Hopp til hovudinnhald

Norec-nettverket

Nettverk av tidlegare Norec-deltakarar

Norec-nettverket er ein stad å dele erfaringar og utvikle nye idear, eit nettverk for framtida. Meir enn 12 000 personar har delteke i utvekslingsprogram gjennom Norec sidan 1963. Tenk kor mykje de alle kan lære frå kvarandre!

Om nettverket

Sidan 1963 har Norec gjort det mogleg for 12 000 personar å delta i utvekslingsprogram over heile verda. Gjennom desse utvekslingane har dei delt kunnskap og gjort verda til ein betre stad.

Ideen til Norec-nettverket kom då vi spurte oss sjølve: Korleis kan vi få endå større utbytte av kunnskapen til tidlegare deltakarar?

Det enkle svaret er – la oss skape eit nettverk der dei kan møtast, halde kontakten og halde fram med å dele kunnskap på tvers av landegrenser.

Nettverket vart lansert i Nairobi, Kenya, i mai 2023. Per september 2025 hadde nettverket 2300 medlemmer, og talet aukar dagleg.

Ved å bli med i nettverket får du tilgang til:

  • Webinar
  • Nettkurs
  • LinkedIn-gruppe
  • Eigne landnettverk
  • Månadlege nyheitsbrev
  • Tilskotsordninga EtterUtveksling
  • Samlingar, både fysisk og digitalt

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål? Eller har du framleis ikkje fått invitasjon til å bli med i nettverket? Kanskje har du ein skikkeleg god idé til korleis vi kan utvikle nettverket?

Tonje Polden Steinsland
Nettverksrådgivar

Folk i Norec-nettverket

Norec-nettverket har medlemmar frå heile verda, med ulike bakgrunnar og erfaringar. Gjennom «Folk i Norec-nettverket» ønskjer vi å dele nokre av historiene deira.

Dette er ei moglegheit for deg til å bli betre kjend med medlemmane våre. Kvar bur dei i dag? Kva jobbar dei med? Kva kunnskap har dei som kan vere nyttig for deg?

 

Landnettverk

I tillegg til det globale Norec-nettverket har vi også etablert eigne landnettverk. Førebels har vi nettverk i Kenya, Malawi og Uganda.

Kvart nettverk har sitt eige styre og arbeider for å skape aktivitet og spreie kompetansen som medlemmene sit på. Målet er å styrke det lokale engasjementet og legge til rette for nye initiativ.

Alle landnettverk sal ha minst èin aktivitet i året, men dei fleste har fleire. Aktivitetane kan vere alt frå faglege samlingar til sosiale treff.

For å halde kontakten brukar landnettverka eigne WhatsApp-grupper og e-postlister. Bur du i eitt av desse landa og ønskjer å bli med? Send ein e-post til network@norec.no, så hjelper vi deg vidare.

EtterUtveksling

Når du får nye impulsar og ny kunnskap, får du ofte nye og gode idear. Slik er det også for menneske som har vore på utveksling gjennom Norec. Men ofte ender ideen i ein skuff, fordi ein ikkje har midlar til å utføre det ein gjerne har lyst til. Det vil Norec gjere noko med.

Norec vil legge til rette for at nokre av desse ideane kan bli gjennomført. Difor har vi ei støtteordning for vidare samarbeid etter at utvekslinga di er ferdig.

Støtteordninga «EtterUtveksling» starta som eit pilotprosjektet i 2024, der tidlegare utvekslingsdeltakarar som avslutta utvekslinga si i 2023 eller 2024 kunne søke på ordninga. Dette var ein suksess, og fem prosjekt fekk støtte til å setje sine idear ut i live.

Vi vidarefører ordninga i år med søknadsfrist 1. oktober 2025.

Nettkurs

Her finn du ei rekkje nettkurs som er spesielt utvikla for Norec-nettverket

Skal du ut og reise igjen?

Om du skal reise sjølv, eller sende tilsette på utvekslingsprogram til andre land, er det viktig å friske opp relevante ferdigheiter og kunnskap. Tipsa våre bidreg til å halde deg trygg og få mest mogleg ut av opphaldet.

Network News