Hopp til hovedinnhold

Landnettverk

Om landnettverka

Vi har etablert landnettverk i dei landa som har mange medlemmer. Når mange medlemmer bur i same land, er det lettare å skape aktivitet og byggje eit sterkt nettverk over tid.

Per september 2026 har vi landnettverk i Kenya, Malawi, Uganda, Zambia og Tanzania. I løpet av året skal vi også etablere landnettverk i Nepal og Bangladesh.

Under kan du lese meir om nettverka våre.

Landnettverka brukar eigne WhatsApp-grupper og e-postlister for å halde kontakten. Bur du i eitt av desse landa og ønskjer å bli med i nettverket?

Send ein e-post til network@norec.no, så hjelper vi deg vidare.

Kenya

Landnettverket i Kenya vart starta i august 2025. Kenya er landet med flest medlemmer i Norec-nettverket. Per september 2026 har landnettverket 284 medlemmer.

Norec-nettverket i Kenya har kartlagt kva kunnskap, erfaring og kompetanse medlemmene har. Nettverket jobbar aktivt for at medlemmene skal kunne hjelpe kvarandre ved å dele kunnskap, kontaktar og nettverk, i tillegg til å gi praktisk støtte.

Leader of Norec Network Kenya: Alphaxard Gitau

Malawi

Landnettverket i Malawi vart starta februar 2025 og har 200 medlemmer. I 2025 arrangerte nettverket fire aktivitetar, både fysiske og digitale.

Då medlemmene bur spreidde over store avstandar, har digitale aktivitetar vorte ein viktig del av tilbodet.

Leader of Norec Network Malawi: Beaulah Neo Chitsulo

Uganda

Det aller første landnettverket vart etablert i Uganda i januar 2025. Nettverket har 191 medlemmer. I 2025 arrangerte dei fleire aktivitetar, både fysiske og digitale.

Nettverket har ei aktiv WhatsApp-gruppe, der medlemmene held kontakten og deler kunnskap og erfaringar med kvarandre.

Leader of Norec Network Uganda: Joseph Raymond Nsereko

Zambia

Landnettverket i Zambia vart starta i juni 2026 og er eitt av dei nyaste landnettverka våre.

Då nettverket skulle velje styringsgruppe, bestemte medlemmene først kva roller gruppa skulle ha. Deretter valde dei personar til dei ulike rollene.

Nettverket har mange planar, men er framleis i etableringsfasen og har enno ikkje gjennomført eigne aktivitetar.

Leader of Norec Network Zambia: Milton Malama

Tanzania

Landnettverket i Tanzania vart starta i september 2026. Med unntak av Noreg er Tanzania det landet som både har sendt og teke imot flest Norec-deltakarar gjennom åra.

Per september 2026 har landnettverket 238 medlemmer.

Leader of Norec Network Tanzania:

Nepal

Vi planlegg å starte eit landnettverk i Nepal i november 2026. Meir informasjon kjem når nettverket er etablert.

Bangladesh

Vi planlegg å starte eit landnettverk i Bangladesh i november 2026. Meir informasjon kjem når nettverket er etablert.