Hopp til hovedinnhold

Kurs og arrangement

Skreddarsydde kurs og seminar

Dømer på kurs og workshops vi kan levere er:

Utreisekurs

Utreisekursa til Norec førebur deltakarane på internasjonale reiser og samarbeid. Kurset dekkjer ei rekkje emner som er viktige for å lukkast med jobbreiser til det globale sør, til dømes:

  • Interkulturelle utfordringar og moglegheiter
  • Sikkerheit og beredskap
  • Etiske dilemma i globale partnerskap
  • Praktiske tips og ressursar

Heimkomstseminar

Mange som har jobba utalands erfarer at det er større utfordringar knytt til å komme heim enn til å reise ut. Kurset er relevant for tilsette som har jobba ute lengre enn 6 månader som er på veg tilbake. Her dekkjer vi tema som:

  • Handtere omvendt kultursjokk
  • Kartlegge erfaring og kunnskap
  • Korleis ta dette i bruk på arbeidsplassen eller inn i ny organisasjon

Korleis lukkast i globale partnerskap

Etter mange års erfaring og forsking veit vi kva som gjer at nokon lukkast med samarbeid på tvers av grenser og kultur. Kurset er ideelt for deg som skal starte opp eit nytt prosjekt, og bør gjennomførast saman med dei partnarane du skal jobbe med.

Sikkerhet og beredskap

Norske verksemder er pålagt å ha gode rutiner for sikkerheit og beredskap – også når dei sender medarbeidarar på jobb ut av landet. Innanfor bistand kan det vere ekstra krevjande å vere godt førebudd på krisesituasjonar og følgje med på risikobiletet. Dette kurset gjer arbeidsgivarane medvitne på risiko, samt gir innspel til korleis ein kan få på plass kompetanse, rutiner og system for sikkerheit og beredskap i arbeidet.

Praktisk informasjon

Kursa våre gjennomførast anten fysisk eller digitalt. Vi tilpassar kursa våre til behova til oppdragsgivar. Kursa er gratis, og vi stiller så sant vi har ledig kapasitet. Oppdragsgivar må sjølv dekke eventuell reise til og frå kursstaden.

Rettleiing

Rettleiinga rettar seg først og fremst mot deg som jobbar med å nå FNs berekraftsmål. Norec har 55 høgkompetente tilsette og eit stort nettverk av samarbeidspartnarar og tidlegare deltakarar. Per 2025 består nettverket av meir enn 2300 personar frå om lag 88 land, der alle har arbeidd med ulike bærekraftsutfordringar i ulike sektorar på tvers av land og kultur.

Vi nyttar både eigen kompetanse og den vi har i nettverket vårt for å skreddarsy eit opplegg som er relevant for utfordringane organisasjonen din møter. Vi har meir enn 60 års erfaring med å halde utreisekurs, heimkomstkurs og kan levere ei rekkje andre tilpassa tematiske opplegg for aktørar som arbeider internasjonalt.

Vi veit at alle prosjekt har sine utfordringar. Ta gjerne kontakt om du vil vite meir om kva vi kan levere.

Øystein Garfors

Øystein Garfors

Seksjonsleiar kunnskap og læring

+47 57 99 00 26