanning i Uganda og Brasil, særleg i område utanfor campus. Gjennom utveksling skal partnarane utvikle løysingar for stabil og skalerbar internettilgang.

Arbeidet skal også gi betre og meir robuste nettverksløysingar i område med avgrensa infrastruktur, og bidra til auka tilgang til utdanning og forsking.

Ungdom som drivkraft i berekraftig landbruk

Integrated Village Development Services (IVDS), Nepal og Parmarth Samaj Sevi Sansthan (PSSS), India

Prosjektet skal styrke berekraftig landbruk og få fleire unge til å engasjere seg i jordbruk. Gjennom utveksling skal partnarane dele erfaringar med både tradisjonelle og klimaresistente dyrkingsmetodar.

Målet er å auke produktiviteten, styrke matsikkerheita og gjere landbruk til ein meir attraktiv leveveg for unge i rurale område.

Naturbaserte løysingar og klimakommunikasjon

GRID-Arendal, Norge og International Centre for Integrated Mountain Development (ICIMOD), Nepal

Prosjektet skal styrke arbeidet med naturbaserte løysingar gjennom betre formidling og bruk av digitale verktøy. Partnarane skal utvikle visuelle og digitale løysingar som gjer klimakunnskap meir tilgjengeleg.

Samstundes skal prosjektet bidra til betre kunnskapsdeling og meir treffsikre tiltak i arbeidet med klimatilpassing.

Styrkt kvinnehelse gjennom klinisk kompetanse

Akershus universitetssjukehus HF, Norge og Catholic University of Health and Allied Sciences (CUHAS), Tanzania

Prosjektet skal styrke kompetansen innan fødsels- og kvinnehelse gjennom utveksling av helsepersonell. Deltakarane får erfaring frå ulike helsesystem og kliniske situasjonar, og utviklar ferdigheiter innan diagnostikk, oppfølging og behandling.

Samarbeidet gir høve til å dele erfaringar frå både høgspesialiserte og ressursavgrensa helsevesen. Målet er betre kvalitet i helsetenestene og styrkt oppfølging av kvinner og nyfødde.

Tryggare handtering av elektronisk avfall

AppCyclers Ghana Ltd., Ghana og EWaste Africa (Baclan Energy Ltd.), Sør-Afrika

Prosjektet skal utvikle tryggare og meir effektive løysingar for handtering av elektronisk avfall. Gjennom utveksling skal partnarane kombinere teknisk kompetanse med digitale system for betre innsamling og sporing av avfall.

Tiltaka kan bidra til både betre miljø og tryggare arbeidsforhold i ein sektor som i dag i stor grad er uformell.

Ungdom i front for seksuell og reproduktiv helse

Centre for Youth Empowerment and Civic Education (CYECE), Malawi; Centre for Reproductive Health and Education (CRHE), Zambia; Network for Adolescent and Youth of Africa (NAYA), Kenya; Reach A Hand Uganda (RAHU), Uganda

Prosjektet skal styrke ungdom si rolle i arbeidet med seksuell og reproduktiv helse og rettar i Aust- og Sør-Afrika. Gjennom utveksling skal partnarane utvikle metodar for ungdomsdeltaking, påverknadsarbeid og opplæring.

Målet er betre tilgang til informasjon og helsetenester, og at unge får større påverknad på avgjerder som gjeld dei sjølve.

Betre rådgiving og vern for migrantar

Hero Norge AS, Norge og International Organization for Migration (IOM), Morocco Mission, Marokko

Prosjektet skal styrke rådgiving og oppfølging av migrantar, med fokus på vern, retur og reintegrering. Gjennom utveksling skal partnarane vidareutvikle metodar for rettleiing og oppfølging.

Dette kan gi meir samanhengande og kvalitativt betre tenester for menneske i sårbare situasjonar.

Reinare energi og nye inntektskjelder for bønder

SINTEF, Norge og Kijiko Conservation, Uganda

Prosjektet skal utvikle meir berekraftige løysingar for matlaging gjennom produksjon av biokol frå lokale ressursar i Uganda. Biokolen kan brukast både som brensel og til å betre jorda.

Løysinga kan redusere utslepp og samtidig gi nye inntektskjelder for bønder, mellom anna gjennom karbonmarknaden.