Hopp til hovedinnhold
Lady Hardinge Hospital, New Dehli

Slik styrkjer arbeidsutveksling helsetenester

Gjennom arbeidsutveksling deler helsearbeidarar kunnskap på tvers av landegrenser. Her finn du samla resultat frå helseprosjekt som Norec har støtta i perioden 2022–2025.

Prosjekta har bidrege til betre tilgang til helsetenester, auka kunnskap og meir inkluderande helsesystem. Fleire av resultata handlar om førebygging og helsetenester for sårbare grupper.

Les historier frå helseprosjekta

450 000

arbeidstimar

360

personar på utveksling

58

organisasjonar

Denne sida samlar resultat frå prosjekt som bidreg til berekraftsmål 3 (god helse og livskvalitet). Tala gjeld heile helseporteføljen og er henta frå Norec sin prosjekt- og resultatdatabase 9. juni 2026.

Tala gir eit samla bilete av effekten av arbeidsutvekslingane, på tvers av helseprosjekta.

Overordna resultat frå helseprosjekt

Norec sine utvekslingar har styrkt helsetenester og helsekompetanse, frå pasientbehandling og kunnskapsdeling ved sjukehus til helseopplysning for sårbare grupper.

Under ser du kva utvekslingane har bidrege til på dei ulike helseområda.
Du finn meir detaljerte resultat under «Oppnådde resultat».

Tematiske område

  • Helse og helsetenester: Helsearbeidarar på utveksling har bidrege til å styrkje behandling og kompetanse på sjukehus i fleire land, særleg innan kirurgi, anestesi, akuttmedisin og nyføddomsorg.
  • Psykisk helse og rus: Helsearbeidarar på utveksling har behandla pasientar og bidrege til å styrkje tenester innan psykiatri og rusbehandling.
  • Rehabilitering: Legar, fysioterapeutar og ergoterapeutar på utveksling har bidrege til å styrkje rehabiliteringstenester i fleire land.
  • Smittsame sjukdommar: Gjennom oppsøkjande helseopplysning har prosjekta nådd folk i område med høg smitte med kunnskap, testing og tilvising til behandling.
  • Seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR): Gjennom helseopplysning har jenter, ungdom og andre sårbare grupper fått kunnskap om kropp, helse og eigne rettar.
  • Kunnskap og kompetansebygging: Gjennom utvekslingane har partnarane styrkt eigen kompetanse og delt kunnskap om ernæring, hygiene og førebygging.
  • Digitalisering: Fleire prosjekt har teke i bruk digitale plattformer for kunnskapsoverføring og oppfølging av pasientar.
  • Livskvalitet og inkludering: Gjennom idrett og aktivitet har prosjekta skapt trygge og inkluderande møteplassar for barn og unge.
  • Forsking: Gjennom utvekslingane er det gjennomført felles forskingsarbeid, og funn frå prosjekta er brukte i samtale med styresmakter og fagmiljø.

Helsetenester

I perioden har 84 deltakarar jobba direkte med pasientbehandling i helseprosjekta. Desse helsearbeidarane har vore på arbeidsutveksling i Kenya, Malawi, Bangladesh, India, Myanmar, Nepal, Sør-Afrika og Zanzibar.

Dei har behandla pasientar innan mellom anna akuttmedisin, traumehandtering, kirurgi, anestesi, intensiv og rehabilitering, nyføddomsorg, psykiatri og mødre- og barnehelse. Slik har dei bidrege til eit betre helsetilbod for fleire pasientar.

Oppnådde resultat

  • Kirurgi og anestesi: Ved Queen Elizabeth Central Hospital i Malawi auka talet på nevrokirurgiske operasjonar frå 400 i 2020 til 700 i 2022, gjennom eit samarbeid med Oslo universitetssjukehus. Anestesilegar har fått spesialistutdanning og sjukepleiarar og leiarar har styrkt kompetansen sin innan leiing.
  • Psykisk helse og rus: På Zanzibar er psykiske helsetenester styrkte ved fleire institusjonar. Det er også oppretta eit tilbod om avrusing og recovery i samarbeid med Sober Houses.
  • Akuttmedisin: Ved George Mukhari-sjukehuset i Pretoria i Sør-Afrika har kunnskapsdeling mellom helsearbeidarar ført til betre og meir strukturert traumekartlegging og betre overlevering av pasientinformasjon. Helsearbeidarane rapporterte også om betre tverrfagleg kommunikasjon. Ventetida ved akuttmottaket gjekk ned frå 72 til 24 timar.
  • Digitalisering: Helsepersonell har fått betre kompetanse i bruk av digitale og nettbaserte plattformer. Det har gitt betre kunnskapsoverføring og klinisk oppfølging i fleire av prosjekta. I Nepal fekk 162 brukarar i ni lokalsamfunn nettbaserte rehabiliteringstenester.
  • Nyføddomsorg: Ved sjukehusa Lady Hardinge og Kalawati Saran Children’s Hospital i New Delhi i India får om lag 60 prosent av dei premature barna råmjølk. Over 75 prosent av mødrene får no oppfølging på telefon, og sjukehusa har teke i bruk ein standardisert protokoll for smertebehandling av nyfødde (ALPS-Neo).
  • Hygiene: To sjukehus i India har teke i bruk WHO sin protokoll for handhygiene, med nær 100 prosent etterleving. Dette har bidrege til betre hygiene på nyføddavdelingane.
  • Rehabilitering: Legar og fysioterapeutar på utveksling har bidrege til å gjere lepra- og rehabiliteringstenester meir tilgjengelege i Nepal og Kenya. Ved Anandabad Hospital i Nepal starta 188 pasientar behandling. Ved Kamuzu Central Hospital i Malawi har traumepasientar fått tilgang til tidleg fysioterapi og fagleg god rehabilitering.
  • Kulturforståing: Helsepersonell rapporterte om betre tverrkulturell kompetanse. I brukarundersøkinga svarte 71 prosent at utvekslinga hadde gjort dei betre i stand til å yte god service.

Helseopplysning når sårbare grupper

166 deltakarar har jobba i prosjekt som driv med helseopplysning. Til saman har dei lagt ned nesten 255 000 arbeidstimar i dei aktuelle prosjekta.

Gjennom helseopplysning får folk kunnskap om helsetenester og kva rettar dei har til dette. Arbeidet skjer mellom anna i område med mykje smittsam sjukdom, sirkulær fattigdom og svak offentleg støtte til sårbare familiar og urfolk.

Opplysningsarbeidet har gått føre seg i 11 land.

Oppnådde resultat

  • Radio: Det er produsert over 40 radioprogram for nesten éin million lyttarar i marginaliserte område i Nepal og Bangladesh. Programma byggjer på undersøkingar og samtalar med lokalsamfunna.
  • Mødrehelse: I byen Sylhet nordaust i Bangladesh har 112 unge mødrer fått oppfølging for å gå jamleg til svangerskaps- og etterkontroll. I Habibari-regionen fekk 700 kvinner rettleiing om ernæring for barna sine. Materiellet var tilpassa personar med avgrensa lese- og skriveferdigheiter.
  • Smittevern: Gjennom oppsøkjande arbeid i Malawi og Zambia er nær 1 000 ungdomar viste til helsetenester. 142 som testa positivt for hiv blei viste vidare til behandling i lokalsamfunna sine. I Bangladesh testa 789 personar frå marginaliserte grupper seg for hiv. Arbeidet var særleg retta mot LHBTQ+-personar.
  • Mensen og skule: Fleire av prosjekta har bidrege til at jenter kan gå på skulen, også når dei har mensen. Ved Chikupi barneskule i Zambia er jenter ikkje lenger borte frå skulen på grunn av menstruasjon. På ti ungdomsskular i Sunamganj i Bangladesh har «hygienehjørne» gitt over 3 000 jenter tilgang til bind og kunnskap om menstruasjonshygiene. Det har redusert tabu rundt mensen og gitt meir openheit. Informasjon og samtalar om seksualitet har fått aksept nettopp fordi personane som har formidla kunnskapen kjem frå eit anna land og ikkje sjølve høyrer til i lokalsamfunnet.
  • Idrett og inkludering: 70 000 barn frå over 90 skular og 112 lokalsamfunn i det sørlege Afrika har delteke i trygge og inkluderande idrettsaktivitetar.
  • SRHR: Partnarane Agrogoti i Bangladesh og Aawaaji i Nepal har utvikla eit opplæringsopplegg om seksuell og reproduktiv helse og rettar. Opplegget er anerkjent av myndigheitene i begge land.
  • Forsking: I utvekslingsprosjekta er det gjennomført felles forskingsarbeid, og tilsette har fått opplæring i forskingsbaserte metodar. Åtte akademiske artiklar er publiserte om auge- og spedbarnshelse. Tre aksjonsbaserte forskingsundersøkingar er brukte i samtale og påverknadsarbeid for å betre ernæringstilbodet for barn og helsetilbodet for gravide. Funn frå undersøkingar om mental helse i behandlinga av infeksjonssjukdommen lepra er presenterte for relevante avgjerdstakarar.

Læring og meirverdien av utveksling

Gjennom arbeidsutveksling får helsearbeidarane innsikt i korleis andre helsesystem fungerer, mellom anna korleis dei organiserer arbeidet. Etter heimkomst, rapporterer sjukehusa i partnarskapet med Haukeland om betre problemløysing og evne til å tilpasse seg. Norske helsearbeidarar frå både Haukeland og Oslo universitetssjukehus rapporterer at dei har blitt betre til å forstå og møte ei mangfaldig pasientgruppe. I brukarundersøkinga svarte 71 prosent at utvekslinga hadde gjort dei betre i stand til å møte pasientane.
Helseprosjekta skårar òg godt på organisatorisk læring og utvikling. Partnarane lærer av kvarandre på tvers av land.

Arbeidsutveksling i praksis: Gjensidig læring

ERA i Bangladesh arbeider med jordbruksutvikling, medan RICOD i Nepal driv frivillig arbeid for sårbare grupper. Gjennom arbeidsutveksling støtta av Norec har dei to organisasjonane lært av kvarandre.

I områda der dei arbeider, er det mangel på ressursar i helsevesenet. Det gjer det vanskeleg for marginaliserte familiar å få tilgang til grunnleggjande helsetenester, særleg i avsidesliggjande område. I Nepal gjeld det mellom anna landsbyar i åssidene, og i Bangladesh våtmarksområde på flaumslettene.

Utfordringane liknar, men årsakene og løysingane er ulike. ERA lærte korleis RICOD bruker eit nettverk av helsestasjonar og skular for å nå unge mødrer og barn frå sårbare familiar. RICOD lærte på si side korleis ERA bruker lokalmobilisering, frivillige og kvinnegrupper for å fremje grunnleggjande helse- og ernæringstenester.

Alt

Les historier om resultata

Resultathistorier