
Nøkkeltal frå arbeidsutveksling i 2025
Med støtte frå Norec samarbeider organisasjonar på tvers av landegrenser. Gjennom arbeidsutveksling deler deltakarane kunnskap og erfaringar og bidreg til å styrkje organisasjonar og lokalsamfunn over heile verda.
76
prosjekt fekk støtte
190
partnarar
414
personar på utveksling
Sjå resultat frå våre tema
Sterke globale partnarskap for berekraftig utvikling
Alle Norec-prosjekt skal bidra til FN sine berekraftsmål. To av tre prosjekt er retta mot fire av måla, og flest er retta mot god helse og livskvalitet.
Prosjekta som fekk støtte i 2025, var retta mot 14 av dei 17 berekraftsmåla.
Berekraftsmål 3 (god helse og livskvalitet) er størst, med 28 prosent av prosjekta. Deretter kjem berekraftsmål 2 (utrydde svolt) og berekraftsmål 4 (god utdanning) med 13 prosent kvar.
Del av prosjekta som arbeider mot kvart berekraftsmål. Kjelde: Norec sin prosjektdatabase (prosjekt som fekk støtte i 2025).
| Label | Value | Count |
|---|---|---|
| 3. Good Health and Well-Being | 28 | 28 |
| 2. Zero Hunger | 13 | 13 |
| 4. Quality Education | 13 | 13 |
| 5. Gender Equality | 9 | 9 |
| 16. Peace, Justice and Strong Institutions | 9 | 9 |
| 8. Decent Work and Economic Growth | 7 | 7 |
| 13. Climate Action | 7 | 7 |
| 7. Affordable and Clean Energy | 4 | 4 |
| 10. Reduced Inequalities | 4 | 4 |
| 12. Responsible Consumption and Production | 3 | 3 |
| 11. Sustainable Cities and Communities | 1 | 1 |
| 17. Partnerships | 1 | 1 |
| 9. Industry, Innovation and Infrastructure | 1 | 1 |
Kven samarbeider vi med, og kvar?
Dei fleste av Norec sine partnarorganisasjonar er i det globale sør, og fleirtalet er sivilsamfunnsorganisasjonar.
Slik deler partnarane kunnskap
I Norec-prosjekta deler organisasjonane kunnskap og lærer av kvarandre.
Gjennom arbeidsutveksling får dei tilsette ny kompetanse og lærer nye metodar og arbeidsmåtar.
Når tilsette byter arbeidsplass, tek dei med seg fagleg og teknisk kunnskap til vertsorganisasjonen. Dei siste åra har vi sett at denne kunnskapsdelinga også kan føre til endringar i organisasjonane, mellom anna i rutinar, arbeidsmåtar og organisering. Det har særleg styrkt partnarane i det globale sør.
I Norec si partnarundersøking frå 2025 svarte 92 prosent at utvekslinga var viktig for å utvikle kapasitet og byggje kompetanse i organisasjonen. 68 prosent svarte at læringa nådde ut i heile organisasjonen, ikkje berre til dei som reiste på utveksling.
Partnarane blir på førehand einige om kva dei vil lære av kvarandre. Under utvekslinga deler dei tilsette kunnskap og metodar med kollegaene i vertsorganisasjonen og tilpassar dei til lokale forhold.
Utvekslinga av personell har òg bidrege til innovasjon og nye idear. Når organisasjonane deler erfaringar, metodar og perspektiv, kan det føre til nye og betre tilbod, tenester og løysingar. Fleire partnarar har teke kunnskapen inn i faste rutinar, slik at læringa varer over tid og kjem fleire til gode.
Norec gir unge menneske internasjonal arbeidserfaring
Norec har sendt folk på gjensidig utveksling sidan 2001. 13 000 menneske har vore på ei slik utveksling.
Kvart år reiser om lag 400 unge på arbeidsutveksling gjennom prosjekt som Norec støttar. I 2025 var deltakarane i snitt 28 år, og 70 prosent var kvinner. Tre av fire kom frå land i det globale sør. Ei utveksling varte i snitt 7,5 månader.
Til saman arbeidde deltakarane 263 årsverk, om lag 460 000 timar, i prosjekt som bidreg til FN sine berekraftsmål.
Dei som har vore på utveksling, fortel at erfaringa har påverka både yrkesval og utdanning. Mange tek òg med seg kunnskapen og erfaringane tilbake til arbeidsplassen og nærmiljøet.
Om lag 3 000 tidlegare deltakarar er i dag med i Norec-nettverket.
It [the exchange] was almost a 360 degree turn around in my perspective towards development and how my country could be.
Ruth, 14 år etter Norec-utvekslinga frå Kenya til Noreg
75 %
av deltakarane kjem frå eit land i det globale sør
13 000
har vore på utveksling
400
reiser på utveksling kvart år
Læring og ferdigheiter
Dei som reiser på arbeidsutveksling til eit anna land får ny kunnskap og utviklar nye ferdigheiter. Det dei lærer er nyttig både i prosjekta dei jobbar i, for organisasjonane som er involverte, og i den vidare karrieren til den enkelte. Gjennom utvekslinga utviklar deltakarane også kompetanse som er etterspurd i arbeidslivet.
Alle som deltek på ei utveksling gjennom Norec svarar på eit spørjeskjema om kva dei har lært. Her kartlegg dei ferdigheitene dei har utvikla, med utgangspunkt i Global Skills Taxonomy frå World Economic Forum. Rammeverket omfattar 81 ferdigheiter fordelte på ulike kategoriar. Analysane våre viser at mange deltakarar oppgir at dei har utvikla ferdigheiter som er etterspurde i arbeidslivet. Vi arbeider kontinuerleg med å bli betre til å kartleggje kva den enkelte lærer.
I 2025 svarte meir enn 80 prosent av deltakarane at dei var blitt betre til å tilpasse seg, vere fleksible, samarbeide, ha tru på eigne evner og løyse problem. 76 prosent svarte at dei hadde utvikla ferdigheiter innan undervisning og rettleiing, og 75 prosent innan leiing.
98 prosent av deltakarane svarte at dei er blitt meir opne for andre kulturar, har fått større respekt for andre og større forståing for globale spørsmål. 92 prosent svarte at dei har blitt «ein global borgar» gjennom å delta på ei Norec-utveksling.
| Label | Value | Percentage |
|---|---|---|
| Tilpassing/fleksibilitet/samarbeid/meistringstru/kognitive evner: | 80 | 80 % |
| Undervisning, rettleiing, coaching: | 76 | 76 % |
| Leiingsferdigheiter | 75 | 75 % |

Les våre resultathistorier
Les resultathistorier frå våre utvekslingsprosjekt