Resultatrapport
Partnarskapet må sende inn ein resultatrapport etter den siste runda av arbeidsutvekslinga.
Rapporten skal skildre dei oppnådde resultata, samanlikna med dei forventa resultata i resultatrammeverket.
Den skal også skildre aktivitetane som er gjennomførte, og korleis dei har bidrege til å nå måla for prosjektet.
Bruk dokumentet under, C05-Results report.
Budsjett og økonomisk rapport
Når du sender inn sluttrapporten, må du også sende inn den endelege versjonen av budsjettet og den økonomiske rapporten. Bruk rapporteringsmalen i det godkjende rundebudsjettet.
I den økonomiske rapporten må du føre opp dei faktiske utgiftene og samanlikne dei med det godkjende rundebudsjettet.
Du må også sende inn ein ekstern revisjonsrapport som dekker den siste runda.