Kurs for Norec deltakarar og partnarar 2026-2027
Kurs for deltakarar og partnarar 2026–2027
Kursa til Norec er utforma for å støtte både deltakarar og partnarorganisasjonar gjennom heile utvekslingsløpet, frå førebuing til læring og oppfølging.
Førebuingskurset gir deltakarane eit godt grunnlag for å bu og arbeide i ein ny kultur.
Heimkomstkurset støttar deltakarane i overgangen tilbake etter utvekslinga og hjelper dei med å omsetje det dei har lært, til konkrete tiltak i eigen organisasjon.
Begge kursa blir gjennomførte som seks dagar lange, fysiske samlingar. For utvekslingar som varer kortare enn seks månader, er heimkomstkurset kortare og blir gjennomført digitalt.
Vi tilbyr òg partnarkurs for alle nye prosjekt i den første utvekslingsrunden. Kurset skal gi dei involverte medarbeidarane ei felles forståing av Norec-programmet, styrkje prosjektleiing og samarbeid mellom partnarane og sikre at læring og resultat blir planlagde, følgde opp og integrerte i organisasjonane sitt arbeid.
Nedanfor finn du ei oversikt over komande kurs i 2026 og 2027.
2026
- 9. - 14. august: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Bogotá, Colombia
- 16. - 21. august: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Nairobi, Kenya
- 20. - 25. september: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Katmandu, Nepal
- Oktober (dato kjem): Partnarkurs (demokratistøtte), Oslo, Noreg
- 4. - 6. november: Partnarkurs (Norec Exchange), Nairobi, Kenya
- 29. november - 4. desember: Heimkomstkurs, Lusaka, Zambia
- 9. - 10. desember: Digitalt heimkomstkurs for utvekslingar under seks månader
2027
- 17. - 22. januar: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Nairobi, Kenya
- 14. - 19. februar: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Bogotá, Colombia
- 14. - 19. februar: Heimkomstkurs, Lilongwe, Malawi
- Februar (dato kjem): Førebuingskurs, Afrika. Dato og stad er klare innan juli 2026.
- 14. - 19. mars: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Katmandu, Nepal
- 23. - 24. april: Digitalt heimkomstkurs for utvekslingar under seks månader
- 14. - 19. juni: Heimkomstkurs, Nairobi, Afrika
- August - september: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Afrika. Førebelse datoar er 15.–20. august og 12.–17. september. Dato og stad blir stadfesta i juli 2026.
- September: Førebuingskurs og heimkomstkurs, Katmandu, Nepal. Førebelse datoar er 12.–17. september. Dato blir stadfesta i august 2026.
- Desember: Digitalt heimkomstkurs 9.–10. desember.
- 5. - 10. desember: Digitalt heimkomstkurs, Afrika. Stad blir stadfesta i august 2026.