Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Artikkel som vi testar Tansa med detomdetteom

Her er ein intrduksjonstks med skrivefeil sm Tansa burd plucke upp. La oss sjekke om den gjer det. Hmm

Publisert: 25.03.2024

Sist oppdatert: 18.06.2026

Eg meiner at skulen burde bli flinkare til å lære elevar om korleis ein brukar teknologi på ein smart måte. Mange ungdomar brukar fleire timar kvar dag på mobilen, men det er ikkje alltid dei tenker over kva slags informasjon dei deler eller korleis sosiale medium påverkar dei. Nokre elevar seier at dei blir stressa av å måtte svare på meldingar heile tida, medan andre føler seg utanfor viss dei ikkje er på nettet kvar kveld. Dette er noko lærarar og foreldre burde snakke meir om saman med ungdomane.

På skulen vår har vi hatt fleire diskusjonar om mobilbruk i timane. Nokre meiner at mobilen bør vere heilt forbode, mens andre trur det er betre å lære elevane å bruke den riktig. Eg synest det er viktig å finne ein balanse, fordi mobilen kan vere nyttig til både skulearbeid og kommunikasjon. Samstundes er det lett å bli distrahert av spel, videoar og varslar.

Det hadde også vert bra med meir undervisning om kjeldekritikk. Mange ungdommar trur på ting dei ser på TikTok eller andre nettsider utan å sjekke om informasjonen faktisk stemmer. Derfor treng vi meir kunnskap om korleis ein kan finne truverdige kjelder og forstå forskjellen mellom fakta og meiningar.

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.