Frå bikubar til synshjelp: Åtte småprosjekt får støtte frå Norec

Kvinner med albinisme skal få betre synshjelp, bikubar skal halde elefantar unna avlingar og kvinner som har opplevd vald skal få tilgang til psykososial hjelp. Dette er nokre av tiltaka som får støtte når Norec deler ut pengar til åtte nye prosjekt gjennom EtterUtveksling.
Publisert: 26.11.2026
Sist oppdatert: 26.11.2026
– Vi fekk 126 søknadar på årets tildeling. Det er nesten like mange som i rekordåret 2024, då vi delte ut støtte for første gong, seier rådgjevar Shehan Kolambage i Norec.
EtterUtveksling er ei tilskotsordning for små prosjekt. Berre tidlegare Norec-deltakarar kan søkje. Ordninga skal dei moglegheit til å gjennomføre prosjekt som dei fekk ideen til under eller etter utvekslinga.
– For å få støtte, må prosjektet ha ein positiv påverknad i lokalsamfunnet og bidra til å nå eitt eller fleire av FNs berekraftsmål. I årets tildeling har vi særleg lagt vekt på initiativ som fremjar menneskerettar, kvinnerettar og likestilling, klima og miljø, og antikorrupsjon, seier rådgjevar Dilanka Fernando.
Hovuddelen av søkjarane er frå Afrika, men også Asia og Sør-Amerika er representerte.
– Det var svært mange spennande søknadar. Felles for dei åtte prosjekta som får støtte, er at dei har funne ei utfordring som treffer ei sårbar gruppe og har komme med løysingar på problem som kanskje elles ikkje hadde vorte løyste, seier Kolambage.
Totalbudsjettet for EtterUtveksling er på 40 000 dollar. Kvart prosjekt kan søkje om tilskot på mellom 3000 og 5000 dollar.
Første løyvingar til Latin-Amerika
Dei fleste som har søkt om støtte frå EtterUtveksling dei siste åra, har komme frå Afrika. Det speglar at dei fleste tidlegare Norec-deltakarane også kjem frå afrikanske land. I år er Latin-Amerika sterkare representert blant søkjarane.
– To av prosjekta som får støtte, held til i Colombia. Det er veldig kjekt, og det er første gong vi gir støtte til prosjekt i Latin-Amerika gjennom EtterUtveksling. Vi håpar det vil inspirere til endå fleire søknadar frå Latin-Amerika neste år, seier Kolambage.
Støtteordninga EtterUtveksling vart starta som eit pilotprosjekt i 2024. Den gongen fekk Norec 145 søkjarar, fem av desse fekk støtte frå ein pott på 20 000 dollar. I 2025 vart potten dobla til 40 000 dollar, og av 71 søkjarar fekk åtte prosjekt støtte.
Søknadsfristen for EtterUtveksling er i oktober kvart år, og løyvinga vert utbetalt ved årsskiftet. Prosjekta skal gjennomførast i løpet av seks månadar, stort sett mellom januar og juni.
Alle prosjekt må levere skriftleg rapport og økonomirapport ved prosjektslutt, og desse skal godkjennast av Norec.
Her kan du lese om dei åtte prosjekta som får støtte frå Norec:
Skal lære studentar og bønder å dyrke tre og medisinplanter
Ved Mlezu Agricultural College i Zimbabwe vil dei starte ein planteskule for tre og medisinplanter. Her skal studentar og lokale bønder få praktisk opplæring i å dyrke fram tre og medisinplanter og bruke metodar for berekraftig jordbruk.
Målet er å gjere det lettare å få tak i planter, bidra til meir treplanting og skape nye inntektsmoglegheiter. Prosjektet byggjer på kunnskap og erfaringar frå ei Norec-utveksling i Kenya, der prosjektleiaren fekk opplæring i mellom anna planteskuledrift og økologisk dyrking.
I løpet av seks månadar skal dei
- etablere ein planteskule
- dyrke fram 2000 treplanter og 500 medisinplanter
- gi 150 studentar og 60 bønder praktisk opplæring
- plante tre på eit område på éin hektar
Establishing a Tree and Herbal Nursery and Training Centre at Mlezu Agricultural College
Land: Zimbabwe
Sum: 4 660 USD
Mål: Gi studentar og lokale bønder praktisk opplæring i berekraftig jordbruk, bidra til meir treplanting og skape nye inntektsmoglegheiter.
Skal gi valdsutsette kvinner betre tilgang til hjelp
Eit senter i Hai-distriktet i Tanzania skal få utstyr og materiell som gjer det mogleg å gi betre hjelp til kvinner og jenter som har opplevd vald. Prosjektet skal tilby psykologisk behandling og psykososial støtte til 20 kvinner og jenter. Ti unge kvinner skal få opplæring i å gi grunnleggjande støtte og vise andre vidare til relevante hjelpetenester. Gjennom informasjonskampanjar skal prosjektet også nå minst 1500 menneske med kunnskap om vald og psykisk helse.
I løpet av seks månadar skal prosjektet
- gi 20 kvinner og jenter som har opplevd vald, rådgiving og psykososial støtte
- lære opp ti unge kvinner til å gi grunnleggjande støtte og vise andre vidare til hjelpetenester
- nå minst 1500 menneske med informasjon om vald og psykisk helse
- styrkje samarbeidet med tenester som tilbyr rettshjelp og vern
- gjere informasjon om kjønnsbasert vald og psykisk helse tilgjengeleg digitalt
Her Safe Space
Land: Tanzania
Sum: 5 150 USD
Mål: Gi kvinner og jenter som har opplevd vald, tilgang på psykososial støtte og rådgiving, og styrkje den lokale kompetansen på å førebyggje og handtere vald.
Skal lære unge å fortelje historier frå Amazonas
Caquetá-regionen, i den colombianske delen av Amazonas, har eit stort biologisk mangfald. Samtidig har området vorte sterkt påverka av avskoging og tiår med væpna konflikt, noko som har gjort det krevjande å ta vare på mangfaldet.
I prosjektet skal 25 unge vaksne mellom 18 og 30 år få opplæring i foto, film og historieforteljing. Deltakarane arbeider med, eller er engasjerte i tiltak for å verne naturen i Amazonas. Gjennom kurs og praktisk arbeid skal dei lære å planleggje, produsere og dele eigne historier om naturvern og biologisk mangfald. Målet er å gjere lokale miljøinitiativ meir synlege. Prosjektet byggjer på erfaringar frå ei Norec-utveksling i India, der prosjektleiaren arbeidde med filmproduksjon og historieforteljing.
I løpet av seks månadar skal prosjektet
- gi 25 unge mellom 18 og 30 år opplæring i foto, film og historieforteljing
- gjennomføre fysiske og digitale kurs og praktiske samlingar, med mål om at minst 20 deltakarar fullfører opplæringa
- lage 25 audiovisuelle øvingsoppgåver og minst ti ferdige produksjonar for publisering
- arrangere ei avsluttande utstilling og samle produksjonane i eit galleri
- lage ein gratis rettleiar om metodane som er brukte i prosjektet
Through the Eyes of Manigua
Land: Colombia
Sum: 5 150 USD
Mål: Gi unge i Amazonas opplæring I foto, film og historieforteljing, slik at dei kan dokumentere og synleggjere arbeidet med å verne naturen.
Skal bruke volleyball for å gi unge eit trygt fritidstilbod
I Mutare i Zimbabwe skal 220 barn og unge mellom 8 og 21 år få tilbod om organiserte volleyballtreningar. Minst 150 av deltakarane skal vere jenter, og prosjektet skal også leggje til rette for barn og unge med funksjonsnedsetjingar. Treningane skal kombinere volleyball med opplæring i samarbeid, disiplin og det å ta gode avgjerder. Målet er å gi dei unge eit trygt fritidstilbod og eit alternativ til rusmiddelbruk og mangel på organiserte aktivitetar. Prosjektet byggjer på erfaringar frå Norec-utvekslingar i Noreg og Zambia.
I løpet av seks månadar skal prosjektet
- gi 220 barn og unge tilbod om volleyballtrening.
- arrangere treningar kvar veke
- hjelpe deltakarar som ønskjer å satse vidare på volleyball med å få kontakt med lokale klubbar, og støtte dei i å halde fram på skulen
- gi alle frivillige opplæring i korleis dei skal førebyggje og handtere situasjonar som kan setje born og unge i fare
- følgje opp deltakinga gjennom kartlegging av ferdigheiter og samarbeid med skulane
From Exchange to Impact
Land: Zimbabwe
Sum: 5 000 USD
Mål: Gi born og unge eit trygt og inkluderande fritidstilbod gjennom volleyball, der dei kan utvikle ferdigheiter, oppleve meistring og lære samarbeid.
Skal bruke bier for å halde elefantar unna avlingane
I Kajiado i Kenya får bønder som bur nær Amboseli nasjonalpark, avlingane sine øydelagde av elefantar. No skal ti kvinnelege bønder prøve å verne avlingane med bikubar. Elefantar held seg ofte unna bier, og tanken er at bikubane skal hindre dei i å ta seg inn på jordbruksområda.
Prosjektet skal starte på éin gard, der bikubar skal setjast opp som eit vern mot elefantane. Kvinnene skal også få opplæring i birøkt og honningproduksjon. Målet er å redusere skadane på avlingane og skape inntekter frå honningsal. Delar av inntektene skal brukast til å kjøpe bikubar til fleire bønder.
I løpet av seks månadar skal prosjektet
- gi ti kvinnelege bønder opplæring i birøkt
- setje opp bikubar som skal halde elefantar unna avlingane
- produsere og selje honning for å skape inntekter til kvinnene
- etablere ei ordning for fordeling av inntektene frå honningsalet, der delar av pengane går til å kjøpe fleire bikubar.
- undersøkje om ordninga har ført til mindre skade på avlingane, betre pollinering og auka inntekter for kvinnene
The HiveGuard Project
Land: Kenya
Sum: 4 350 USD
Mål: Bruke bikubar til å halde elefantar unna avlingane, redusere konfliktar mellom bønder og elefantar, og gi kvinner nye inntektsmoglegheiter gjennom birøkt.
Skal gi kvinner og jenter med albinisme betre tilgang til synshjelp
Kvinner og jenter med albinisme i Kakamega i Kenya har ofte dårleg tilgang til synshjelp og solvern. Mange har synsvanskar som gjer det utfordrande å lese, gå på skule og jobbe. Samstundes kan solkrem og andre produkt som vernar mot sola, vere dyre eller vanskelege å få tak i. Fordommar og mangel på kunnskap kan gjere det endå vanskelegare å få naudsynt hjelp.
Prosjektet SunSafe Kakamega skal gjere synshjelp og solvern meir tilgjengeleg for kvinner og jenter med albinisme. I tillegg skal prosjektet bidra til å redusere fordommar og gi kvinnene nye inntektsmoglegheiter.
I løpet av seks månadar skal prosjektet
- gi 50 kvinner og jenter med albinisme synsundersøkingar og kartleggje kva synshjelp dei treng
- gi deltakarane råd om korleis dei kan handtere synsvanskar og verne seg mot sola
- hjelpe deltakarane med å få tilgang til briller, synshjelpemiddel og solvern ut frå behova deira
- arrangere tre informasjonsmøte for minst 300 menneske om albinisme, augehelse og inkludering
- gi tre kvinnegrupper opplæring og startutstyr til å produsere eller pakke solkrem og leppepomade, med mål om å skape nye inntektsmoglegheiter
SunSafe Kakamega
Land: Kenya
Sum: 4 450 USD
Mål: Gi kvinner og jenter med albinisme betre tilgang til synshjelp og solvern, redusere fordommar og skape nye inntektsmoglegheiter.
Skal gi kvinnelege sexarbeidarar i Bangladesh betre tilgang til helsehjelp
I bordellområdet Kandapara i Bangladesh skal minst 100 kvinner få informasjon og helsehjelp knytt til seksuell og reproduktiv helse. Prosjektet skal arrangere informasjonsmøte og eit todagars gratis helsetilbod med mellom anna helseundersøkingar, prevensjonsrettleiing og oppfølging av gravide. Kvinner som treng vidare behandling, skal få hjelp til å kontakte offentlege helsetenester. Prosjektet skal også lære opp lokale kvinner som kan dele helseinformasjon vidare. Målet er å gjere helsehjelp meir tilgjengeleg for ei gruppe som møter fleire hindringar i helsevesenet.
I løpet av seks månadar skal prosjektet
- gi minst 100 sexarbeidarar i Kandapara informasjon om seksuell og reproduktiv helse gjennom informasjonsmøte og todagars helsetilbod
- gi kvinnene informasjon om familieplanlegging, trygg graviditet og fødsel, seksuelt overførbare infeksjonar og ernæring
- hjelpe kvinner som treng vidare helsehjelp, med å få kontakt med offentlege helsetenester og følgje opp om dei får hjelp
- lære opp to-tre lokale ressurspersonar som kan dele informasjonen vidare i lokalsamfunnet
- undersøkje om deltakarane har fått meir kunnskap gjennom opplæringa, og dokumentere resultata
Improving Access to Sexual, Reproductive and Maternal Health Care for Women in Kandapara
Land: Bangladesh
Sum: 4 650 USD
Mål: Gi kvinner I Kandapara betre tilgang til informasjon og helsehjelp knytt til seksuell og reproduktiv helse, graviditet og fødsel.
Skal hjelpe kvinneorganisasjonar med å samle inn pengar
Eit kraftig jordskjelv i august 2026 gjorde store skadar i Chocó-regionen i Colombia. Fleire kvinneorganisasjonar har fått øydelagt lokale og utstyr, og nokre har måtta stansa delar av arbeidet sitt. Dette er organisasjonar som gir viktig omsorg og støtte til mellom anna gravide, born, eldre, personar med funksjonsnedsetjingar og kvinner som har opplevd vald.
Gjennom prosjektet Levantemos el Cuidado skal tre kvinneorganisasjonar i Quibdó få hjelp til å samle inn pengar, slik at dei kan byggje opp att og vidareføre omsorgstilboda sine.
Organisasjonane skal få opplæring i digital pengeinnsamling og hjelp til å gjennomføre ein felles, internasjonal innsamlingskampanje.
I løpet av seks månadar skal prosjektet
- hjelpe tre kvinneorganisasjonar i Quibdó med å lage planar for kva dei treng pengar til for å byggje opp att og vidareføre arbeidet sitt
- gi om lag 24 kvinner opplæring i digital pengeinnsamling gjennom to kurs
- produsere tre videoar som fortel om organisasjonane og arbeidet deira
- opprette tre digitale innsamlingssider, ein for kvar organisasjon
- gjennomføre felles innsamlingskampanje med mål om å samle inn 7500 USD frå om lag 190 givarar
- knyte kontakt med minst tre nye samarbeidspartnarar
- lage ein rettleiar om digital pengeinnsamling som også skal delast gjennom Norec-nettverket
Levantemos el Cuidado (Lifting Up Care)
Land: Colombia
Sum: 4 150 USD
Mål: Hjelpe tre kvinneorganisasjonar i Quibdó med å samle inn pengar slik at dei kan byggje opp att og vidareføre omsorgstilboda sine.
Alle summane er inkludert eit administrasjonsgebyr på 150 USD.








