Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Tanzania får eige landnettverk for tidlegare Norec-deltakarar

24 personar i eig gruppebilde

804 tanzanianarar har vore på Norec-utveksling – fleire enn frå noko anna land. 238 er allereie medlemmer av Norec Network. No skal eit nytt landnettverk kople fleire av dei saman.

Publisert: 06.10.2026

Sist oppdatert: 08.10.2026

I slutten av september møttest 24 av medlemmene i Norec Network i Dar-es-Salaam for å etablere Norec Network Tanzania. I løpet av to dagar delte dei erfaringar, vart kjende på tvers av fagområde og diskuterte kva dei ønskjer å få til saman.

For Aneth Benward Nziku gav møtet med dei andre eit nytt perspektiv på hennar eige arbeid.

– Dette er større enn meg. Når du held på med ditt, kan det kjennast som om du gjer noko stort. Men så møter du alle desse menneska og ser kva dei har fått til. Det gir nye ambisjonar og inspirerer meg til å gjere endå meir, seier Nziku.

Kompetansen i rommet

Dei 24 deltakarane kom frå ulike fagmiljø og hadde med seg svært ulike erfaringar inn i nettverket.

Emmanuel Kihaule vart vald til leiar for det nye nettverket. Han har bakgrunn frå kommunikasjon, juss og media og meir enn 15 års erfaring frå internasjonale organisasjonar og institusjonar i Tanzania, Uganda, Nigeria og Etiopia.

For Kihaule er nettopp breidda blant medlemmene ein av dei største styrkane til nettverket.

– Det har vore inspirerande å sjå kor mykje kompetanse som finst i denne gruppa. Her er ekspertar innan helse, offentleg sektor, klima, energi og kommunikasjon, i tillegg til næringslivsleiarar og folk som arbeider i FN-systemet. Det er denne kunnskapen og erfaringa som kan gjere nettverket sterkt og relevant, seier Kihaule.

Tre personar snakkar
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk
Tre personar som snakkar saman
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk
Mange personar står på ei rekke og smiler
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk
Ei kvinne presenterer i ein mikrofon, medan ein mann ser på.
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk
Tre personar snakkar saman
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk
Ei kvinne presenterer i ein mikrofon, medan ein mann ser på.
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk
To kvinner snakkar saman
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk
To kvinner som snakkar
24 tidlegare Norec-deltakarar var samla i Dar-es-Salaam i september for å lage eit eige landnettverk

Frå idear til handling

Arbeidet med eit eige nettverk i Tanzania starta før samlinga i Dar-es-Salaam.
Elizabeth Zahabu arbeider med kommunikasjon, påverknadsarbeid, samfunnsengasjement og folkehelse, og har vore involvert i dei tidlege diskusjonane om eit eige nettverk for tidlegare Norec-deltakarar i Tanzania. På samlinga vart ho vald inn i styret med ansvar for kommunikasjon.

– Eg ser verkeleg fram til å sjå kva vi kan få til som nettverk – kva aktivitetar vi kan skape, kva vi kan bety for kvarandre, og korleis vi kan gjere ideane vi har utvikla saman, til verkelegheit, seier Zahabu.

På samlinga valde deltakarane også det første styret for Norec Network Tanzania. Emmanuel Kihaule vart vald til leiar, Jackline Chami får ansvar for økonomi og partnarskap, Elizabeth Zahabu for kommunikasjon, Reuben Chacha blir nasjonal koordinator, Elibariki Yerald Tweve får ansvar for monitorering og evaluering, Catherine Isaack blir arrangementskoordinator og George Ndenga styremedlem.

No er det medlemmene sjølve som skal drive arbeidet vidare og fylle nettverket med aktivitet og innhald.

Les meir om Norec Network her.

Sju personar står på rekke
Det ny styret for Norec Network Tanzania. F.v George Ndenga, Elizabeth Zahabu, Jackline Chami, Emmanuel Kihaule (leiar), Catherine Isaack, Elibariki Yerald Tweve og Reuben Chacha.

Kan opne nye dører

Nettverket kan også gi medlemmene tilgang til miljø og moglegheiter utanfor Norec.

Lisa Sivertsen, Counsellor for Governance ved den norske ambassaden i Tanzania, deltok på samlinga. Ho løfta fram kor viktig utveksling mellom menneske – people-to-people exchange – er i internasjonalt samarbeid.

Ambassaden administrerer allereie AlTaNo – Alumni Tanzania Norway – eit nettverk for menneske med tilknyting til både Tanzania og Noreg. Med Norec Network Tanzania er det no to nettverk som kan dra nytte av kvarandre.

Medlemmer av Norec Network kan mellom anna delta på relevante arrangement ved ambassaden, knyte kontakt med AlTaNo-medlemmer og møte andre potensielle samarbeidspartnarar.

– No har vi to nettverk i Tanzania. Vi må sjå på korleis vi kan bruke dei saman og skape gode koplingar mellom dei, seier Sivertsen.

Ei kvinne snakkar i mikrofon medan ei anna kvinne står ved sidan av.
Maiken Solbakken (Norec) og Lisa Sivertsen, Councellor for Governance ved den norske ambass

Fleire land får eigne nettverk

Norec Network vart etablert i 2023 for å knyte saman tidlegare utvekslingsdeltakarar og gi dei ein arena for vidare kontakt, kunnskapsdeling og samarbeid.

Tanzania er det femte landet som etablerer eit eige landnettverk, etter Uganda, Malawi, Kenya og Zambia. Seinare i haust skal det også etablerast nettverk i Nepal og Bangladesh.

For Kihaule er dei mange tidlegare Norec-deltakarane i Tanzania eit stort potensial for nettverket.

– 804 tanzanianarar har vore på Norec-utveksling, medan 238 er med i nettverket i dag. Det betyr at vi framleis har mange å nå. Eg håpar vi kan få fleire med og bruke all den kunnskapen og erfaringa som finst blant tidlegare deltakarar, seier Kihaule.

Fant du det du lette etter?

Meld deg på nyheter og oppdateringer fra Norec

Skriv inn navn og e-postadresse for å motta siste nytt.