
Norec-nettverket for tidlegare deltakarar
Norec-nettverket er ein stad å dele erfaringar, knyte kontaktar og utvikle nye idear. Sidan 1963 har meir enn 13 000 personar delteke i utvekslingsprogram gjennom Norec. Tilsaman utgjer de eit globalt nettverk med brei erfaring og verdifull kunnskap.
Om nettverket
Sidan 1963 har Norec gjort det mogleg for 13 000 personar å delta i utvekslingsprogram over heile verda. Gjennom arbeidsutvekslingane har dei delt kunnskap, bygd kompetanse og skapt varige samarbeid på tvers av landegrenser.
Norec-nettverket vart etablert for å ta vare på kunnskapen og erfaringane som tidlegare deltakarar har. Nettverket skal vere ein møteplass der medlemmene kan halde kontakten og halde fram med å dele kunnskap og erfaringar.
Nettverket vart lansert i Nairobi, Kenya, i mai 2023. Per juni 2026 har nettverket 2529 medlemmer.
Som medlem i nettverket får du tilgang til:
- webinar
- nettkurs
- LinkedIn-gruppe
- landnettverk
- månadlege nyheitsbrev
- tilskotsordninga EtterUtveksling
- samlingar, både fysisk og digitalt
Kontaktperson
Vil vil gjerne høyre frå deg. Ta kontakt dersom du har spørsmål, ikkje har fått invitasjon til nettverket, eller har idear til korleis vi kan utvikle nettverket vidare.

91
land
2529
medlemmer
4
landnettverk
Landnettverk
I tillegg til det globale Norec-nettverket har vi også etablert eigne landnettverk. Per juni 2026 har vi landnettverk i Kenya, Malawi, Uganda og Zambia.
Kvart nettverk har sitt eige styre og arbeider for å skape aktivitet, dele erfaringar og styrkje det lokale engasjementet. Målet er å legge til rette for samarbeid og nye initiativ.
Alle landnettverka skal ha minst éin aktivitet i året, men dei fleste har fleire. Aktivitetane kan vere alt frå faglege samlingar til sosiale treff.
For å halde kontakten brukar landnettverka eigne WhatsApp-grupper og e-postlister. Bur du i eitt av desse landa og ønskjer å bli med?
Send ein e-post til network@norec.no, så hjelper vi deg vidare.
EtterUtveksling
Mange som har vore på utveksling gjennom Norec får nye idear til samarbeid, aktivitetar eller prosjekt. Gjennom støtteordninga EtterUtveksling kan du søkje om midlar til å vidareutvikle og gjennomføre slike initiativ etter at utvekslinga er avslutta.
EtterUtveksling starta som eit pilotprosjekt i 2024. Det året fekk fem prosjekt støtte. I 2025 fekk åtte prosjekt støtte gjennom ordninga.
Søknadsfristen for 2026 er 1. oktober. Medlemmer i Norec-nettverket vil få tilgang til det digitale søknadsskjemaet gjennom nyheitsbrevet frå august.








