
Landnettverk
Om landnettverka
Vi har etablert landnettverk i dei landa som har mange medlemmer. Når mange medlemmer bur i same land, er det lettare å skape aktivitet og byggje eit sterkt nettverk over tid.
Per september 2026 har vi landnettverk i Kenya, Malawi, Uganda, Zambia og Tanzania. I løpet av året skal vi også etablere landnettverk i Nepal og Bangladesh.
Under kan du lese meir om nettverka våre.
Landnettverka brukar eigne WhatsApp-grupper og e-postlister for å halde kontakten. Bur du i eitt av desse landa og ønskjer å bli med i nettverket?
Send ein e-post til network@norec.no, så hjelper vi deg vidare.
Kenya
Landnettverket i Kenya vart starta i august 2025. Kenya er landet med flest medlemmer i Norec-nettverket. Per september 2026 har landnettverket 284 medlemmer.
Norec-nettverket i Kenya har kartlagt kva kunnskap, erfaring og kompetanse medlemmene har. Nettverket jobbar aktivt for at medlemmene skal kunne hjelpe kvarandre ved å dele kunnskap, kontaktar og nettverk, i tillegg til å gi praktisk støtte.
Leiar i Norec Network Kenya: Alphaxard Gitau
Malawi
Landnettverket i Malawi vart starta februar 2025 og har 200 medlemmer. I 2025 arrangerte nettverket fire aktivitetar, både fysiske og digitale.
Då medlemmene bur spreidde over store avstandar, har digitale aktivitetar vorte ein viktig del av tilbodet.
Leiar i Norec Network Malawi: Beaulah Neo Chitsulo
Uganda
Det aller første landnettverket vart etablert i Uganda i januar 2025. Nettverket har 191 medlemmer. I 2025 arrangerte dei fleire aktivitetar, både fysiske og digitale.
Nettverket har ei aktiv WhatsApp-gruppe, der medlemmene held kontakten og deler kunnskap og erfaringar med kvarandre.
Leiar i Norec Network Uganda: Joseph Raymond Nsereko
Zambia
Landnettverket i Zambia vart starta i juni 2026 og er eitt av dei nyaste landnettverka våre.
Nettverket har mange planar, men er framleis i etableringsfasen og har enno ikkje gjennomført eigne aktivitetar.
Leiar i Norec Network Zambia: Milton Malama
Tanzania
Landnettverket i Tanzania vart starta i september 2026. Med unntak av Noreg er Tanzania det landet som har sendt Norec-deltakarar på utveksling gjennom åra.
Per september 2026 har landnettverket 238 medlemmer.
Leiar i Norec Network Tanzania:
Nepal
Vi planlegg å starte eit landnettverk i Nepal i november 2026. Meir informasjon kjem når nettverket er etablert.
Bangladesh
Vi planlegg å starte eit landnettverk i Bangladesh i november 2026. Meir informasjon kjem når nettverket er etablert.








