Kompismelding vart starten på fire år i FN

Takka vere ein kompis vart Kristine Sommerset Bjartnes klar over den spennande FN-jobben i New York. Det har gitt henne fire år som juniorekspert innan eit fagfelt ho brenn for.
Publisert: 06.10.2026
Sist oppdatert: 20.10.2026
– Hovudgrunnen til at eg søkte, var fagfeltet. FNs befolkningsfond (UNFPA) jobbar med seksuell og reproduktiv helse og rettar, og det freista meg. Det gjorde heller ikkje noko at stillinga var i New York, fortel Bjartnes (34).
Storbyen kjende ho frå før etter å ha studert ved New York University i eitt år.
– Eg hadde følgt ulike FN-prosessar gjennom jobben eg hadde i organisasjonen Sex og politikk, så eg var allereie litt kjend med både FN og New York då eg søkte på jobben, fortel Bjartnes.
Retten til å bestemme over eigen kropp
FNs befolkningsfond jobbar for å sikre seksuell og reproduktiv helse og rettar for alle menneske i verda. Dei jobbar til dømes for å sørge for at ein kvar fødsel er trygg, at alle har tilgang til prevensjonsmiddel og at ingen vert utsette for kjønnsbasert vald og skadelege skikkar.
Seksuell og reproduktiv helse og rettar er høgt prioritert i norsk utviklingspolitikk. Det handlar mellom anna om retten til å bestemme over eigen kropp, få tilgang til prevensjon og helsetenester, og kunne ta informerte val om seksualitet og reproduksjon. Dette påverkar også moglegheita til å gå på skule, delta i arbeidslivet og bestemme over eige liv.
Samtidig er tema som prevensjon, abort og seksualitetsundervisning omstridde i mange land. Dei siste åra har motstanden mot seksuell og reproduktiv helse og rettar auka internasjonalt.
– Det er eit veldig spennande mandat og felt, men til tider også eit omstridt felt. Eg har vore i eit team som jobbar med heilskapleg seksualitetsundervisning, fortel Bjartnes.
Jobba særleg for å nå sårbare unge
Teamet arbeider med globale retningslinjer for korleis ein skal undervise ungdom om kropp og seksualitet. Dessutan koordinerer dei bistandsprogram som tilbyr ungdom seksualitetsundervisning. Slik undervisning handlar ikkje berre om sex og prevensjon, men også om kropp, relasjonar, grenser, helse og rettar.
– Eg koordinerte og jobba med eit bistandsprogram som er finansiert av Noreg og som handlar om å nå særleg sårbare ungdommar med seksualitetsundervisning, seier Bjartnes.
Særleg sårbare ungdommar er til dømes unge kvinnelege sexarbeidarar, ungdommar som lever i område råka av humanitære kriser eller i rurale område, ungdom med funksjonsnedsetjingar eller unge transpersonar.
Dette er ungdommar som ofte har dårlegare tilgang til både helsetenester og kunnskap om seksuell og reproduktiv helse. Manglande informasjon kan gjere dei meir utsette for mellom anna uønskte graviditetar, seksuelt overførbare infeksjonar, vald og tvang.
– Det er sårbare ungdommar i ganske vanskelege situasjonar. Nøkkelen ligg i at FN samarbeider med lokale sivilsamfunnsorganisasjonar som kjenner konteksten godt og klarar å nå målgruppene, seier Bjartnes.






Viktig å dokumentere resultat
Som koordinator har ho sete på hovudkontoret til FNs befolkningsfond i New York, og etter kvart i Nairobi, då kontoret flytta dit i 2025. Jobben hennar har vore å ha kontakt med landkontora.
– UNFPA har samarbeid med 12 land i dette programmet. Desse leverer planar for korleis prosjekta skal setjast i verk. Jobben vår er å følgje dei opp gjennom året, både med fagleg rettleiing eller andre ting dei treng bistand til, forklarar Bjartnes.
Ein viktig del av jobben er å dokumentere resultat som skal brukast i rapportar.
– Vi skal sørgje for at norske bistandspengar vert brukte på ein god måte, seier Bjartnes.
Gjennom jobben var ho på reise til fleire av landkontora for å treffe kollegaer og partnarorganisasjonar. Mellom anna var ho i Etiopia, Colombia, Moldova, Tunisia og Filippinane i samband med bistandsprogrammet.
– Det var noko av det mest givande med jobben. Folka i sivilsamfunnsorganisasjonane er så kunnskapsrike og tøffe. Tematikken dei jobbar med er i mange tilfelle veldig omstridd i landa dei er i. Det er imponerande korleis dei manøvrerer for å sikre at ungdommane får undervisning, forklarar Bjartnes.
Kva motstanden består i, varierer frå land til land. Nokre land har strenge lover som avgrensar tilgangen på abort eller rettane til seksuelle minoritetar. Andre stadar møter prevensjon, familieplanlegging eller seksualitetsundervisning motstand av religiøse, kulturelle eller politiske grunnar.
Seksuelle og reproduktive rettar er eksistensielle for at unge skal ha kontroll over livet sitt, kunne ta elementære val om kroppen sin og leve liv utan vald og overgrep.
Kristine Sommerset Bjartnes
Stort å få vere del av global rørsle
Å jobbe med ein tematikk som i mange land møter så stor motstand, har gjort sterkt inntrykk.
– Eg har fått jobbe i ein FN-organisasjon som jobbar i kjernen av desse kontroversielle temaa. Å sjå kollegaer og folk i sivilsamfunnsorganisasjonar stå støtt og stødig, uansett kor mykje motbør dei møter, er givande. Det aller største frå tida som juniorekspert har vore å få vere del av ei global rørsle som jobbar for dette, seier Bjartnes.
Ho peikar på at seksuell og reproduktiv helse og rettar er grunnleggjande og eksistensiell for velferd for alle. Og noko ein ikkje skal ta for gitt. Heller ikkje her i Noreg.
– Vi treng ikkje gå lenger tilbake enn til 60-talet. Då var abort ulovleg i Noreg, prevensjonsundervisning sterkt omstridt og langt fleire mødrer døydde i barsel. Desse rettane er eksistensielle for at unge skal ha kontroll over livet sitt, kunne ta elementære val om kroppen sin og leve liv utan vald og overgrep, seier Bjartnes.
Og nettopp trua på at ein kan få til noko, ligg i ryggmergen hennar. Sjølv om ein av og til kan lure på om ein kan oppnå noko ved å sitje på eit kontor langt unna der endringane skal skje.
– For å få til endring må ein ha både folk på bakken som leverer helsetenester og som underviser, men ein må også jobbe for endringar i politikk og system. Endring tek tid, og ein må spele korta rett og jobbe på ulike måtar i ulike land. På dette fagfeltet kan ein ikkje ha ei løysing som passar alle, seier Bjartnes.

Ser lysare på framtida
Ho legg til at fire år som juniorekspert har gitt ho ein solid dose kunnskap innan veldig mange felt. Og så har det gitt henne håp.
– Eg har vorte meir håpefull på vegner av verda, ja. Når ein ser at vi kan få til framsteg i så krevjande samanhengar, så gir det så absolutt håp. Vi må ha tru på og håp for kvarandre, og ikkje late alle som jobbar mot menneskerettar få styre forteljinga, seier Bjartnes.
Sjølv om tida som juniorekspert no er slutt, er Bjartnes slett ikkje framand for ein vidare karriere i FN. Berre ikkje akkurat no.
– Eg kan gjerne jobbe i FN-systemet igjen. Det har vore ein kjempefin arbeidsplass. Men bakgrunnen min er frå sivilsamfunnet, og eg har lyst til å bidra der også, så vi får sjå kva som skjer vidare. Aller først skal eg bruke tre månadar på å skrive ei bok om dette fagfeltet, og det gler eg meg veldig til, seier Bjartnes.
Til deg som lurer på om du skal ta sjansen og søkje på ei JPO-stilling, har ho eit klart råd:
– Søk! Det er ein fantastisk måte å få bidra på, både til eit godt FN og eit spesielt fagområde. Du får innsikt i korleis FN fungerer og du får vere til stades der det skjer, seier Bjartnes.
Dette lurer folk på
FNs befolkningsfond (UNFPA)
FNs befolkningsfond jobbar for å styrke seksuell og reproduktiv helse og rettar, særleg i låg- og mellominntektsland. Organisasjonen byggjer på prinsippet om at alle menneske har rett til å bestemme over eigen kropp og planleggje sin eigen familie. Befolkningsfondet jobbar for å sikre valmoglegheitene for jenter og kvinner.
Målet er å minske talet på uplanlagde graviditetar, betre unge si helse og fremje likestilling. Organisasjonen jobbar også med tema som kjønnsbasert vald, demografi og alderdom, menneskerettar, urbanisering og migrasjon.
FNs befolkningsfond har tre overordna mål:
- Å møte verdas udekte behov for familieplanlegging
- Å få slutt på mødredødelegheit
- Å få slutt på kjønnsbasert vald og skadelege praksisar
Her finn du norskfinansierte stillingar i 2026








