Hopp til hovedinnhold
Profilar

Glory lærte opp 300 unge – dei har nådd over 5 000

Ei kvinne held ein plakat.

Det starta med 20 unge under eit utvekslingsår i Kenya. I dag har legen Glory Florentine lært opp 300 unge til å spreie kunnskap om psykisk helse i sine eigne lokalsamfunn. Saman har dei nådd meir enn 5 000 menneske med kunnskap og støtte.

Publisert: 08.10.2026

Sist oppdatert: 10.10.2026

Då Glory Florentine kom til Kenya i 2022, hadde ho andre planar for framtida. Ho ville vidareutdanne seg innan kardiologi. Men gjennom arbeidet hos KFUK-KFUM møtte ho unge og behov som skulle få henne til å velje ei heilt anna retning.

KFUK-KFUM Global hadde på det tidspunktet ikkje eit eige prosjekt innan psykisk helse. Gjennom samtalar, opplæring og ei mindre kartlegging fekk Glory samtidig eit nærare innblikk i utfordringane mange unge stod i.

– Eg såg at vi trong fleire verktøy for å hjelpe, meir opplæring og meir kunnskap om psykisk helse. Då eg kom tilbake til Tanzania, såg eg at vi trong meir av dette der også, seier Glory.

Ho tok derfor initiativ til å lære opp ti unge som para-counsellors, slik at dei kunne gi støtte til andre unge under fagleg rettleiing. Saman gav dei hjelp til meir enn 100 unge. I tillegg lærte ho opp ti unge til å arbeide med kjønnsbasert vald.

– Eg ville skape noko som kunne vare. Eg ville at det skulle vere noko igjen også etter at eg reiste. Derfor lærte eg opp unge som kunne halde fram med arbeidet, seier Glory.

Det som starta som eit tiltak under eitt år på utveksling, skulle også endre retninga på hennar eigen karriere.

Ein lege og ein pasient snakkar saman på eit kontor
Gratis samtale- og rådgivingstilbod ved Jomvu Health Centre i Mombasa i Kenya, under utvekslingsopphaldet til Glory.

– Eg kan gjere meir

Arbeidet med psykisk helse fekk Glory til å revurdere planane om kardiologi. Men ho fortel at det ikkje berre var arbeidsoppgåvene som påverka henne. Like viktig var menneska ho møtte og alt ho fekk sjå gjennom utvekslinga.

– Før var eg mykje i mi eiga verd. Under utvekslinga bygde eg nettverk med mange menneske og fekk høyre om det dei gjorde. Nokre av dei hadde store draumar, og eg begynte å tenkje: Eg trur eg kan gjere meir. Det var som om ein brytar blei slått på, seier ho.

– Utvekslinga fekk meg til å sjå at dette er det eg vil gjere. Eg hadde eigentleg tenkt å gå vidare innan kardiologi, men eg skifta retning til psykisk helse. Erfaringa lærte meg å sjå ting på ein annan måte.

Då ho kom heim til Tanzania, prøvde Glory først å bygge opp arbeid med psykisk helse i organisasjonen ho hadde reist ut frå. Seinare gjekk ho vidare og etablerte MiNova Mental Health Clinic and Foundation.

– Mange av dei eg lærer opp har sjølve opplevd traume. Dei må få hjelp til å bearbeide det dei har vore gjennom, slik at dei også kan hjelpe andre.

Dr Glory Florentine

Dr Glory Florentine

300 unge tek kunnskapen vidare

I 2023 starta Glory MiNova Fellowship, eit gratis opplærings- og mentorprogram for unge. I den første runden deltok 100. I den neste var dei 200.

For Glory handlar opplæringa ikkje berre om å gi dei unge kunnskap dei kan bruke til å hjelpe andre. Mange av dei ho møter, ber sjølve på vanskelege erfaringar og traume. Derfor kombinerer ho opplæringa med mentoring og tilbod om rådgiving.

– Mange av dei har sjølve opplevd traume. Dei må få hjelp til å bearbeide det dei har vore gjennom, slik at dei også kan hjelpe andre, seier Glory.
Deretter skal kunnskapen ut av opplæringsrommet og tilbake til lokalsamfunna.

– Etter opplæringa ber eg dei gå tilbake til lokalsamfunna sine og gjere noko der. Dei får bruke det dei har lært gjennom eigne aktivitetar og workshops, seier ho.

Gruppe mennesker
Opplæring og informasjonsarbeid om psykisk helse blant unge i Tanzania, etter at Glory etablerte MiNova Mental Health Clinic and Foundation.

Digital rådgiving i åtte afrikanske land

Det har gitt ringverknader. Dei 300 unge som har fått opplæring gjennom MiNova, har nådd over 5 000 menneske med kunnskap og støtte knytt til psykisk helse.

Nokre har også starta eigne klubbar og mindre initiativ. Glory fortel om ein av deltakarane som arbeider i eit masaissamfunn. Han driv arbeidet vidare lokalt, sender rapportar om det han har gjort og tek kontakt når han møter problem som er for krevjande å handtere åleine. Då stiller Glory og MiNova opp med fagleg støtte, materiell eller hjelp til opplæring og rådgiving.

– Dei lærer opp andre igjen, og nokre startar små initiativ sjølve. Eg kan ikkje finansiere det dei gjer, men eg kan støtte dei med materiell, vere med på opplæring og hjelpe når dei møter saker som blir for krevjande, seier Glory.

Opplæringa har også kryssa landegrenser. Gjennom digitale kurs har Glory nådd unge i åtte afrikanske land.

Ei kvinne underviser andre kvinner
Opplæring i psykisk helse for tilsette som arbeider med og har omsorg for barn i sårbare situasjonar.

Privat sektor finansierer det ideelle arbeidet

Gratis opplæring, mentoring og psykisk helsehjelp krev ressursar. Glory har derfor bygd opp MiNova med to delar: ein klinikk som sel tenester, og ei stifting som står for mykje av det ideelle arbeidet.

Gjennom klinikken tilbyr Glory og kollegaene hennar mellom anna tenester til bedrifter, som kartlegging av den psykiske helsa til tilsette, opplæring og terapi. Inntektene er med på å finansiere arbeidet i stiftinga.

– Klinikken finansierer stiftinga. Eg opplevde at når ein er avhengig av støtte frå andre organisasjonar, kan ein få beskjed om at det ein ønskjer å gjere, ikkje passar inn i strategien deira, eller at midlane berre kan brukast på bestemte ting. No har eg større rom til å vere kreativ og gjere meir av det eg ser at det er behov for, seier Glory.

Det gjer det mogleg å halde fram med gratis tiltak for unge, samtidig som MiNova har eigne inntekter som kan bidra til at arbeidet varer over tid.

Ei gruppe menneske
Opplæring og informasjonsarbeid om psykisk helse blant unge i Tanzania, etter at Glory etablerte MiNova Mental Health Clinic and Foundation.

Vil bygge eit større tilbod

I dag arbeider Glory og kollegaene både med førebygging og behandling. Dei tilbyr mellom anna psykoterapi og rådgiving til barn og unge som har opplevd traume, omsorgssvikt, tap, avbroten skulegang eller tidleg graviditet. På skular arbeider dei både med elevane og med lærarar som skal møte barn og unge som strevar.

Innan ti år ønskjer Glory å etablere eit større senter for psykisk helse og rehabilitering i Tanzania. Ho fortel at ho gjennom arbeidet sitt møter mange unge som slit med alkohol, og meiner det er behov for betre rehabiliteringstilbod.

– Eg ønskjer å bygge eit mentalhelse- og rehabiliteringssenter. Eg møter mange unge som slit med alkohol, og det manglar gode tilbod. Samtidig må vi halde fram med å spreie kunnskap, slik at folk kan forstå si eiga psykiske helse og vite kvar dei kan få hjelp, seier Glory.

Ambisjonane hennar er større no enn då ho reiste til Kenya i 2022.

– Kvar dag møter eg menneske med store draumar. Eg vil gi dei verktøya dei treng for å nå dei.

To kvinner og ein mann som ser i kamera
Teamet ved MiNova Mental Health Clinic and Foundation i Tanzania.

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.