Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

206 har søkt på fase 1 – vedtak kjem i november

Kvinne som står framfor ein PowerPoint-presentasjon.

Norec har fått 206 søknader til fase 1 i den siste utlysinga. På grunn av nokre små, tekniske problem med den nye søknadsportalen vår, vil saksbehandlinga ta litt lengre tid enn planlagt. Søkjarane kan vente å få vedtak i løpet av november.

Publisert: 21.09.2026

Sist oppdatert: 21.09.2026

– Det er veldig kjekt at så mange har søkt på fase 1. Vi er godt i gang med å behandle dei 206 søknadane, og vi ser fram til å bli betre kjende med partnarskapa og prosjekta, seier programdirektør i Norec, Tehetena Woldemariam.

Det er første gong Norec bruker den nye søknadsportalen i ei utlysing. Portalen har i det store og heile fungert godt, men vi har hatt nokre små, tekniske problem. Vi jobbar med å løyse dei, og sikre at vi har all informasjonen vi treng for å kunne behandle søknadane på ein god måte.

Søkjarane treng ikkje gjere noko

Du treng ikkje gjere noko med mindre Norec kontaktar deg direkte.

– Vi veit at søkjarane ventar på svar, og vi beklagar forseinkinga. Det viktigaste for oss er å sikre at vi har all informasjonen vi treng, og at kvar søknad blir behandla på ein skikkeleg måte, seier Woldemariam.

Forseinkinga vil ikkje gi kortare tid til fase 1. Partnarskap som får godkjent søknaden sin til fase 1 kan søkje om fase 2 innan 15.februar 2027. Det gir dei god nok tid til å gjennomføre fase 1 før neste søknadsfrist.

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.