Levere ein rapport
1. Runderapport
Etter kvar utvekslingsrunde må koordinerande partnar rapportere om aktivitetane, kostnadene og resultata i prosjektet. Partnaren må også levere ein samla revisjonsrapport for Norec-midlane på vegner av partnarskapet.
Slik rapporterer de
Seinast fire månader etter at oppfølgingsperioden til deltakarane er avslutta, må partnarskapet levere:
- Ein runderapport
- ein samla økonomirapport (bruk malen i det godkjende rundebudsjettet)
- ein samla revisjonsrapport
NB: Etter den siste utvekslingsrunden skal koordinerande partnar levere ein resultatrapport i staden for ein runderapport.
Revisorattest
Norec krev at revisjonsselskap som reviderer Norec-midlar, er godkjende av den relevante nasjonale styresmakta. De må derfor legge ved ein gyldig revisorattest eller ei lenkje til godkjenninga til revisoren.
2. Resultatrapport
Partnarskapet må sende inn ein resultatrapport etter den siste runda av arbeidsutvekslinga.
Rapporten skal skildre dei oppnådde resultata, samanlikna med dei forventa resultata i resultatrammeverket.
Den skal også skildre aktivitetane som er gjennomførte, og korleis dei har bidrege til å nå måla for prosjektet.
Bruk dokumentet under.
Budsjett og økonomisk rapport
Når du sender inn sluttrapporten, må du også sende inn den endelege versjonen av budsjettet og den økonomiske rapporten. Bruk rapporteringsmalen i det godkjende rundebudsjettet.
I den økonomiske rapporten må du føre opp dei faktiske utgiftene og samanlikne dei med det godkjende rundebudsjettet.
Du må også sende inn ein ekstern revisjonsrapport som dekker den siste runda.